Australia




[endre]






























































Commonwealth of Australia

(norsk: Australia, australsk)














Det australske flagget

Det australske riksvåpenet

Flagg

Riksvåpen



Nasjonalsong
«Advance Australia Fair»
Motto
Ikkje noko, men tidlegare «Advance Australia» ('Australia gå framover')

Geografisk plassering av Australia

Offisielle språk

Engelsk

Hovudstad

Canberra

Styresett

Dronning
Generalguvernør
Statsminister


Monarki
Elisabeth II
Peter John Cosgrove
Scott Morrison

Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
7 741 220 km² (6.)
1 %

Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2001)
 – Tettleik
 
23 232 413 (55.)
18 972 350
3 /km² (195.)

Frå Det britiske imperiet
Grunnlov
  Australialova

1. januar 1901
3. mars 1986

Nasjonaldag

26. januar

BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
1 489 000 mill. USD (18.)
68 400 USD (10.)

Valuta

Australsk dollar

Tidssone

UTC +8 til + 11

Telefonkode
+61

Toppnivådomene
.au




Australia er eit land i Oseania som ligg sør for Indonesia og Papua Ny-Guinea. Det er det sjette største landet i verda i areal, og vert òg rekna som eit kontinent. Det bur litt meir enn 20 millionar innbyggjarar i Australia. Den største delen av desse bur i dei store byane som til dømes Sydney, Melbourne, Brisbane, Perth og Adelaide, trass i at landbruk er ei av dei viktigaste inntektskjeldene til landet.




Innhaldsliste






  • 1 Etymologi


  • 2 Historie


  • 3 Geografi


    • 3.1 Statar og territorium




  • 4 Klima


  • 5 Bakgrunnsstoff





Etymologi |


Namnet «Australia» kjem av det latinske ordet australis, som tyder sørleg. Legender om eit ukjent sørleg land, Terra Australis, sirkulerte allereie under Romarriket, og var vanlege i geografien i mellomalderen, men dei var ikkje baserte på noko faktisk kunnskap om kontinentet. Det nederlandske adjektivet australische, i tydinga sørleg, vart fyrst brukt av nederlandske politikarar i Batavia som referanse til det nyoppdaga landet i sør, så tidleg som i 1638. Den fyrste engelske skribenten som brukte ordet «Australia» var Alexander Dalrymple i An Historical Collection of Voyages and Discoveries in the South Pacific Ocean, som vart utgjeve i 1771. Med omgrepet meinte han då heilde det sørlege Stillehavsområdet, og ikkje berre kontinentet som heiter Australia i dag. I 1793 gav George Shaw og James Edward Smith ut boka Zoology and Botany of New Holland, der dei skreiv om «den store øya, eller eigentleg kontinentet, Australia, Australasia eller Ny-Holland».


Namnet «Australia» vart popularisert i boka A Voyage to Terra Australis av Matthew Flinders (1814). Guvernør Lachlan Macquarie av New South Wales brukte sidan ordet i rapportane sine til England. I 1817 tilrådde han å gjere namnet offisielt, og i 1824 gjekk framlegget gjennom.



Historie |


Ein trur at dei fyrste innbyggjarane i Australia kom frå Indonesia for meir enn 50 000 år sidan og spreidde seg ut over heile kontinentet. Den fyrste europearen som at utforska litt av Australia var sannsynlegvis den spanske kapteinen Luis Vaez de Torres, som segla gjennom sundet, som ligg mellom Australia og Ny-Guinea. Dette heiter no Torressundet.


Kontinentet vart oppdaga av den nederlandske oppdagingsreisande Willem Janszoon i 1606, men eigentlege ekspedisjonar til kontinentet vart ikkje byrja før på 1700-talet. I 1770 gjekk den britiske kapteinen James Cook i land i nærleiken av det noverande Sydney og tok den austlege 2/3-delen av kontinentet i Storbritannia sitt eige. I 1788 byrja Australia si tid som straffekoloni, og dette heldt fram til 1868. Etter 1850 fann ei stor innvandring av britar stad.




Ein rekonstruksjon av James Cook sitt skip HMS Endeavour


På 1800-talet vart dei seks delane av Australia styrde som kronkoloniar. New South Wales var den fyrste kolonien i Australia som fekk ei viss grad av sjølvstyre, i 1823, og som i 1855 fekk si eiga grunnlov. I 1859 hadde alle koloniane/områda, bortsett frå Western Australia sjølvstyre. 1. januar 1901 vart det australske statsforbundet grunnlagt, og landet vart ein sjølvstyrande dominion i det britiske samveldet.


Australien deltok i både fyrste og andre verdskrigen og vart bomba av Japan i den siste av dei. Dette gjorde til at Australia endra utanrikspolitisk kurs og fylgde USA både i Koreakrigen og Vietnamkrigen.



Geografi |




Kart over Australia


Dei 7 686 850 km² store landmassane til Australia ligg på den indo-australske plata, og er omgitt av Indiahavet, Sørishavet og Stillehavet. Det er separert frå Asia av Arafurahavet og Timorhavet, har ei kystline på 25 760 km, og gjer krav på ein økonomisk sone på 8 148 250 km², ikkje inkludert det australske antarktiske territoriet.


Verdas største korallrev, Great Barrier Reef, strekkjer seg 2 000 km langs den nordaustlege kysten. Verdas største monolitt, Mount Augustus, ligg i Vest-Australia. Det høgaste punktet er Mount Kosciuszko på 2 229 meter.


Australia er det tørraste folkesette kontinentet, det flataste, og det som har den eldste og minst fruktbare jorda. Berre det søraustlege hjørnet av kontinentet har eit temperert klima, og mesteparten av folkesetnaden bur langs den tempererte og subtropiske kysten i søraust. Den nordlege delen av landet har eit tropisk klima, og vegetasjon med regnskog, skog, slettelandskap, mangrovesumpar, og ørken. Klimaet er sterkt påverka av havstraumar, og spesielt El Niño-fenomenet som fører til periodisk tørke, og tropiske lågtrykkssystem som lagar syklonar i det nordlege Australia.



Statar og territorium |


Australia er ein forbundsstat som består av seks delstatar, to større og fleire mindre territorium:




Australske statar og territorium.

























































Namn
Hovudstad
Areal (km²)
Folketal (2005)
New South Wales Sydney 809 444 6 817 000
Queensland Brisbane 1 852 642 4 000 000
South Australia Adelaide 1 043 514 1 540 000
Tasmania Hobart 90 758 484 700
Victoria Melbourne 237 629 5 038 000
Western Australia Perth 2 645 615 2 051 000
Northern Territory Darwin 1 420 968 201 800
Australian Capital Territory Canberra 2 358 325 100


Klima |


Sjå òg Klima i Australia.

Klimaet i Australia varierer frå nesten tropisk klima i nord til eit mykje meir temperert klima lengst sør. Dei fleste menneska bur på søraustkysten av landet, og her har Great Dividing Range mykje å sei for klimaet. Denne fjellrekkja vernar den søraustlege delen av landet frå den steikande varmen og dei tørre forholda ein har i det store indre område av Australia, kalla Outback. Det meste av Outback kan kallast ørken, men sjølv om dei vanlegvis får svært lite nedbør kan stundom tropiske lågtrykk passere over området og gje mykje nedbør. Dette fører ofte med seg flaum og stengde vegar. Alice Springs, som ligg midt i Outback, fekk 205 mm nedbør på ein einaste dag i mars 1988. Dette er nær same nedbørsmengda byen normal får på eit heilt år!




I skogen i Australia


Toppane av Dividing Range er dei kaldaste stadane i landet om ein ser bort i frå Tasmania, og vêret er nesten maritimt med regn eller snø om lag halvparten av dagane i året. Her er akkurat nok snø til at ein har eit par skistader. Sørover frå fjellområda mot Bass-sundet og Tasmania vert klimaet meir maritimt med kjøligare vêr og regn eller snø om lag annakvar dag. Nordkysten av Australia merkar den indiske monsunen kvart år, og her kan det kome store nedbørsmengder. Så godt som alt kjem derimot mellom desember og april. Vinteren frå mai til oktober er varm og fuktig, men det kjem svært lite nedbør.


Den normale nedbørsfordelinga gjennom året i Australia vert av og til snudd på hovudet av vêrfenomen som tropiske syklonar og El Niño-episodar. Syklonar kan av og til halde seg i nærleiken av landet i dagevis og gje enorme mengder regn på kort tid — av og til opp i 500 mm på ein dag. El Niño fører ofte til tørke i nord og i aust, medan La Niña kan føre til flaum. Skogbrannar herja landet under El Niño-episoden i 1982-83, medan område i New South Wales vart overfløymde av regnvatn under La Niña i 1999-2000. Den kraftige El Niño-episoden i 1997-98 hadde derimot liten påverknad på vêret i Australia.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Australia













Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029