Professor





Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!



Ein professor er ein ekspert i sitt fagfelt.


Professor (av latin profiteri, «offentleg framføre», ein som hevdar offentleg å vere ekspert) er den høgste tittel for ein person som forskar og underviser ved eit universitet eller ved andre høgskular og vitskapelege institusjonar.




Innhaldsliste






  • 1 Professorar i Noreg


    • 1.1 Professor II




  • 2 Professor emeritus


  • 3 Fotnoter





Professorar i Noreg |


I Noreg kan tittelen professor berre nyttast for stillingar på høgste vitskapeleg eller kunstneriske nivå ved universitet og høgskular som er akkreditert som institusjon eller for einskildstudium etter Lov om universiteter og høyskoler. Dette framgår av § 6-7 i denne lova, der det òg er fastsett at departementet kan gje tilsvarande vern til andre titlar på undervisings- og forskerstillingar[1]. For å bli professor krevst det som oftast doktorgrad og omfattande vitskapeleg publisering. Det er no svært sjeldan at ein person utan doktorgrad blir tilsett som professor.


Inntil 1985 var det som hovudregel berre ein professor ved kvart institutt ved universiteta, og vedkommande hadde difor ein meir framståande posisjon. Andre vitskapsmenn med tilsvarande kompetanse vart utnemnt til dosentar. Ved ei reform i 1985 vart alle dosentstillingar ved dei norske universiteta og vitskapelege høgskulane omgjort til professorat. Tittelen dosent vart i ein periode berre nytta ved dei statlege høgskulane, som i høgskuledosent. Frå 2006 er tittelen gjenopptatt som ein tittel tilsvarande professor, men med inngangsløp frå førstelektor og ei noko breiare kvalifiseringsplattform enn professor.


I det norske akademiske hierarkiet rangerer professorar over førsteamanuensar.



Professor II |


Stillinga som professor II er ein vitskapeleg bi-stilling (andrestilling), og rekna til å utgjere 20 % stilling. Slike stillingar vert ofte brukt når universitet og høgskular vil knyte til seg spesialkompetanse frå personar som har hovudsysselsetjinga si på anna hald. Ein professor i andrestilling kan ha hovudsysselsetjing som professor, forskar e.l. ved eit anna universitet eller institutt, som museumskonservator, praktisere som advokat, utøvande kunstnar m.v. Ordninga er framfor alt brukt innan medisin. Dei fleste medisinprofessorar er professor II, og praktiserande lege som har sin hovudsysselsetjing som overlege e.l. ved universitetssjukehus.



Professor emeritus |


Professor emeritus er eit omgrep nytta på ein pensjonert professor. Det latinske leddet emeritus, som tyder uttjent, vert også brukt i andre samanstillingar, mest vanleg som biskop emeritus. I nokre land, som for eksempel i Sverige, er emeritus ein tittel som vert tildelt etter forteneste. I Noreg er bruken av emeritus-tittelen fri.


I latin er forma emeritus ei hankjønn eintalsform. Ein pensjonert kvinneleg professor har etter korrekt latinsk grammatikk tittelen professor emerita. Fleire personar (uavhengig av kjønn) med denne tittelen kan kallast professores emeriti. Det er vanleg å forkorte emeritus/emerita som em., altså professor em.



Fotnoter |





  1. Lov om universiteter og høyskoler




  • Denne artikkelen bygger på «Professor» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mars 2008.





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum