Moss




Denne artikkelen handlar om byen og tettstaden Moss. For kommunen, sjå Moss kommune.













































Moss

By

Moss, Norway.jpg

Moss sett frå Jeløya.

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Østfold

Kommune

Moss

Areal
21,75 km²

Folketal
46 618 (2017)
Folketettleik

2 143 / km²


Innbyggjarnamn
mossing
Preposisjon

i / på Moss


Wikimedia Commons: Moss, Norway


Moss er ein by og administrasjonssenter i Moss kommune i Østfold fylke. Byen strekker seg ut over kommunegrensene og inkluderer også busetnad i kommunane Rygge og Vestby. Delen av byen som ligg i Moss har 30 201 innbyggjarar (2012). Totalt har heile Moss tettstad ei folkemengd på 46 618 innbyggjarar per 1. januar 2017.


Moss ligg på austsida av Oslofjorden og er eit knutepunkt for samferdsel. Byen har ferjesamband over fjorden til Horten i Vestfold fylke, og direkte flysamband til byar i Noreg og Europa gjennom Moss lufthamn, Rygge. I tillegg har byen jernbane, og ligg nært til E 6.


Byen er eit viktig handels- og administrasjonssenter, med eit mangfaldig industri- og handelsmiljø. Moss er sete for fylkesmannen i Østfold og fylkesarbeidskontoret, medan fylkeskommunens administrasjon ligg i Sarpsborg. I byen ligg Sykehuset Østfold Moss og to vidaregåande skolar, Kirkparken VGS og Malakoff VGS, som er drivne av Østfold fylkeskommune.


Moss fekk bystatus i 1720.



Historikk og kultur |


Moss voks opp ved munningen av Mosseelva der det var kverner og saltkokeri alt i mellomalderen, og frå 1500-talet sagbruksdrift og trelasthandel. Moss er omtalt i 1560 som ladestad og blei kjøpstad i 1720 etter at Moss Jernverk var sett i drift i 1704. Jernverket blei lagt ned i 1876, men hovudbygningen, Konventionsgaarden frå 1778, er verna. Det var her Mossekonvensjonen blei underteikna i 1814. Den moderne industrialiseringa starta i Moss i siste tredjedel av 1800-talet med etablering av mellom anna hermetikkfabrikk, fabrikk for oljeklede (Helly Hansen), treforedlingsverksemd (M. Peterson & Søn AS) og glasproduksjon (Moss Glasværk).


På sørsida av Jeløy ligg Alby gård med kunstgalleriet Galleri F 15. Her er det også oppretta eit naturvernsenter. Rød Gård har allsidige kulturaktivitetar. På vestsida ligg Refsnes Gods, som nå er hotell.



Sjå òg |



  • Moss kommune

  • Tettstader i Østfold



Kjelder |



  • Tor Guttu. «På eller i Moss? - Riksmålsforbundet». Riksmålsforbundet. Henta 5. juni 2013. 


  • «Moss» av Geir Thorsnæs / Kunnskapsforlagets papirleksikon i Store norske leksikon, snl.no.


  • «Moss – tettsted» i Store norske leksikon, snl.no.


Bakgrunnsstoff |


  • Nettsidene til Moss kommune



Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Moss








Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum