Oslo Lufthamn






Oslo Lufthamn




Jarnbanestasjonen på Oslo Lufthamn.


Oslo Lufthamn (IATA: OSL, ICAO: ENGM), tidlegare kjend som Oslo Lufthamn, Oslo Lufthamn, Gardermoen, Gardermoen og OSL, er den største og mest trafikkerte lufthamna i Noreg.[1][2] Lufthamna ligg på Romerike nord for Oslo, for det meste på Gardermoen i Ullensaker kommune, men har òg areal i grannekommunen Nannestad.


Jarnbanelina mellom Oslo og Hamar passerer lufthamna, med stasjon under ekspedisjonsbygningen, der både langdistansetoga og lokaltoga på denne strekninga stoggar. Her er dessutan særskild stasjon for høgfartstoget Flytoget mellom lufthamna og Drammen, med stopp på dei store stasjonane undervegs, mellom andre Oslo Sentralstasjon og Nationaltheatret stasjon i Oslo sentrum.


I tidlegare tider var det ekserserplass for kavaleriet på eit av areala der Oslo Lufthamn ligg no. Under den andre verdskrigen bygde den tyske okkupasjonsmakta ein militær flyplass med to rullebaner og hangarar på området, og etter krigen vart denne flyplassen ein av basane for det norske luftforsvaret. På slutten av 1980-talet vart Gardermoen meir og meir nytta til sivil luftfart ved at chartertrafikken vart flytte over hit for å avlaste Oslo lufthamn, Fornebu i Bærum kommune vest for Oslo, som då var hovudflyplassen for Oslo. Somme langdistanseruter til utlandet vart òg flytta til Gardermoen med tida, av di rullebana på Fornebu vart i stuttaste laget for dei store flya som vart teke i bruk, medan rullebana på Gardermoen var lang nok. Lufthamna på Gardermoen opna i si nye form med to rullebaner i 1998, samstundes som Oslo lufthamn, Fornebu, vart lagd ned.



Fotnotar |





  1. Ingvald Bergsagel (10. juli 2013). ««Gardermoen» heter ikke lenger Gardermoen». Aftenposten. Henta 10. juli 2013. 


  2. Lise Rafaelsen (10. juli 2013). «Og du trodde at flyplassen heter Gardermoen?». Dagbladet. Henta 10. juli 2013. 




Bakgrunnsstoff |



  • Nettstaden til lufthamna (Avinor)

    Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.










Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum