John Scofield

















John Scofield

John Scofield Kongsberg Jazzfestival 2017 (190550).jpg
John Scofield på Kongsberg Jazzfestival i 2017
Fødd
26. desember 1951
Dayton
Yrke
gitarist, komponist, jazzmusikar, jazzgitarist

John Scofield på Commons



John Scofield på Moers Festival (2006).


John Scofield (fødd 26. desember 1951) er ein amerikansk jazzgitarist, kjend som ei av dei leiande i verda i sin sjanger. Han har samarbeidd med fleire norske musikarar.




Innhaldsliste






  • 1 Liv og karriere


  • 2 Diskografi


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Liv og karriere |


Scofield blei fødd i Dayton i Ohio og voks opp i Wilton i Connecticut. Elleve år gammal tok han til å spele gitar og spelte i skoleband og ulike rock- og bluesgrupper. Etter at ein lærar gjorde han oppmerksam på Wes Montgomery, Jim Hall og Pat Martino, starta han å spele jazz og frå 1970 til 1973 studerte han jazz ved Berklee College of Music i Boston. Mellom lærarane der var Mick Goodrick og Gary Burton, som Scofield seinare spelte med.


Første gongen jazz-scena blei oppmerksame på Scofield var ein gong han erstatta Goodrick under ein konsert med Gerry Mulligan og Chet Baker i Carnegie Hall. Gjennombrotet i jazzmusikar-kretsar fekk han som medlem i Billy Cobham/George Duke-Band og etter dette fekk han spele med ei rekke namngjetne jazzmusikarar som Charles Mingus, Herbie Hancock, Chick Corea, Joe Henderson (So Near, So Far (Musings for Miles), 1992), Pat Metheny, McCoy Tyner, Bennie Wallace og Jim Hall. Frå slutten av 1970-åra reiste han på turné med Steve Swallow og Adam Nussbaum, og med dei fekk Scofield sitt endelege gjennombrot hos jazzpublikummet.


Frå 1982 og tre og eit halvt år framover samarbeidde han med Miles Davis som var kjend for sin improviserte, funkprega jazz. I Marc Johnson-prosjektet Bass Desires spelte han med gitarkollegaen Bill Frisell. Etter at Scofield underteikna ein kontrakt med Blue Note Records i 1989 (til 1996 og deretter med Verve), starta han og saksofonisten Joe Lovano, ein studiekamerat frå Berkeley, ei gruppe som i kvartett eller kvintett-form høyrde til dei fremste representantane for funkjazzen. Frå 1998 spelte Scofield i ein kvartett med Joe Lovano (ts), Dave Holland (b) og Al Foster (dr), men stod òg på scena med Medeski, Martin & Wood.


I følgje jazzskribenten Richard Cook[1] vert Scofield saman med Bill Frisell og Pat Metheny rekna som den fremste og viktigaste jazzgitaristen sidan Wes Montgomery. Metheny og Scofield spelte inn eit duoalbum saman i 1994.



Diskografi |




John Scofield på Kongsberg Jazzfestival i 2017
Foto: Tore Sætre




  • 1977: East Meets West

  • 1978: Rough House

  • 1980: Bar Talk

  • 1980: Four Keys

  • 1980: Spoons (Who's Who), Sampler

  • 1981: Out Like A Light

  • 1981: Shinola

  • 1982: Solar (zus.mit J.Abercrombie)

  • 1984: Electric Outlet

  • 1986: Still Warm

  • 1987: Blue Matter

  • 1987: Pick Hits - live

  • 1988: Loud Jazz

  • 1990: Flat Out

  • 1990: Time on my hands

  • 1991: Meant to Be

  • 1991: East Coast Blow Out (mit J.Mc Neely, M.Johnson, A.Nussbaum & WDR BigBand)

  • 1992: Grace Under Pressure

  • 1993. Quartet

  • 1993: What We Do

  • 1994: Hand Jive

  • 1994: I can see your House from Here, John Scofield & Pat Metheny

  • 1995: Groove Elation

  • 1996: Quiet

  • 1997: A Go Go

  • 1999: Shortcuts (Jazzpar Combo 1999 - mit Ulrik, Danielsson, Erskine)

  • 2000: Bump

  • 2001: Works for Me

  • 2002: Überjam

  • 2003: Oh!

  • 2003: Up All Night

  • 2004: En route

  • 2005: That's What I Say

  • 2007: This Meets That

  • 2009: Piety Street

  • 2010: 54

  • 2011: A Moment's Peace – (Emarcy)[2]



Kjelder |


  • Denne artikkelen er basert på «John Scofield» frå Wikipedia på tysk, den 25. november 2011.

Referansar




  1. R. Cook Jazz Encyclopedia London 2007; også W. Kampmann Reclams Jazzlexikon Stuttgart 2003


  2. The Guardian vom 19. Mai 2011: A Moment's Peace – Review




Bakgrunnsstoff |



  • Scofield si offisiell heimeside


  • Biografi, diskografi og nyhende på JazzEcho.de


  • Biografi og konsertkritikk på cosmopolis.ch

  • Intervju fra 1991





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum