Molte



































Molte



Rubus chamaemorus close-up.JPG



Systematikk

Rike:

Plantae

Klasse:

Magnoliopsida

Orden:

Rosales
Familie:
Rosaceae
Slekt:
Rubus

Art:

R. chamaemorus

Vitskapleg namn
Rubus chamaemorus

Linné, 1753


Molte (Rubus chamaemorus) er ein plante i rosefamilien. Det gule bæret smakar godt og vert nytta som mat.
Molte er namnet både på planten og bæret. Myrbær er eit anna namn på molte. Det vert særleg brukt om den umogne frukta.




Innhaldsliste






  • 1 Skildring


  • 2 Utbreiing


  • 3 Kultur


  • 4 Bruk


  • 5 Kjelder


    • 5.1 Fotnotar




  • 6 Bakgrunnsstoff





Skildring |


Molteplanten er ein fleirårig urt som gjerne veks på myr. Høgda er 5-20 cm.


Molte har ein krypande jordstengel, og mange blomar kan kome frå same plante. Blomstrane er kvite. På ein enkelt plante er det berre hoblomster eller berre hannblomster, ikkje begge delar. Fruktene, som er samansette av små steinfrukter, vert gule når dei mognar.


Molta har ei karakteristisk utvikling frå blome til mogen frukt.



  • Blomen er open

  • Kronblada fell av, og begerblada, hamsen, let seg att.

  • Frukta startar å vekse, kvit til grøn.

  • Ein ser den harde raude frukta, karten, mellom begerblada.

  • Bergerblada rettar seg ut, Frukta er mogen.



Utbreiing |




Nesseby sitt kommunevåpen.


Molteplanten veks over heile Noreg. Han er å finne i torvmark, på næringsfattig myrjord, og i open skog. I Gudbrandsdalen veks han opp til 1400 m.o.h. På dei høgste veksestadane er plantene ofte sterile.


Elles veks han rund heile den nordlege halvkula. For det meste finn ein molta mellom 55°N og 78°N. I tillegg til Norden, veks han og i Baltikum, gjennom Nord-Russland aust til Stillehavet. Små forekomstar er funne lenger sør, mellom anna i Tyskland. Der kan han finnast i Weser- og Elbe-dalane. I Nord-Amerika veks molte gjennom det meste av Alaska og Canada.



Kultur |


Molta er fylkesblomster i Finnmark. Nesseby kommune har ein molteplante i kommunevåpenet
Den finske 2 euromynten viser molte og molteblome.



Bruk |




Moltekrem


Bæra vert mellom anna brukt til syltetøy og moltekrem. Dei kan òg brukast til å laga likør av. Molte inneheld mykje C-vitamin. Molta har vore viktig for den nordlegaste delen av Noreg. Difor er det forbod mot å plukke molte på annan manns molteland. Dette gjeld i Finnmark, Troms og Nordland[1]. Tidlegare var det forbod mot å plukke moltekart over heile landet. Den lova vart vekkteken då det ikkje ser ut som molteplanten tek skade av kartplukking, noko ein tidlegare trudde.



Kjelder |




  • C. A .M. Lindman: Nordens Flora. Oslo 1977


  • Knut Fægri: Norges Planter Oslo 1970

  • Ørjan Nilsson: Nordisk Fjellflora. Oslo 1995


  • Høeg, Ove Arbo: Planter og tradisjon. Universietsforlaget, 1975. ISBN 82-00-08930-4




  • Denne artikkelen bygger på «Cloudberry» frå Wikipedia på engelsk, den 21. 02.2008



Fotnotar |





  1. Straffelova av 22-5-1902 $ 400




Bakgrunnsstoff |



  • Den virtuella floran om molte

  • Botanisk museum om fylkesblomstrar




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Molte




Wikispecies

Wikispecies har taksonomisk informasjon om Rubus chamaemorus



























Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum