Vorarlberg
Forbundsland i Austerrike | |||||
Hovudstad | Bregenz | ||||
Flatevidd - Rangering i Austerrike | 2 601 km² 8. | ||||
Folketal (2013) - Rangering i Austerrike | 373 058 8. | ||||
Grunnlagd | |||||
Offisielle språk | Tysk | ||||
Landeshauptmann | Markus Wallner (ÖVP) | ||||
Nettstad | www.vorarlberg.at | ||||
| |||||
Vorarlberg er eit forbundsland (Bundesland) i Austerrike. Hovudstaden er Bregenz, arealet er 2 601 km² og folketalet om lag 376 000 (2013). Vorarlberg ligg heilt vest i Austerrike, og har grense til Sveits, Liechtenstein og Tyskland.
Geografi |
Vorarlberg er skild frå forbundslandet Tirol av Arlbergpasset (1 793 moh), som òg er opphavet til namnet på forbundslandet («bortanfor Arlberg»). Største elvane i Vorarlberg er Rhinen (som dannar grense mot Sveits), Ill, Bregenzer Ach og Dornbirner Ach. Høgste fjelltoppen, Piz Buin, ligg på grensa mot Sveits.
Forvaltning |
Vorarlberg er delt opp i fire distrikt (Bezirk) som består av til saman 96 kommunar. Distrikta har namn etter forvaltningsstadene:
- Bludenz
- Bregenz
- Dornbirn
- Feldkirch
Soge |
Då Austerrike-Ungarn gjekk i oppløysing etter den første verdskrigen vart det heldt ei folkerøysting i Vorarlberg i 1919, som gav 80 % fleirtal for å søkja opptak i Sveits. Dette vart det likevel ingenting av, dels grunna ei nølande haldning frå sveitsisk side.¨
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|