Bekkelaget stasjon




Koordinatar: 59°53′0″N 10°46′13″E




Bekkelaget stasjon i 1903.
Foto: Anders Beer Wilse / Oslo Museum





Kristiania. Bækkelaget.


Bekkelaget stasjon (opphavleg namn: Bækkelaget) var ein jarnbanestasjon på Østfoldbanen i Oslo kommune, opna i 1879. Stasjonen låg 3,950 kilometer frå Oslo sentralstasjon. Etter at eit leirras 7. oktober 1953, det såkalla Bekkelagsraset, hadde rive med seg både hovudvegen inn til Oslo frå sør, Mosseveien, og jarnbanelina rett sør for stasjonen, måtte jarnbanelina leggjast i tunnel i fast fjell på strekninga. Arbeidet med tunnelen hadde allereie byrja då raset gjekk, men tunnelen vart likevel ikkje ferdig før i september 1958. På grunn av tunnelen måtte stasjonen erstattast av ein ny Bekkelaget haldeplass ved tunnelmunningen, 4,30 kilometer frå Oslo S, og den gamle stasjonsbygningen vart rive ned og seld som byggjematerialar. Ei hytte i Tvedestrand vart bygd i 1960 med tømmer frå stasjonsbygningen, og deler av bygningen er òg nytta i ei hytte i Gudbrandsdalen. Haldeplassen ved tunnelmunningen vart lagd ned i 1983.



Kjelder |



  • Bekkelagshøgdas lokalhistoriske forening om Bekkelaget stasjon.

  • Norsk Jernbaneklubb: Bekkelaget stasjon





Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

What is the offset in a seaplane's hull?

How were these pictures of spacecraft wind tunnel testing taken?