Vågsøy
Vågsøy | |
---|---|
Hendanes på Vågsøy. | |
Geografi | |
Stad | Nordfjord |
Koordinatar | Koordinatar:
|
Høgaste punkt | Veten (613 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Største busetnad | Måløy (3 252 innb.)
|
Vågsøy er ei øy i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane. Øya utgjer grovt rekna halvparten av Vågsøy kommune. Største tettstaden på øya er Måløy, søraust på øya, som fekk bystatus i 1997 (3 252 innbyggjarar). Andre tettstader er Raudeberg (664 innbyggjarar), Holevik (314 innbyggjarar) og Vågsvåg (204 innbyggjarar).
Det høgste punktet på øya er Veten, 613 meter over havet. Øya er skild frå fastlandet av Ulvesundet og er knytt til fastlandet med Måløybrua. Langs kysten av Vågsøy ligg Kråkenes fyr, Skongenes fyr og Hendanes fyr.
Frå 1910 til 1964 var øya delt mellom dei to kommunane Sør-Vågsøy og Nord-Vågsøy. Måløy var administrasjonssenter for Sør-Vågsøy, og Raudeberg for Nord-Vågsøy.
|