Vinje kommune




«Vinje» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Vinje (fleirtyding).































































Vinje kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Telemark


Adm.senter

Åmot

Areal
3 106 km²
 - land
2 740 km²
 - vatn
366 km²

Folketal
3 709 (1. januar 2018)
Folketettleik

1 / km²



Målform
nynorsk

Ordførar
Jon Rikard Kleven (Sp)


Kommunenr.
0834




NO 0834 Vinje.svg




Wikimedia Commons: Vinje

Nettstad: www.vinje.kommune.no


Vinje kommune er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen ligg lengst nordvest i fylket og grensar i sør til Tokke, i aust til Tinn og Seljord, i nord til Nore og Uvdal i Buskerud og i vest til Bykle i Aust-Agder, Suldal i Rogaland og Odda, Eidfjord og Ullensvang i Hordaland. Han er den einaste kommunen i Noreg som grensar til fire fylke. Kommunen har sine nåverande grenser frå 1964, då dei tidlegare kommunane Rauland og Vinje vart slegne saman.


Vinje er etter Rendalen den største kommunen i Sør-Noreg i høve flatevidd og han er til dømes større enn Vestfold fylke. Administrasjonssenteret i kommunen er Åmot. Lokalavisa er Vest-Telemark Blad, som kjem ut tre gonger i veka.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Næringsliv


  • 3 Samferdsel


  • 4 Kultur


    • 4.1 Kommunenamn og -våpen




  • 5 Kjende personar frå Vinje


  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff





Geografi |




Frå Ståvatn i Vinje.


Fleire dalar går gjennom Vinje i sør og aust, og i dalane er det rikeleg med skogsstrekningar. Den nordvestre delen av kommunen ligg i Hardangervidda, det meste av dette som ein del av Hardangervidda nasjonalpark. Kommunen har ein om lag 90 000 daa stor eigedom i nasjonalparken, Berunuten Vest, med seks hytter til bruk for alle som måtte koma forbi. Eigedomen vart kjøpt frå brukseigaren Treschow i Larvik i 1979.


Busetnaden i Vinje fylgjer dalane. Folketettleiken er låg, med om lag 1,2 innbyggjarar per km². Europaveg 134, fylkesveg 37 og fylkesveg 38 møtest ved kommunesenteret Åmot, som er den einaste tettstaden i kommunen. Elles er busetnaden i kommunen spreitt, men samlar seg til dels omkring Krossen i Rauland og Edland/Haukeligrend.


Opp mot fjellområda finst det fleire større vatn, mellom anna Møsvatn som er eitt av dei største vatna i Telemark. Møsstrond kyrkje er den høgstliggjande kyrkja i Noreg og ligg på øya Hovden i Møsvatn. Det høgste fjellet i Vinje er Vassdalseggi på 1658 moh., som ligg på grensa mot Rogaland. Vassdraga i kommunen har gjeve gode føresetnader for kraftutbygging.



Næringsliv |





Bora er ei av mange elvar i Vinje som er bygd ut for utvinning av vasskraft.


Skog- og jordbruk med hald av husdyr er viktige næringar i kommunen. Vinje er den kommunen med flest hytter i Telemark, og mange vel å kombinere jordbruk med gardsturisme og utleige av hytter. Industrien i kommunen er liten og femner noko verkstad-, trevare- og møbel- og næringsindustri. Fleire av vassdraga i Vinje er utbygde, og fire kraftverk i kommunen har ein produksjon på kring 1,9 TWh i året.


Kommunen har i fleire år hatt god økonomi. I 2002 var frie inntekter per innbyggjar 33 478 kr, mot snittet i landet på 24 771 kr. Dette kjem i hovudsak av kraftinntekter frå Tokke-utbygginga på 60- og 70-talet. Innbyggjarane i kommunen nyt framleis godt av dette gjennom låge straumprisar. I tillegg er store fjellområde mot Hardangervidda utbygde av dampprosjekt som Songavatn og Møsvatn.


Den største arbeidsgjevaren i Vinje er kommunen, og attføringssenteret i Rauland er den største private arbeidsgjevaren. 39,4% av dei sysselsette jobbar i offentleg administrasjon. Skular i kommunen er Edland skule, Rauland skule, Vinje oppvekstsenter, Øyfjell oppvekstsenter, Åmot skule. Av andre viktige arbeidsgjevarar kan nemnast Qmatec Drilling.



Samferdsel |


Fleire viktige vegar går gjennom kommunen, mellom anna Europaveg 134 frå Drammen til Haugesund, som er det sentrale sambandet mellom Aust- og Vestlandet sør for Hardangervidda. Vegen fylgjer dalføret til Vinjeåi frå Åmot og nordvestover. Riksveg 9 tek av frå Haukeli til Kristiansand. Frå Åmot tek fylkesveg 37 av nord mot Rauland-Rjukan og fylkesveg 38 sørover mot Dalen-Vrådal.



Kultur |





Midtbø var heimen til forfattarane Halldis og Tarjei Vesaas frå 1934.


Krossen er sentrum i Rauland, og her har Raulandshuset og Rauland kunstmuseum samla verka til Dyre Vaa og Knut Skinnarland i to galleri. På Plassen i grenda Vinje står Vinjestoga, barndomsheimen til Aasmund Olavsson Vinje, og like attmed er det reist eit monument til minne om han. I Åmot står to monument av Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas.


I Smørklepp er fleire verk av Henrik Sørensen og Harald Kihle samla i galleriet Vinje Biletgalleri. Litteraturdagane i Vinje blir skipa til kvar september, og om vinteren trekkjer skistadene Rauland og Haukeli til seg turistar kvart år.



Kommunenamn og -våpen |


Namnet Vinje stammar frå norrønt vin, som tyder eng. Ein person frå Vinje blir gjerne kalla ei vinbyggje (f), ein vinbygge (m) eller fellesnemninga vinbygg.


Kommunevåpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon den 16. november 1990 og har ein sølv geitebukk på blå grunn. Motivet symboliserer saue- og geitehald og høgfjellsnatur.



Kjende personar frå Vinje |




Aasmund Olavsson Vinje




  • «Myllarguten» Targjei Augundsson (1801–1872), artist


  • Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870), forfattar


  • Aslaug Vaa (1889–1967), forfattar


  • Olav Versto (1892–1977), stortingsrepresentant


  • Tarjei Vesaas (1897–1970), forfattar


  • Aslak Brekke (1901–1978), kvedar og folkesongar


  • Dyre Vaa (1903–1980), bilethoggar


  • Halldis Moren Vesaas (1907–1995), forfattar


  • Aslak Versto (1924–1992), ordførar, stortingsrepresentant og motstandsmann


  • Olav Vesaas (1935), journalist og forfattar


  • Guri Vesaas (1939), forlagsredaktør


  • Sondre Bratland (1938), kvedar, songar og songpedagog


  • Olav Versto (1950), journalist, redaktør


  • Stein Versto (1957), forfattar


  • Yasmin Syed (1966), skodespelar, artist og kanalvert


  • Sven Erik Kristiansen «Maniac» (1967), artist


  • Odd Nordstoga (1972), artist


  • Terje Håkonsen (1974), snøbrettkøyrar


  • Ingebjørg Bratland (1990), songar


  • Marthe Kristine Nordjordet (1996), songar



Kjelder |




  • Geir Thorsnæs (15. februar 2009). «Vinje – Telemark». Store Norske Leksikon. Henta 11. september 2010. 


  • Eirik Helleve (28. oktober 2010). «Vinje kommune, Telemark». Allkunne. Henta 11. september 2010. 



Bakgrunnsstoff |



  • Nettsidene til Vinje kommune


  • Vest-Telemark Blad - Lokalavis i Vinje


  • Historiske arkiv etter nåverande Vinje kommune på Arkivportalen


  • Historiske arkiv etter tidlegare Vinje kommune på Arkivportalen


  • Historiske arkiv etter tidlegare Rauland kommune på Arkivportalen









Koordinatar: 59°34′9.3″N 7°59′20.3″E





Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029