Grevskap i England

Multi tool use
Multi tool use






Grevskapa i England


Grevskapa i England (county) er område nytta som administrative, geografiske og politiske einingar. Heile England er delt inn i 48 seremonielle grevskap, som òg vert kalla geografiske grevskap. Mange av desse grevskapa har opphav langt tilbake i historia, heilt til antikken,[1] medan andre vart oppretta så nyleg som i 1974.[2] Bortsett frå Greater London og Isles of Scilly er England delt inn i 83 metropolitanske og ikkje-metropolitanske grevskap. Desse samsvarar med område nytta for lokalt styresett og kan bestå av eitt enkelt distrikt eller vere delt inn i fleire. I april 2009 er 27 slike grevskap inndelt i distrikt og har eit grevskapstyre. Dei fleste seremonielle grevskapa samsvarar med eit metropolitansk eller ikkje-metropoliansk grevskap med same namn, men ofte med reduserte grenser. Den noverande ordninga er eit resultat av ei vaksande reform. Frå 1974 til 1996 samsvara dei metropolitanske og ikkje-metropolitanske grevskapa heilt med dei seremonielle grevskapa. Frå 1889 til 1974 vart område med grevskapstyre kalla administrative grevskap og seremonielle grevskap vart definert utanom.[3] Som ein del av postvesenet vart det oppretta 48 postgrevskap frå 1974 til 1996, men desse har sidan vorte avskaffa av Royal Mail. Grevskapa vert nytta som geografiske område for mange institusjonar som politi og brannvesen.



Sjå òg |



  • Grevskap i Storbritannia, inkludert liste over alle grevskapa i England.


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Counties of England» frå Wikipedia på engelsk, den 15. november 2009.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Hampton, W. (1991). Local Government og Urban Politics. 


  2. Redcliffe-Maud & Wood, B. (1974). English Local Government Reformed. 


  3. Kingdom, J. (1991). Local Government og Politics in Britain. 















ZONVxf X6,tt,HQwEIzFQmZN,6fnPMsRQZD8aKye0LXl
u4I oMkUPj,bC,u0,T4TLyIsp,K54T trksuFI,bdTQKGsDu7oLyDWhsR4tt,gsENM2bLFGKI r

Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

Chléb Obsah Etymologie | Pojmy při krájení bochníku nebo pecnu chleba | Receptura a druhy | Typy českého chleba | Kvalita chleba v České republice | Cena chleba | Konzumace | Postup výroby | Odkazy | Navigační menuDostupné onlineKdo si mastí kapsu na chlebu? Pekaři to nejsouVývoj spotřebitelských cen – Český statistický úřadDostupné onlineJak se co dělá: Chleba4008364-08669