Eksil

Multi tool use

Protestantar frå Salzburg tvinga i eksil. Bilete frå rundt 1732.
Eksil, utlegd eller landflyktigheit er det å leva utanfor heimlandet sitt. Omgrepa blir ofte brukt om dei som er tvinga til å forlata landet, anten fordi dei er dømde til det som straff eller fordi dei sjølv meiner dei ikkje kan vera trygge der.

Napoleon i eksil på St. Helena måla av Franz Josef Sandmann rundt 1820.
Eksil kan òg brukast i lausare tyding om folk som meir frivillig har busett seg utanlands, men held på den nasjonale identiteten sin, til dømes «eksilnordmenn» eller «eksilfinnar». Dersom store delar av ei folkegruppe dreg i eksil blir dei kalla ein diaspora.
Sjå og |
- Flyktning
Ostrakisme
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|
idnewW9