Vågsøy kommune


































































Vågsøy kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Sogn og Fjordane


Adm.senter

Måløy

Areal
177 km²
 - land
171 km²
 - vatn
6 km²

Folketal
6 001 (1. januar 2018)
Folketettleik

35 / km²



Målform
nynorsk

Ordførar
Kristin Maurstad (Ap)


Kommunenr.
1439




NO 1439 Vågsøy.svg




Wikimedia Commons: Vågsøy

Nettstad: www.vagsoy.kommune.no


Vågsøy er ein kommune som ligg nordvest i Nordfjord i Sogn og Fjordane fylke, sør for Stad. Vågsøy er òg namnet på den største øya i kommunen. Kommunesenteret er Måløy, som fekk bystatus i 1997 saman med bygdene Degnepoll og Holvik. Kommunen grensar til Bremanger i sør, Vanylven og Eid i aust og Selje i nord.




Måløy




Innhaldsliste






  • 1 Kommunikasjon


  • 2 Næring


  • 3 Kommunen i dag


  • 4 Tettstader


  • 5 Store hendingar


  • 6 Arkiv frå Vågsøy kommune


  • 7 Bakgrunnsstoff





Kommunikasjon |


Byen Måløy ligg ved Ulvesundet, og byen og øya er knytte til fastlandet med Måløybrua på 1224 meter over til Degnepoll. Etter 5 mil langs Riksveg 5 og Riksveg 15 til Nordfjordeid følgjer vegsambandet sør og nordover Europaveg 39 medan Riksveg 15 fortset austover om Stryn og møter Europaveg 6 ved Otta.


Hurtigruta går innom Måløy fast. Det er snøggbåtsamband nordover til Selje og sørover til Florø og Bergen.



Næring |


Hovudnæringane er fiskeri, fiskeoppdrett og skipsverft. Det er meir enn 1 000 arbeidsplassar i fiskerinæringa på sjø og land, og her er eit av dei mest moderne fiskeindustrianlegga i Noreg. Kommunen er den største fiskerikommunen i landet når det gjeld landa kvantum i året (350 000 tonn (2002)). Målt i fyrstehandsverdi er han nr. 3 (etter Ålesund og Tromsø).



Kommunen i dag |


Då formannskapslovene vart innførte i 1837 var Vågsøy og Selje ein kommune. Selje var både kyrkjestad og administrasjonssenter.


I 1900 vart Vågsøy skilt ut som eige kyrkjesokn og i 1910 vart òg kommunegrensene lagde om. Det vart oppretta to nye kommunar: Sør-Vågsøy og Nord-Vågsøy. Måløy vart administrasjonssenter for Sør-Vågsøy, Raudeberg i Nord-Vågsøy.


I 1965 vart dei to kommunane slått saman, kommunegrensene vart justerte noko og Måløy vart felles administrasjonssenter.


Bygdene Sørpoll, Osmundsvåg og Silda i nord er no ein del av Vågsøy. I sør er øyane Husevågøy og Gangsøy i Fåfjorden lagde til kommunen. I aust vart Bryggja og Maurstad delar av Vågsøy då Davik kommune vart nedlagt.



Tettstader |



  • Bryggja

  • Holvik

  • Måløy

  • Raudeberg

  • Vågsvåg



Store hendingar |


Måløy var hovudhamn for Tall Ships’ Race i 2008.



Arkiv frå Vågsøy kommune |


Kommunale arkiv. Henta frå Arkivportalen.no


Privatarkiv. Henta frå Arkivportalen.no


Statlege arkiv. Henta frå Arkivportalen.no



Bakgrunnsstoff |



  • Vågsøy kommune

  • http://www.vivest.no/vaagsoy.html





















Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum