Skjåk kommune


































































Skjåk kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Oppland


Adm.senter

Bismo

Areal
2 076 km²
 - land
1 977 km²
 - vatn
99 km²

Folketal
2 179 (1. januar 2018)
Folketettleik

1 / km²



Målform
nynorsk

Ordførar
Elias Sperstad (Sp)


Kommunenr.
0513




NO 0513 Skjåk.svg




Wikimedia Commons: Skjåk

Nettstad: www.skjaak.kommune.no


Skjåk er ein kommune og fjellbygd i Oppland. Kommunen ligg lengst vest i Ottadalen. Han grensar i nord til Norddal, Rauma og Lesja, i aust og søraust til Lom, sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Kommunen ligg mellom fjellpartia Breheimen og Reinheimen. Bismo er eit moderne bygdesenter der dei fleste har arbeid i industri, handel og tenesteyting.


Bygda ligg langs ein av dei viktigaste ferdselsårane frå austlandet, til Stryn og Nordfjord, Geiranger og Sunnmøre, saman med dei andre Ottadalskommunane i aust, Vågå og Lom. Landbruksbygda med mange gardar ligg i eit breitt dalføre med høge fjell på begge sider, furumoar og bratte lier. Ottaelva renn gjennom dalen. Viss du kjem frå vest over Strynefjellet eller frå Geiranger vil du køyre forbi Grotliområdet og Billingsdalen med høgfjell og mange vassdrag før du etter kvart kjem til bygdesenteret Bismo.
Skjåkbygda ligg i regnskuggen for nedbør, og har den lågaste nedbøren i landet med 278 mm i året. Dette har tvinga bygdefolket til løysingar for kunstig vatning med vatn leidd frå fjellet gjennom innfløkte ordningar.


Kjende produkt frå Skjåk er marknadsførte som skjåkmjøl, skjåkpølse, skjåkskinke og skjåkpanel. Skjåkmøbler AS lagar møblar. I kommunen driv ein òg med tradisjonsrike handverk som lafting, treskurd og rosemåling.




Innhaldsliste






  • 1 Kjende personar frå Skjåk kommune


  • 2 Bilete


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff


  • 5 Fotnotar





Kjende personar frå Skjåk kommune |




  • Jan Magnus Bruheim, forfattar


  • Magnhild Bruheim, forfattar


  • Fel-Jakup, spelemann


  • Aslaug Høydal, forfattar


  • Ola Olsson Lykre, bonde


  • Skjåk-Ola (1744-1804), treskjerar


  • Tore Ørjasæter, forfattar


  • Kristian Vangsbakken, motorcrossutøvar

  • Vass-Per

  • Sylvester Sivertson


  • Ola Stein Harsheim, kaptein



Bilete |




Kjelder |


  • Nettstaden til Skjåk kommune


Bakgrunnsstoff |




  • Skjåkportalen, nyheiter og anna om Skjåk

  • Eldre fotografi frå Skjåk på nettstaden til Nasjonalbiblioteket

  • «Skjåk» på Lokalhistoriewiki



Fotnotar |














Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum