Astronomi




Astronomi (gresk) stjernekunne'
') er vitskapen om himmellekamane.


Astronomien undersøker planetar, stjerner og andre objekt i universet, altså den samla kosmiske materien, tilstanden hans, korleis han er fordelt, danna, har utvikla seg, og rører på seg. Fysikken har tette band med astronomien. Mange fysiske oppdagingar kjem frå astronomiske observasjonar. Nokre viktige strukturar er solsystem og galaksar.


Astronomi er eit av dei få vitskaplege felta der amatørar enda spelar ein aktiv rolle, framfor alt i oppdaging og observering av tilfeldige fenomen som, til dømes, kometar. Astronomi skal ikkje forvekslast med astrologi, som er ein pseudovitskap der ein prøver å føreseie lagnaden til menneska gjennom å fylgje banane til himmellekamane. Dei to har liknande røter (studien av himmelen og himmellekamane) men skil seg markant i at astronomane bruker vitskaplege metodar og fakta som kan verifiserast, mens astrologar ikkje gjer det.


Astronomien var ein av dei første empiriske vitskapane, det vil seie ein vitskap der ein baserer teoriar på observasjon av faktiske hendingar i staden for filosofiske resonnement. Dette leidde til djupe konfliktar med den katolske kyrkja, som såg på filosofiske studium av Bibelen som den einaste kjelda til kunnskap, og mange tidlege astronomar som til dømes Galileo Galilei og Nikolaus Kopernikus blei forfølgde og skulda for kjetteri av kyrkja. Andre tidlege astronomar blei tvinga til å ta tilbake eller tilpasse teoriane sine for at dei skulle passe med kyrkjas verdsbilete.




Innhaldsliste






  • 1 Spesialområde


  • 2 Metode


  • 3 Sjå au


  • 4 Bakgrunnsstoff





Spesialområde |



Astrometri

Astrofysikk

Himmelmekanikk

Astronautikk

Stellardynamikk

Stellarstatistikk

Solforsking

Planetologi

Kosmologi



Metode |



Teleskop

Fotometri

Spektroskopi

Radioastronomi



Sjå au |



  • Astronomiens historie

  • Liste over kjente astronomar

  • Romfart

  • Astronomiske satellittar



Bakgrunnsstoff |



  • Astronomiske nyheter på norsk

  • Astronomy Picture of the Day

  • Google: Astronomy

  • Google: School time: Astronomy and Space

  • Astronomy Notes





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum