Visjnu
Visjnu, òg stava Vishnu (devanagari विष्णु, Viṣṇu) er ein av dei viktigaste gudane i hinduismen. Konene hans er Laksjmi og Bhumidevi. Han vert sett på som oppretthaldaren av ordenen i verda, som i hinduismen vert kalla for dharma. Det vil seie at han held på balansen mellom godt og vondt. Dersom det vonde skulle kome til å ta overhand, kjem Visjnu ned i form som ein av hans ti avatarar. Dei to viktigaste avatarane til Visjnu er Rama og Krishna. Han rir på den store ørna Garuda, eller på den enorme slangen Sjesja saman kona si. Visjnu vert gjerne framstilt med fire armar og som ein Gud fylt av kjærleik og medkjensle. Dei som tilber Visjnu, eller former av han, vert kalla visjnuittar og utgjer om lag 70 % av alle hinduane.
Hindugudar | ||
---|---|---|
Trimurtien: | Brahma · Visjnu · Sjiva | |
Avatarar av Visjnu | Matsya · Kurma · Varaha · Narasimha · Vamana · Parasjurama · Rama · Krisjna · Balarama eller Buddha · Kalki | |
Andre kjende gudar | Dattatreja · Ganesja · Garuda · Hanuman · Kama · Murugan · Nandi | |
Landsbygudar, lokale gudar og vernegudar | Ajjanar · Ajjapppan · Aravan · Dikpala · Muthappan |
Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|