Tom Petty and the Heartbreakers



































Tom Petty and the Heartbreakers
Tompetty indy.jpg
Tom Petty and the Heartbreakers i Indianapolis 23. juni 2006
Opphav
Gainesville i Florida i USA
Aktiv 1976 til i dag
Sjanger
Rock, heartland rock, bluesrock, hardrock
Tilknytte artistar
Mudcrutch, Traveling Wilburys, Blue Stingrays, Jeff Lynne, Stevie Nicks
Plateselskap
Shelter, Backstreet, MCA, Warner Bros.
Medlemmer
Tom Petty
Mike Campbell
Benmont Tench
Ron Blair
Scott Thurston
Steve Ferrone
Tidlegare medlemmer
Stan Lynch
Howie Epstein
Dave Grohl

Tom Petty and the Heartbreakers er eit USA-amerikansk rockeband frå Gainesville i Florida. I 1976 var den første besetninga til bandet Tom Petty som vokalist og gitarist, Mike Campbell som sologitarist, Ron Blair på bass, Stan Lynch på trommer og Benmont Tench på klaverinstrument. Bandet har i stor grad halde seg til denne besetninga, med nokre få unntak. I 1982 var Blair lei av turnélivet og slutta, og vart erstatta av Howie Epstein, som var med bandet dei neste 20 åra. Blair kom attende til the Heartbreakers i 2002, året før Epstein døydde. I 1994 slutta Lynch i bandet, og vart erstatta av Curt Bisquera og Steve Ferrone.


Tom Petty and the Heartbreakers var fremste rekkje for heartland rock-rørsla, i lag med artistar som Bruce Springsteen og Bob Seger, som oppstod seint i 1970-åra og 1980-åra. Sjangeren unngår synthesizer-basert musikk og moteelement som vart populære i 1980-åra, som synthpop og New Romanticism til fordel for ein meir beintfram klassisk rock-stil og forteljande tekstar om arbeidarsaker. Petty and the Heartbreakers er kjend for hitsinglar som «American Girl», «Breakdown», «The Waiting», «Learning to Fly», «Refugee» og «Mary Jane's Last Dance». Sjølv om heartland rock-rørsla rann ut i sanden i 1990-åra, var bandet framleis aktivt og populært. Dei turnerer framleis og speler inn album. Det nyaste albumet, Hypnotic Eye, kom ut den 25. juli 2014.[1] Tom Petty and the Heartbreakers har seld meir enn 80 millionar plater verda over, og dei er derfor eit av dei bestseljande banda gjennom tidene.[2]


Sjølv om dei fleste songane deira vart framførte som «The Heartbreakers», har Petty gjeve ut tre soloalbum, mellom anna det suksessrike Full Moon Fever i 1989. Med på desse soloplatene har fleire medlemmar av bandet medverka som studiomusikarar.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


    • 1.1 Tidlege år


    • 1.2 1979–1989


    • 1.3 1990–2005


    • 1.4 2006 til i dag




  • 2 Konsertar


  • 3 Tom Petty-soloalbum


  • 4 Bandmedlemmar


  • 5 Diskografi


  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff





Historie |



Tidlege år |




Tom Petty, hovudvokalisten og låtskrivaren i bandet.


Dei tidlege banda til Petty var mellom andre The Sundowners, The Epics og Mudcrutch, der dei framtidige Heartbreakers-medlemmane Mike Campbell og Benmont Tench spelte. I 1974 signerte Mudcrutch ein kontrakt med Shelter Records og flytta til Los Angeles. Bandet gav ut ein singel, «Depot Street,» i 1975, som ikkje gjekk inn på salslistene, og gruppa vart oppløyst. The Heartbreakers byrja platekarrieren sin med eit album kalla opp etter dei sjølv, gjeve ut på Shelter. The Heartbreakers fekk lite merksemd i Amerika i starten, men gjorde det betre i Storbritannia der dei spelte «Anything That's Rock 'n' Roll» på Top of the Pops. Tidlege singlar var mellom andre «Breakdown» og «American Girl». «Breakdown» vart gjeve ut på ny i USA og vart ein topp 40-hitt der i 1978, etter det kom rykte attende til Statane om at bandet herja i Storbritannia.




Bilete frå 1977 av bandet.


Det andre albumet deira var You're Gonna Get It! frå 1978 og var det første som selde til gullplate i USA. Det inneheldt singlane «I Need to Know» og «Listen To Her Heart». I 1979 hamna bandet i ein rettstvist då ABC Records, distributøren til Shelter, vart seld til MCA Records. Petty nekta å bli overført til eit anna plateselskap utan hans samtykke. Han heldt fast på prinsippa sine, som førte til han erklærte seg konkurs som ein taktikk mot MCA.



1979–1989 |


I 1979, etter saka vart forlikt, gav the Heartbreakers ut det tredje albumet Damn the Torpedoes på MCA sitt Backstreet. Albumet selde raskt til platina. Det inneheldt «Don't Do Me Like That» (10. plassen i USA, den første topp 10-singelen deira) og «Refugee» (15. plass i USA), gjennombrotssinglane deira i USA.


Sjølv om han no var særs suksessrik, fekk Petty problem att med plateselskapet då han og the Heartbreakers førebudde utgjevinga av Hard Promises (1981), oppfølgjaren til Damn the Torpedoes. MCA ønskte å gje ut albumet med ein listepris på 9,98 dollar, som var dyrare enn vanleg for ei plate på den tida. Denne såkalla «superstjerneprisen» var 1,00 dollar over den vanlege listeprisen på 8,98 dollar. Petty protesterte på den høge prisen i pressa og saka vart populær blant fansen. Dei truga med å ikkje gje ut albumet i det heile eller kalle det Eight Ninety-Eight, men MCA snudde etter kvart og gav ut albumet til vanleg pris. Albumet nådde topp 10 på albumlista, selde til platina og gav hittane «The Waiting» (19. plassen i USA). Albumet inneheld òg duetten «Insider» med Stevie Nicks.


På det femte albumet deira, Long After Dark (1982), vart bassisten Ron Blair erstatta av Howie Epstein (tidlegare i bandet til Del Shannon), og han var ein del av besetninga til the Heartbreakers fram til 1991. Long After Dark inneheld hittane «You Got Lucky» (20. plassen i USA) og «Change of Heart» (21. plassen i USA), og skulle innehalde ein song kalla «Keeping Me Alive», men produsenten Jimmy Iovine stemnde i mot dette. Petty meinte at albumet hadde blitt betre om denne songen hadde blitt med på albumet.[treng kjelde]


På det neste albumet, Southern Accents (1985), fortsette the Heartbreakers i same leia. Plata vart ikkje spelt inn utan problem. Petty vart frustrert under miksinga av albumet og braut venstrehanda då han slo handa i ein vegg. Albumet inneheld den psykedeliske hitsingelen «Don't Come Around Here No More» (13. plassen), som var produsert og skriven i lag med Dave Stewart. Musikkvideoen for singelen, med Stewart, inneheld Petty kledd som the Mad Hatter, og plaga og jaga etter Alice frå boka Alice i Eventyrland, før han kuttar ho opp og et ho som ei kake. Dette skapte ein mindre kontrovers og vart kritisert av kvinnegrupper,[treng kjelde] men videoen vann ein pris ved MTV Video Music Award.


Etter ein suksessrik turné gav bandet ut konsertalbumet Pack Up the Plantation: Live! (1985). Bandet vart så invitert av Bob Dylan til å akkompagnere han på True Confessions tour-turneen hans i 1986 og 1987. Petty hylla Dylan og sa «Eg trur ikkje det er nokon eg beundrar meir.»


I 1987 gav bandet òg ut Let Me Up (I've Had Enough), eit studioalbum som hadde lyden av eit konsertalbum ved hjelp av ein teknikk dei lærte av Bob Dylan. Det inneheldt «Jammin' Me» (18. plassen i USA), som Petty skreiv med Dylan og Campbell. Dylan spelte inn ein versjon av Petty-songen «Got My Mind Made Up» på albumet Knocked Out Loaded.


På turneen til Tom Petty and the Heartbreakers i 1989 var college rock-bandet The Replacements oppvarmingsband.



1990–2005 |


I 1991 gav bandet ut Into the Great Wide Open, produsert av Jeff Lynne som hadde arbeidd med Petty i Traveling Wilburys. Songane inkluderte tittelsporet og «Learning to Fly». På denne tida var multi-instrumentalisten Scott Thurston kome med i bandet.


I 1993 gav Petty ut Greatest Hits med hitsingelen «Mary Jane's Last Dance». Stan Lynch hadde no flytta til Florida, men vart overtalt til å bli med på ei siste innsåeling med bandet.


I 1994 slutta Lynch i bandet og vart for ei kort stund erstatta av Dave Grohl før Steve Ferrone tok over permanent. Ferrone hadde arbeidd med Petty, Campbell, Tench og Epstein på soloalbumet til Petty, Wildflowers. På denne tida spelte bandet inn Unchained av Johnny Cash med produsenten Rick Rubin.


I 1995 kom ein plateboks med seks CDar kalla Playback. Kring halvparten av songane var tidlegare tilgjengeleg på album, medan resten var B-sider, demoar og konsertopptak. To spor er frå ein soloversjon av Petty sin duett frå 1981 med Stevie Nicks, «Stop Draggin' My Heart Around», og songen «Waiting For Tonight», med vokal frå The Bangles. Sistnemnde var òg med på den doble Anthology: Through the Years i 2000.


I 1996 gav Petty og the Heartbreakers ut filmmusikken til filmen She's the One med Cameron Diaz og Jennifer Aniston i rollene (sjå Songs and Music from «She's the One"). Tre songar frå albumet gjekk inn på singelistene: «Walls (Circus)» (med Lindsey Buckingham); «Climb that Hill» og ein song skriven av Lucinda Williams, «Change the Locks». Albumet inneheld òg ein coverversjon av Beck-songen «Asshole».


I 1999 gav Petty and the Heartbreakers ut albumet Echo med produsenten Rick Rubin. Albumet nådde 10. plassen i USA og inneheldt mellom anna singelen «Room at the Top».


I 2002 gav Petty and the Heartbreakers ut The Last DJ. Tekstane i mange av songane var sviande åtak på musikkindustrien og store plateselskap. Albumet nådde niandeplassen på den amerikanske albumlista. Ron Blair spelte på to spor. Han erstatta òg mannen som tidlegare hadde vore hans erstatta, Howie Epstein, på den påfølgjande turneen i 2002, etter at Epstein hamna i stadig større personlege problem og dopmisbruk. Epstein døydde i 2003, 48 år gammal. Tench skildra han som «den kulaste fyren i bandet».



2006 til i dag |


For 30-årsjubileet til bandet i 2006, toppa dei plakaten på den femte årlege Bonnaroo Music and Arts Festival. I tillegg til Bonnaroo, la Petty ut på ein turné sommaren 2006. Turneen starta i Charlotte i Nord-Carolina den 9. jun i og enda på Randall's Island i Manhattan i New York den 19. august. Med seg som oppvarming hadde dei mellom andre Pearl Jam, The Allman Brothers Band og Trey Anastasio. I tillegg var Stevie Nicks med på scenen på dei første åtte konsertane, og den andre delen av turneen, der ho song på fleire Tom Petty-songar. For Highway Companion-turneen tilbaud dei fansen medlemskap i Highway Companion's Club der ein fekk dei beste plassane, rabatt i Tom Petty Store, og CDen Highway Companion, i tillegg til ei personleg epostadresse.


I 2006 leigde TV-kanalen ABC inn Petty til å spele musikk for NBA Playoffs-dekninga deira.


Den 21. september 2006 fekk Tom Petty and the Heartbreakers bynøklane til Gainesville i Florida, der han og bandkollegaene anten hadde budd eller vakse opp.[3]


Frå juli 2006 til 2007 hadde Rock and Roll Hall of Fame i Cleveland i Ohio ei Tom Petty-utstilling. Mykje av innhaldet var donert av Petty sjølv.


I 2007 deltok bandet på eit hyllestalbum til Fats Domino, og spelte ein versjon av «I'm Walkin'» for Goin' Home: A Tribute to Fats Domino (Vanguard).


I 2008 spelte the Heartbreakers i pausen på Super Bowl. I april det året spelte medlemmar frå det tidlegare bandet til Petty, Mudcrutch, inkludert Heartbreakers-medlemmane Petty, Benmont Tench og Mike Campbell, i lag med Randall Marsh og Tom Leadon, inn eit Mudcrutch-album. Seint i 2008 vart eit konsertalbum med Mudcrutch gjeve ut.


Ei samling konsertopptak vart gjeven ut 23. november 2009, samstundes som det vart annonsert eit nytt studioalbum, Mojo, som kmo ut våren 2010.[4]


Bandet gav ut det siste albumet sitt, Hypnotic Eye den 29. juli 2014.




Stjerne på Hollywood walk of fame



Konsertar |



  • I 1985 spelte Tom Petty and the Heartbreakers på Live Aid.

  • I 1986 gav Tom Petty and the Heartbreakers ut konsertalbumet, Pack Up the Plantation: Live!

  • I 1992 spelte bandet på tre songar (inkludert ein med Roger McGuinn) i Madison Square Garden under 30-årsjubileumskonserten til Bob Dylan, som markerte 30 år sidan den første Dylan-innspelinga. Dei tre songane vart gjevne ut på The 30th Anniversary Concert Celebration

  • Dei spelte på America: A Tribute to Heroes i 2001.

  • I 2002 spelte bandet på Concert for George til minne om George Harrison, som døydde året før.

  • I 2006 kom bandet heim til heimebyen sin for å feire jubileet deira med eit par populære songar.

  • I 2012 var Tom Petty and the Heartbreakers øvst på plakaten på Isle of Wight Festival.




Tom Petty and the Heartbreakers i 2010



Tom Petty-soloalbum |


Petty har gjeve ut kritikarroste soloalbum, det første i 1989 med Full Moon Fever, som inneheld signaturlåten hans «Free Fallin'», i tillegg til «I Won't Back Down», som seinare vart spelt inn av Johnny Cash, og «Runnin' Down a Dream», i tillegg til Gene Clark sin Byrds-klassikar «I'll Feel A Whole Lot Better» - den einaste coverlåten på albumet.


Sjølv om the Heartbreakers forferda over at Petty valte å gå solo (på liknande vis som Bruce Springsteen og The E Street Band på denne tida), spelte Campbell sologitar på alle songane, Tench spelte piano på eit spor og Epstein song motvillig korvokal på to spor.


Det andre soloalbumet til Petty, Wildflowers hadde med alle Heartbreakers-medlemmane utanom Stan. Albumet hadde med Steve Ferrone på trommer, og gav singelen «You Don't Know How It Feels».


Det siste soloalbumet til Petty var Highway Companion.



Bandmedlemmar |


Noverande medlemmar



  • Tom Petty – solovokal, rytmegitar, munnspel (1976 til i dag)


  • Mike Campbell – sologitar, bass, klaverinstrument, mandolin (1976 til i dag)


  • Benmont Tench – piano, orgel, synthesizerar, korvokal (1976 til i dag)


  • Ron Blair – bass, korvokal (1976–1982, 2002 til i dag)


  • Scott Thurston – rytmegitar, bass, munnspel, ukulele, lap-steelgitar, synthesizer, korvokal (1991 til i dag)


  • Steve Ferrone – trommer, perkusjon (1995 til i dag)


Tidlegare medlemmar



  • Stan Lynch – trommer, perkusjon, korvokal (1976–1994)


  • Howie Epstein – bass, rytmegitar, korvokal, mandolin, lap-steelgitar (1982–2002; døydde 2003)


  • Dave Grohl - trommer (1994)



Diskografi |



For meir om dette emnet, sjå diskografien til Tom Petty.




  • Tom Petty and the Heartbreakers (1976)


  • You're Gonna Get It! (1978)


  • Damn the Torpedoes (1979)


  • Hard Promises (1981)


  • Long After Dark (1982)


  • Southern Accents (1985)


  • Let Me Up (I've Had Enough) (1987)


  • Full Moon Fever* (1989)


  • Into the Great Wide Open (1991)


  • Wildflowers* (1994)


  • Songs and Music from «She's the One» (1996)


  • Echo (1999)


  • The Last DJ (2002)


  • Highway Companion* (2006)


  • Mojo (2010)


  • Hypnotic Eye (2014)


(* indikerer at plata vart gjeve ut som «Tom Petty», men har framleis med «The Heartbreakers» som studiomusikarar og/eller andre musikarar, som George Harrison, Ringo Starr, Jeff Lynne og andre.)



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Tom Petty and the Heartbreakers» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2015.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. «Tom Petty Announces 2014 Tour, Release Date for ‘Hypnotic Eye’». UltimateClassicRock.com. 


  2. Reporter, Belper News (2013-01-30). «Top talent at The Flowerpot». Belper News. Henta 8. mars 2015. 


  3. «Tom Petty gets key to Gainesville, Fla». USA Today. 22. september 2006. 


  4. McKnight, Connor. «Tom Petty and the Heartbreakers Announce New Album, Tour". billboard.com. 25. februar 2010.







Bakgrunnsstoff |




Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Tom Petty and the Heartbreakers



  • Offisiell nettstad


  • IMDb om Tom Petty and the Heartbreakers

  • Offisiell YouTube-kanal





























Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029