Chapman Rocks
Chapman Rocks | |
klippe | |
Land | Antarktis |
---|---|
Øygruppe | Sør-Shetlandsøyane |
Stad | Livingston Island |
- koordinatar | |
Administrert under | Antarktistraktaten |
Plasseringa til Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane. | |
Chapman Rocks (Antarktis) |
Chapman Rocks er ei gruppe skjer sentralt i Hero Bay på nordsida av Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Området vart ofte vitja tidleg på 1800-talet av engelske og amerikanske selfangarar som opererte frå nærliggande Blythe Bay.
Skjera er kalla opp etter Thomas Chapman, ein engelsk kistemakar frå Southwark som i 1795 oppdaga ein metode for å handsame pelsselskinn slik at dei kunne nyttast til å lage hattar, og dermed starta denne industrien i London.
Skjera ligg 6,5 km nord-nordvest for Siddons Point, 6,03 km nordaust for Lynx Rocks, 12,09 km aust for Black Point, 7,97 km vest-sørvest for Iratais Point, Desolation Island, 7,6 km vest-sørvest for Miladinovi Islets, 7,28 km sør for Koynare Rocks og 5,23 km nordvest for Belchin Rock.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Chapman Rocks» frå Wikipedia på engelsk, den 30. januar 2014.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff |
Composite Antarctic Gazetteer.
|