Oppreisten i Warszawaghettoen i 1943





























Oppreisten i Warszawaghettoen
Del av Den andre verdskrigen og Holocaust

Stroop Report - Warsaw Ghetto Uprising 06b.jpg
Bilete frå Jürgen Stroop sin rapport til Heinrich Himmler frå mai 1943 og eit av dei mest kjende bileta frå andre verdskrigen.














Dato

19. april 1943 - 16. mai 1943
Stad

Ghettoen i Warszawa i Polen
Resultat
Tysk siger

Partar

Flag of Germany (1935–1945).svgTyskland
(Waffen-SS, SD, OrPo, Gestapo, Wehrmacht)
Samarbeidspartnarar
(Jødisk politi, Latvisk kommando, Litauisk politi, Polsk politi, ukrainske hjelpestyrkar)

Yellow star Jude Jew.svg Jødiske motstandsfolk
Socialist red flag.svg ŻOB
Flag of Poland (normative).svg ŻZW
Flaga PPP.svg Polske motstandsfolk
Flag of Poland (normative).svg AK
Socialist red flag.svg GL
Kommandantar

Ferdinand von Sammern-Frankenegg (berre nokre timar)
Jürgen Stroop ( med m.a. Franz Bürkl og Erich Steidtmann)

Mordechaj Anielewicz
Dawid Apfelbaum
Icchak Cukierman
Marek Edelman
Paweł Frenkiel
Henryk Iwański (AK)
Zivia Lubetkin
Dawid Wdowiński
og andre (dei fleste omkom)
Styrkar
Offisielt 2090 soldatar dagleg (inkludert 821 Waffen-SS) ifølgje tyske internrapportar
Om lag 220[1] til 600[2] ŻOB og 150 til 400 ŻZW-kjemparar (til den 19. april 1943). Eit mindre tal av polske motstandsfolk kjempa med i kortare periodar.
Om lag 70 000 sivile.
Tap
Offisielt 16 drepne og 85 skadde i følgje Jürgen Stroop sin rapport til Friedrich Krüger.
Totalt 56 065 jødar vart drepne eller deporterte ifølgje Stroop-rapporten; 71 000 var hans eige uoffisielle tal.

Oppreisten i Warszawaghettoen i 1943 var det jødiske opprøret mot transporten av resten av ghettobefolkninga i Warszawa til den nazistiske konsentrasjonsleiren Treblinka. Oppreisten starta alt 18. januar, men den viktigaste delen av han var frå 19. april til 16. mai.




Minnesmerke ved konsentrasjonsleiren Treblinka




Innhaldsliste






  • 1 Bakgrunn


  • 2 Kampane


  • 3 Styrkane


  • 4 Tysk åtak


  • 5 Tapstala


  • 6 Tilhøvet til Warszawaopprøret i 1944


  • 7 Brandt på kne


  • 8 Minne i Israel


  • 9 Bilete


  • 10 Sjå òg


  • 11 Referansar


  • 12 Bakgrunnsstoff


  • 13 Kjelde





Bakgrunn |


I 1940 begynte nazistane å samle dei tre millionar polske jødane i nokre ekstremt overfylte ghettoar. Den største av desse var Warszawaghettoen, der ca 400 000 menneske vart stua saman. Mange døydde av svolt og sjukdom under desse tilhøva, sjølv før nazistane begynte å sende folk frå ghettoen til utryddingsleiren Treblinka. Om lag 300 000 ghettobuarar døydde i Treblinka hausten 1942.


Då deportasjonane byrja, trudde jødiske motstandsfolk først at folk vart sende til arbeidsleirar, men på slutten av 1942 vart det klart at deportasjonane var ledd i utryddingsprosessen, og det vart bestemt at ein skulle gjere motstand.



Kampane |


18. januar begynte tyskarane den andre deportasjonsbølgja, og dette førte til det første opprøret i ghettoen. Partisanar frå «Den jødiske kamporganisasjonen» ZOB engasjerte tyske soldatar i to direkte samanstøytar. Sjølv om ZOB hadde store tap, vart deportasjonen mindre enn planlagt. To jødiske motstandsorganisasjonar, ZOB og ZZW, tok kontroll over ghettoen. Dei bygde stillingar og avretta samarbeidsfolk, mellom dei folk frå det jødiske ghettopolitiet.



Styrkane |




Den opphavlege tyske biletteksten seier: "Kvinner tekne med våpen". For jødiske IDar, sjå archive photo #1893


Partisanane var for det meste væpna med pistolar og revolverar. Berre nokre få rifler og maskinpistolar var tilgjengelege. Dei hadde lite ammunisjon, og var avhengige av heimelaga småbomber og Molotov-cocktails. Nokre våpen til vart skaffa i løpet av oppreisten eller tekne frå tyskarane.


Det var berre avgrensa støtte frå utsida av ghettoen, men polske motstandseiningar frå Armia Krajowa
[3] og Gwardia Ludowa [4]
gjekk til åtak på tyske vaktpostar nær ghettomuren og freista å smugle våpen, ammunisjon og anna utstyr inn i ghettoen.


Fleire ZOB-kjemparar kom seg unna gjennom kloakken med hjelp av polakkane. Ei polsk eining frå AK kjempa jamvel inni i ghettoen i lag med ZZW. Einingar frå AK prøvde òg å sprengje ghettomuren, men vart stansa av tyskarane. AK og GL engasjerte tyskarane på seks ulike stader utanfor ghettomuren mellom 19. og 23. april.




Nazivakter med maskingevær ved ein av portane inn til ghettoen


Tyskarane sette inn over 2 000 tungt væpna soldatar, inkludert folk frå Waffen SS.




To Askaris (hjelpestyrkar for tyskarane)[5] ser inn ei dør der det ligg drepne jødar


Også polske, ukrainske, latviske og litauiske hjelpestyrkar vart bruka.



Tysk åtak |


Den 19. april gjekk tyske styrkar inn i ghettoen med sikte på å fullføre aksjonen sin på tre dagar. Men dei hadde tap då dei fleire gonger vart angripne av jødiske opprørarar som skaut på dei eller kasta eksplosivar frå sidegater, kloakken eller vindauge. To pansra bilar vart sette i brann av ZOB sine bensinbomber, og den tyske framrykkinga vart stansa. [6]




Omgjeven av tungt væpna vakter ser SS-kommandanten Jürgen Stroop (i midten) bustadblokker brenne)


Tyskarane skifta då ut offiseren som leidde operasjonen, og sette inn SS-Gruppenführer Jürgen Stroop, som sette i gang eit betre organisert bakkeåtak med artilleristøtte.


Den lengst forsvarte stillinga i denne fasen var ZZW-stillinga ved Muranowskiplassen, der to gutar klatra opp på taket og sette opp to flagg, det polske nasjonalflagget og eit blå-kvitt ZZW-flagg. Desse flagga kunne sjåast frå utsida òg, og dei vart ståande i fire dagar trass tyske freistnader på å fjerne dei, og hadde stor moralsk verknad. [7]


Ein tysk pansra bil til vart øydelagd i eit motåtak der ZZW-leiaren Dawid Apfelbaum òg vart drepen.


Etter at Stroop sitt ultimatum om å overgje seg var avslått av forsvararane, begynte nazistane systematisk å brenne ned husa, gate for gate, med flammekastarar. Dessutan sprengde dei kjellarar og kloakkar. "Vi vart slått av flammane, ikkje av tyskarane", har Marek Edelman sagt.


ZZW mista alle leiarane sine og den 29. april rømte dei attverande motstandskjemparane frå ZZW gjennom Muranowskitunnelen og samla seg i Michalinskogen. Då var det stort sett slutt på dei større kampane og den organiserte motstanden.




Ei gruppe SS-menn på gata i ghettoen under oppreisten




Den opphavlege tyske biletteksten seier: "Tvinga ut av gøymestadene sine". Fanga jødar blir førte til oppsamlingsstaden for deportasjon av tyske soldatar. For identifisering av jødiske offer sjå [1] og [2]


Dei sivile og motstandsfolka som enno var i live i ghettoen, gøymde seg i ruinane. Tyske troppar bruka hundar for å finne gøymestadene deira, og røykbomber og tåregass for å tvinge folk ut. I mange høve kom jødane ut av gøymeplassane sine med våpen i hand og skaut eller kasta granatar mot fienden. Små grupper av opprørarar gjekk til åtak på tyske patruljer om natta. Men tyskarane leid små tap etter dei første ti dagane av oppreisten.


Den 8. mai oppdaga tyskarane ZOB sin hovudkommandopost i Milagata 18. Dei fleste leiarane og dusinvis av partisanar vart drepne, medan andre gjorde sjølvmord med cyanid for ikkje å kome levande i tyske hender. Mellom dei døde var ZOB-kommandant Mordechaj Anielewicz. Nestkommanderande Marek Edelman kom seg unna gjennom kloakkane saman med ei handful av kameratar. To dagar etter gjorde bundisten Szmul Zygielbojm sjølvmord i London i protest mot manglande vestleg interesse for å hjelpe opprørarane.


Oppreisten vart offisielt erklært slått ned 16. mai. Men likevel kunne sporadisk skyting høyrast i ghettoen utover sommaren 1943. Siste hendinga var 5. juni, med ei skotveksling mellom tyskarar og ei gruppe jødar utan tilknyting til dei organiserte motstandsgruppene.



Tapstala |


Om lag 13 000 jødiske innbyggjarar vart drepne under opprøret. Ca halvparten omkom i brannane tyskarane starta. Dei fleste av dei attverande ca 50 000 innbyggjarane vart fanga av tyskarane og sende til konsentrasjonsleirar, særleg Treblinka.


Dei påtende husa vart jamna med jorda, og ein konsentrasjonsleir vart etablert på staden. Tusenvis av menneske vart drepne der eller i ruinane av ghettoen. SS heldt fram jakta på jødar som kunne gøyme seg i ruinane.


Under Warszawaopprøret i 1944 klarte ein AK-bataljon å redde 380 jødiske fangar frå underleiren Gesiowka. Dei fleste av desse slutta seg straks til AK og opprøret. Nokre få små grupper av ghettoinnbyggjarar klarte å overleve i kloakksystemet under jorda.


Jürgen Stroop vart dømd som krigsforbrytar og hengd i Polen i 1952.



Tilhøvet til Warszawaopprøret i 1944 |


Ghettooppreisten var ein aksjon i desperasjon – eit val mellom å døy i kamp med berre eit ørlite håp om å kome frå det i live, eller å møte den sikre og passive døden i ein dødsleir. Den andre oppreisten var ein større og meir planlagd og koordinert aksjon frå heile den polske motstandsrørsla. Men hundrevis av overlevande frå det første opprøret tok del også i det andre, og kjempa i Armia Krajowa eller Armia Ludowa.




Monument over ghettoheltane i Warszawa 2006



Brandt på kne |


Den 7. desember 1970 knelte den vesttyske sosialdemokratiske kanslaren Willy Brandt spontant då han besøkte eit monument for ghettooppreisten. Handlinga overraska mange og vart kritisert av høgresida i Vest-Tyskland, men hjelpte til å betre tilhøvet mellom aust og vest.



Minne i Israel |


Nokre overlevande frå ghettoopprøret danna kibbutzen Lohamey ha-Geta'ot («Ghettokjemparane sin kibbutz») nord for Acre i Israel. I 1984 gav dei ut fire band med personlege vitnemål frå 96 medlemer. Det er òg eit museum på staden. Kibbutzen Yad Mordechai er kalla opp etter Mordechai Anielewicz.



Bilete |




Sjå òg |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Oppreisten i Warszawaghettoen i 1943




  • A Generation (film av Andrzej Wajda)


  • Border Street (film av Aleksander Ford)

  • Oppreisten i Białystokghettoen


  • Mila 18 (roman av Leon Uris)


  • Pianisten (film av Roman Polanski)


  • Uprising(film)



Referansar |





  1. Styrkar frå Warszawaghettoen


  2. World War II: Warsaw Ghetto Uprising history.net


  3. Addendum 2 – Facts about Polish Resistance and Aid to Ghetto Fighters, Roman Barczynski, Americans of Polish Descent, Inc. Last accessed on 13 June 2006.


  4. Getto 1943


  5. http://fcit.usf.edu/HOLOCAUST/GALL31R/51008.htm


  6. World War II: Warsaw Ghetto Uprising


  7. THE CHANGING FACE OF MEMORY: Who Defended The Warsaw Ghetto? The Jerusalem Post




Bakgrunnsstoff |



  • Stroop Report online-in German and English


  • Commemorating the Uprising Jewish Currents in March 2006


  • Gallery of pictures from the Uprising at A Teacher's Guide to Holocaust


  • The Ghetto Fighters' House at Holocaust and Jewish Resistance Heritage Museum


  • Last Warsaw ghetto revolt commander honours fallen comrades in April 2007

  • The History of the Warsaw Ghetto


  • The Warsaw Ghetto archive (including The Stroop Report) at Jewish Virtual Library


  • The Warsaw Ghetto Uprising by Marek Edelman

  • The Warsaw Ghetto Uprising and the Poles

  • Uprising - A Response to the NBC Miniseries


  • Videos of Marek Edelman talking about the Ghetto on Peoples Archive


  • WARSAW GHETTO UPRISING United States Holocaust Memorial Museum

  • World War II: Warsaw Ghetto Uprising

  • Ghetto 1943



Kjelde |



  • Denne artikkelen bygger på «Warsaw Ghetto Uprising» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2008.





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum