Celle




Denne artikkelen handlar om biologisk celle. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Celle (fleirtyding).



Kunstig farga celler frå trollblom (Rhoeo discolor).


Celle eller selle er grunneininga i alt liv på jorda. Ein organisme kan enten vere eincella, eller ho kan vere samansett av mange celler som til saman dannar ei organisme. Kunnskapen om at celler er grunneininga for alt liv, stammar frå 1800-talet. Sidan den gongen har ein visst at alle celler stammar frå andre celler, at dei er i stand til å reprodusere seg ved å dele seg i to identiske kopiar.


Ordet celle kjem frå latin cella, eit lite rom. Sjølve namnet celle stammar frå Robert Hooke, som meinte at korkceller likna små rom.




Innhaldsliste






  • 1 Eigenskapar


  • 2 Celletypar


    • 2.1 Prokaryote celler


    • 2.2 Eukaryote celler




  • 3 Samansetning


    • 3.1 Cytoplasma


    • 3.2 Ribosom


    • 3.3 Cellevegg


    • 3.4 Cellekjerne


    • 3.5 Mitokondriar


    • 3.6 Kloroplastar


    • 3.7 Endoplasmatisk reticulum


    • 3.8 Golgiapparatet


    • 3.9 Lysosom







Eigenskapar |


Celler er sjølvstendige einingar og kan ta opp næring og vedlikehalde og formeire seg sjølv. I fleircella organismar er dette regulert ved at cellene kan sende signal til kvarandre, og på den måten samarbeide og opptre som ei organisme, og ikkje berre ei samling celler. Eit par eigenskapar er felles for alle celler, og derfor for alt liv



  • Reproduksjon ved celledeling.


  • Metabolisme, dvs at cella tar opp stoff i miljøet, byggar dei ulike komponentane i cella, brukar energi og frigjer biprodukt eller avfallsstoff tilbake til miljøet.

  • Evna til å reagere på endringar i miljøet slik som temperatur, pH, næringstilgang eller signal frå andre celler i fleircella organismar.



Celletypar |


Det finst to hovudtypar av celler, prokaryote og eukaryote celler. Prokaryote celler er bakterier og arkebakteriar. Dei er relativt enkelt bygd opp, og er alle eincella organismar, men kan leve i koloniar. Eukaryotar er meir komplekse celler, og alle plantar dyr og sopp er eukaryotar.



Prokaryote celler |


Prokaryotar er enkle eincella organismar. Prokaryote celler har cellemembran, cytoplasma, ribosomar og eit enkelt sirkulært DNA-molekyl. Bakteriar har cellevegg utanpå cellemembranen, og kan ofte ha eit eller fleire plasmid, som er små sirkulære DNA-molekyl i tillegg til det store hovudmolekylet. Mange bakteriar har flagellar som blir brukt til framdrift.



Eukaryote celler |


Alle fleircella organismar er eukaryotar. Eukaryotar har ein meir kompleks struktur enn prokaryotar. Dei har cellemembran og cytoplasma som prokaryotar, men har i tillegg cellekjerne der alt DNAet er. Til skilnad frå prokaryotar er DNAet lineært, og det er til vanleg fleire kromosom, som kvart har eit DNA-molekyl, men i tillegg òg har protein, blant anna kromatin, som nøstar opp DNA-molekylet. Mitokondriane er små einingar som reproduserer seg sjølv, og er «kraftverket» i cella. Her blir energirike molekyl omdanna til varme, eller til ATP, som andre delar av cella brukar til energikrevjande kjemiske reaksjonar.



Samansetning |




Skjematisk framstilling av ei dyrecelle med organellar: (1) kromosomar (2) cellekjerne (3) ribosom (4) vesicle,(5) rough endoplasmatisk reticulum (ER), (6) Golgiapparat, (7) Cytoskjelett, (8) smooth ER, (9) Mitokondrie, (10) Vakuole, (11) Cytoplasma, (12) Lysosom, (13) Sentriole


Celler er samansett av fleire ulike typar organellar som har ulike funksjonar i cella. Prokaryotar har relativt få samanlikna med eukaryotar.


Cellemembranen vernar det indre av cella og regularer kva stoff som går ut og inn av cella. Cellemembranen er samansett av eit dobbelt lag av fosfolipid, der det er sett inn protein. Proteina kan ha oppgåver som kanalar, signalmotakarar eller vere enzym. Mange bakteriar har to lag membranar.



Cytoplasma |


Cytoplasmaet er den væskefylte indre delen av cella, og blir heldt på plass av cellemembranen. Cytoplasmaet er ei væske som inneheld protein og saltar. I Dei fleste organellane flyt fritt i cytoplasmaet, og er rekna som ein del av cytoplasmaet. I prokaryote celler er det få organellar, og dei fleste livsfunksjonane skjer i direkte i cytoplasmaet eller cellemembranen.



Ribosom |


Proteinsyntesen skjer i ribosoma. Ribosoma bind til seg mRNA-molekyla som er utrykt frå gena i DNA-molekyla, og lagar proteina basert på den genetiske koden, i den eksakte rekkefølgja spesifisert i genet.



Cellevegg |


Planter, bakteriar og sopp, men ikkje dyr og arkebakteriar har cellevegg. Dette er eit ekstra lag polysakkarid som gir ekstra vern. I plantar er dette cellulose.



Cellekjerne |


Eukaryote celler har ei cellekjerne, som inneheld alle kromosoma i cella.



Mitokondriar |


Mitokondriar finst i alle eukaryote celler, og omdannar energirike molekyl til varme og ATP, som andre delar av cella kan bruke til energikrevjande reaksjonar. Mitokondriar er delvis sjølvstendige einingar som har sitt eige sirkulære DNA og ein dobbel cellemembran. Ein teori er at mitokondriane oppstod ved at ein bakterie levde i symbiose med organismen som alle eukaryote celler stammar frå.



Kloroplastar |


Kloroplastar kan ein finne i planter, og er ansvarleg for fotosyntesen som omdannar lys, vatn og CO2 til glykose, som sidan kan brukast som energikjelde og byggestoff for alle andre funksjonar i organismen. På same måte som mitokondriane, har kloroplastane eit dobbelt lag av membranar og sitt eige sirkulære DNA.



Endoplasmatisk reticulum |


Endoplasmatisk reticulum (ER) er eit system av membranar og kanalar for transport av protein som skal modifiserast etter dei er laga eller er meint å hamne på ein spesiell plass i cella, og ikkje rett i cytoplasmaet. Det er to former for ER, det glatte ER og det rue ER. Det rue ER har ribosom på overflata, og er ansvarleg for mykje av proteinsyntesen, modifisering av protein. Protein som skal bli verande i ER eller ekstraherast ut av cella vert produsert i det rue ER. Det glatte ER har ikkje ribosom på overflata er ansvarleg for syntese av lipid (feittstoff) og fjerning av giftstoff.



Golgiapparatet |


Golgiapparatet er det sentrale distribusjonssystemet for protein i cella, og produserer lysosom. Dei er samansett av ei rekke kraftig folda membranar.



Lysosom |


Lysosoma er små membranblærer som inneheld nedbrytingsenzym for å bryte ned protein og feitt cella brukar som næring. Desse enzyma ville brote ned cella om dei hadde sirkulert fritt i cytoplasmaet. Lysosoma kan bli smelta saman med næringspartiklar cella har fanga opp med fagocytose, dvs at cella har snurpa cellememranen rundt
partikkelen og importert han til ei lomme i cella. Enzyma i lysosoma kan da bryte ned næringsstoffet. Lysosoma kan i tillegg øydeleggje celleveggen, ettersom dei verkar nedbrytande på peptidoglykanet i både Gram-positive og Gram-negative celler. Ettersom laget med peptidoglykan er ein god del tynnare i sistnemnde (om lag 5 % tørrvekt av celleveggen) i høve til til kva tilfellet er for Gram-positive (mellom 40-80 % tørrvekt av celleveggen), seier det seg sjølv at lysosoma verkar mest nedbrytande på Gram-negative bakteriar.





Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029