Tirol
Forbundsland i Austerrike | |||||
Hovudstad | Innsbruck | ||||
Flatevidd - Rangering i Austerrike | 12 640 km² 3. | ||||
Folketal (2017) - Rangering i Austerrike | 746 153 5. | ||||
Grunnlagd | |||||
Offisielle språk | Tysk | ||||
Landeshauptmann | Günther Platter (ÖVP) | ||||
Nettstad | www.tirol.gv.at | ||||
| |||||
Tirol er eit forbundsland (Bundesland) i Austerrike. Hovudstaden er Innsbruck. Tirol har eit areal på 12 640 km² og eit folketal på 746 153 (2017). Området ligg vest i Austerrike, i den austlege delen av Alpane, og grensar til Tyskland i nord og Italia og Sveits i sør.
Før den første verdskrigen var Tirol eit grevskap under det austerrikske keisarriket. Ved oppløysinga av Austerrike-Ungarn i 1918 overtok Italia den sørlege delen av grevskapet, som i dag utgjer den italienske autonome provinsen Sør-Tyrol.
Hovudnæringane i Tirol er skogbruk og husdyrbruk. Regionen er òg eit populært turistområde.
Geografi |
Tirol er prega av eit alpint landskap. Det høgste fjellet i Austerrike, Großglockner på 3798 moh. ligg i Tirol, nærare fastsett i fjellmassivet Hohe Tauern i Aust-Tirol ved grensa til Kärnten.
Den største dalen i Nord-Tirol er Inndalen, som strekkjer seg frå vest til aust. Nord for Inn ligg dei nordlege kalk-alpane med fjellkjelder som Lechtalalpane, Wetterstein, og Karwendel, og med få og veldig små sidedalar. Sør for Inn ligg Sentral-Alpane med mellom anna Ötztalalpene, Stubaialpane og Zillertalalpane. Her ligg også dei største sidedalane, som strekkjer seg inn til hovudkammen i Alpane, Kauner-, Pitz-, Ötz-, Wipp- og Zillertal.
Hovudstaden Innsbruck ligg sentralt i Inndalen og delar Nord-Tirol i Tiroler Oberland (vest for Innsbruck) og Tiroler Unterland (aust for Innsbruck). Heilt i vest, ved overgangen til Vorarlberg, ligg fjellkjedene Verwallfjella og Silvretta. Heilt i aust, ved overgangen til Salzburg, ligg Kaiserfjellet og Kitzbühelalpane. Aust-Tirol er elles gjennomtrekt av Isel- og Draudalane og ein del av dei karniske alpane ligg også der.
Forvaltning |
Forbundslandet Tirol er delt inn i ni ulike distrikt (Bezirke):
- Nord-Tirol
- Imst
- Innsbruck
- Innsbruck Land
- Kitzbühel
- Kufstein
- Landeck
- Reutte
- Schwaz
- Aust-Tirol
- Lienz
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Tirol (Bundesland)» frå Wikipedia på tysk, den 3. august 2017.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|