Khaldjidynastiet
År | Sultan |
1290 | Kaiumarth |
1290-1296 | Djalal al-Din Khaldji |
1296 | Rukn al-Din II |
1296-1316 | Ala-ed-Din Khaldji |
1316 | Shihab al-Din Khaldji |
1316-1320 | Qutb al-Din Khaldji |
Khaldjidynastiet (persisk سلطنت خلجی, også skrive Khalji og Khilji) var eit muslimsk dynasti i Delhisultanatet frå 1290 til 1320. [1][2][3]
Det var det andre dynastiet i Delhisultanatet, etter Mamlukdynastiet.
Khaldjidynastiet var kjend for sine valdsame herskarar som erobra mykje av det indiske subkontinentet, og trengde langt inn i hinduområde i sør og vest.[1] Det stod også imot fleire forsøk på mongolske invasjonar av India.[4][5]
Dynastiet blei grunnlagd av Djalal al-Din Khaldji. Den mektigaste herskaren frå dynastiet var Ala-ed-Din Khaldji (1295-1315). Han tok Gujarat frå hinduherskarar, erobra Malwa og utvida riket sitt langt innover Deccan i sør. Etter at han døydde følgde nokre år med opprør og forvirring, før riket igjen blei samla for ei kort tid under det tyrkiske Tughlakdynastiet (1320-1414).
Kjelder |
Indien (Historia) i Nordisk familjebok, 1910.
- Denne artikkelen bygger på «Khaldjidynastin» frå Wikipedia på svensk, og «Khalji dynasty» frå Wikipedia på engelsk den 13. januar 2018.
↑ 1,01,1 «Khalji Dynasty». Encyclopædia Britannica. Henta 2014-11-13.This dynasty, like the previous Slave dynasty, was of Turkish origin, though the Khaljī tribe had long been settled in Afghanistan. Its three kings were noted for their faithlessness, their ferocity, and their penetration of the Hindu south.
↑ Dynastic Chart The Imperial Gazetteer of India, v. 2, p. 368.
↑ Sen, Sailendra (2013). A Textbook of Medieval Indian History. Primus Books. s. 80–89. ISBN 978-9-38060-734-4.
↑ Mikaberidze, Alexander (2011). Conflict and Conquest in the Islamic World: A Historical Encyclopedia: A Historical Encyclopedia. ABC-CLIO. s. 62. ISBN 1-5988-4337-0. Henta 2013-06-13.
↑ Barua, Pradeep (2005). The state at war in South Asia. U of Nebraska Press. s. 437. ISBN 0-8032-1344-1. Henta 2010-08-23.