Våler kommune i Østfold


































































Våler kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Østfold


Adm.senter

Kirkebygda

Areal
257 km²
 - land
239 km²
 - vatn
18 km²

Folketal
5 471 (1. januar 2018)
Folketettleik

23 / km²



Målform
Bokmål

Ordførar

Reidar Kaabbel (Sp)


Kommunenr.
0137




NO 0137 Våler.svg




Wikimedia Commons: Våler i Østfold

Nettstad: www.valer-of.kommune.no


Våler kommune er ein kommune i Østfold fylke. Kommunen grensar til Hobøl i nord, Moss og Vestby i vest, Sarpsborg, Rygge og Råde i sør, og Skiptvet og Spydeberg i aust. Han har tre tettstader der om lag to tredelar av innbyggjarane bur. Desse er Våk, Kirkebygda og Svinndal.




Innhaldsliste






  • 1 Namn og kommunevåpen


  • 2 Innbyggjarar


  • 3 Geografi


  • 4 Verd å vitja


  • 5 Bakgrunnsstoff





Namn og kommunevåpen |


Namnet Våler kjem frå det norrøne ordet valir, som tyder rydning(ar). Kommunevåpenet har òg gamle røter, det var knytt til slekta Bolt som hadde eigedom i området frå 1300-talet. Våpenet er kløyvd, med ei halv lilje i sølv til høgre, og to sparrar i gult til høgre. Det blei teikna av Truls Nygaard i 1986 etter Leiv Merlie sitt føreslag.



Innbyggjarar |


Frå gammalt av har dei som har budd i Våler livnært seg ved jord- og skogbruk. Sidan 1970-talet har likevel mange funne seg arbeid i Moss, og kommunen er blitt litt som ein forstad, med mange nye byggjefelt i kort avstand til byen i vest.


Gjennomsnittsalderen i kommunen er blant dei lågaste både i Østfold og resten av Noreg.[treng kjelde]



Geografi |


Våler er prega av både flate landbruksområde og åsar med store samanhengande skogområde. Her finn ein over 200 registrerte artar av vilt, mellom anna ulv. Den såkalla Mosseflokken av desse dyra har hovudreviret sitt her.


Kommunen blir gjennomskoren av fire riksvegar: 114, 115, 120 og 121.


Han har ikkje kystline, men ei strandline på meir enn tjue mil mot innsjøen Vansjø.



Verd å vitja |





Våler kyrkje




  • Våler kyrkje, ei romansk kyrkje i stein frå 1100-talet


  • Bergerås bygdeborg, ei av fleire bygdeborger frå folkevandringstida som finst i kommunen



Bakgrunnsstoff |


  • Våler kommune











Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum