Sjakk






Eit sjakktrekk.
Foto: Walter J. Pilsak





Eit sjakkbrett og brikker i porselen.
Foto: Roberto Picco



Sjakk er eit brettspel for to spelarar, og er eitt av dei mest utbreidde spela i verda. Det vert spela med 32 brikker på eit kvadratisk brett med 64 ruter. Målet med spelet er å setja kongen til motspelaren i ein slik situasjon at han ikkje kan reddast. Dette blir kalla sjakk matt. Viss ingen av spelarane klarer det, vert spelet remis, eller uavgjort.


Spelet er svært innvikla og er blitt kalla både ein kunst og ein vitskap. Dei mange trekka og moglege utviklingane i spelet er så mange at ikkje ein gong dei beste spelarane kan sjå for seg alle utfalla. Talet på moglege spel er større enn talet på atom i universet.[treng kjelde]




Innhaldsliste






  • 1 Historie og utvikling


  • 2 Speltype


  • 3 Speling


    • 3.1 Utstyr


    • 3.2 Måtar og stader


    • 3.3 Gang i spelet




  • 4 Sjakkspelarar


  • 5 Sjakk i kulturen


  • 6 Bakgrunnsstoff


  • 7 Kjelder





Historie og utvikling |




To unggutar speler sjakk i det gamle Persia.


Sjakkspelet kjem opphavleg frå India, der det blei kalla tsjatoranga på sanskrit. Namnet kan omsetjast som «fire hærar», og fire spelarar kjempa om å vinna. Spelet spreidde seg etterkvart til Persia, der det fekk det vestlege namnet sitt frå sjah, som tyder konge.[treng kjelde] Sjakk skal ha blitt spela for å læra unge adelsmenn krigsstrategi.


Det finst ulike spel i verda som minner om sjakk, der dei mest utbreidde er xiangqi i Kina, shogi i Japan og janggi i Korea. I nyare tid har ein òg prøvd å utvikla spelet i andre retningar, mellom anna ved å endra på brettet, legga til nye brikker, endra flyttereglane deira og så bortetter. Døme på dette er rundsjakk og Fischersjakk.



Speltype |


Sjakk er ein «mental kampsport» der spelarane nyttar strategiske og taktiske element som spelereglane gjev rom for, og krev derfor bruk av abstrakt deduksjon. Det høyrer til klassa av spel utan tilfeldigheiter og med fullstendig informasjon. Det betyr at i kvar stilling har anten ein av spelarane ein strategi som sikrar vinst, eller så er det mogleg for begge spelarane å tvinge fram remis.



Speling |



Utstyr |




Vanlege former for sjakkbrikkene. Frå venstre mot høgre: konge, dronning, løpar, tårn, springar og bonde

















Chess zhor 26.png

Chess zver 26.png



















































































a8

b8

c8

d8

e8

f8

g8

h8

a7

b7

c7

d7

e7

f7

g7

h7

a6

b6

c6

d6

e6

f6

g6

h6

a5

b5

c5

d5

e5

f5

g5

h5

a4

b4

c4

d4

e4

f4

g4

h4

a3

b3

c3

d3

e3

f3

g3

h3

a2

b2

c2

d2

e2

f2

g2

h2

a1

b1

c1

d1

e1

f1

g1

h1


Chess zver 26.png

Chess zhor 26.png

Utgangsstilling. Legg merke til at kvit dronning står på kvitt felt, og svart dronning på svart.



For å kunne spela sjakk treng ein eit sjakkbrett som har 64 ruter med to fargar fordelt på annakvar rute, og 16 brikker for kvar av spelarane, av seks forskjellige slag: ein konge, ei dronning, to tårn, to løparar, to springarar og åtte bønder. Brikkene har òg to fargar, ut frå kva spelar dei høyrer til. Som regel er både brettet og brikkene haldne i svart og kvitt, men det er òg mogleg å bruka andre fargar, særleg på brikkene. Dei lysaste brikkene blir då rekna som kvite.



Måtar og stader |


Sjakk kan spelast privat som ein hobby, og som konkurranseidrett i sjakklubbar, i nasjonale og internasjonale sjakkturneringar og i meisterskap som noregsmeisterskapen i sjakk og verdsmeisterskapen i sjakk. Det kan òg spelast på avstand og over tid, til dømes som fjernsjakk gjennom brev eller e-post eller på verdsveven. Det er òg utvikla mange sjakkprogram der ein kan spela sjakk mot ein datamaskin.


Vanlegvis speler berre to motstandarar mot kvarandre, men ein flink spelar kan spela simultansjakk der han møter fleire motstandarar, med kvart sitt sjakkspel, samtidig.


Sjakk kan også spelast som blindsjakk, der spelarane spelar utan å sjå brett og brikker.



Gang i spelet |


Brikkene blir stilt opp i eit fastsett mønster på kvar side av brettet. Kvar type brikke flyttar på sin måte. Ein av spelarane har kvite brikker, og den andre har svarte. Spelaren med kvite brikker byrjar, og deretter flyttar spelarane annankvar gong, til spelet er over.


Eit parti kan slutte på forskjellige vis:




  • Sjakk matt, det vil seie at ein spelar ikkje kan hindre at kongen vert teken i det neste trekket. Han tapar då partiet.

  • Ein spelar gir opp. Dette skjer vanlegvis ved å seie at ein gir opp, eller også at ein rekkjer fram handa.


  • Remis (uavgjort).


Partiet vert remis på følgjande måter:



  • Ingen av spelarane har nok brikker igjen til å setje den andre sjakk matt.

  • Den same stillinga førekjem for tredje gong med den same spelaren i trekket.

  • Begge spelarane har gjort femti trekk utan at ei brikke har vorte slått eller en bonde har vorte flytta.


  • Patt, som betyr at spelaren som er i trekket ikkje har noko lovleg trekk, men ikkje står i sjakk.

  • Spelarane vert samde om remis, for eksempel fordi dette er eit resultat begge er nøgde med, eller dei kjem fram til at ingen av dei kan vinne partiet.


Om ein spelar med tid, og brukar sjakklokke, kan partiet òg ende ved at tida til ein av spelarane går ut, slik at han tapar partiet.



Sjakkspelarar |





Verdsmeistrane i sjakk José Raúl Capablanca og Emanuel Lasker speler sjakk i Moskva i 1925.


Gjennom tidene har nokre menneske peika seg ut som framifrå sjakkspelarar. I dag er det den som vinn verdsmeisterskapen i sjakk som blir sett på som den beste sjakkspelaren. Før meisterskapen blei innført, fanst det personar som uoffisielt blei rekna som meistarar, slik som
Philidor, Howard Staunton, Adolf Anderssen og Paul Morphy. Nokre kjende verdsmeistrar er Bobby Fischer, Anatolij Karpov, Garri Kasparov og Viswanathan Anand. Frå 22. november 2013 er Magnus Carlsen regjerande verdsmeister.


Svært sterke sjakkspelarar kan oppnå tittelen sjakkstormeister. Noreg har no 10 sjakkstormeistrar.[treng kjelde]


Tradisjonelt har sjakk vore ein mannsdominert idrett, men kvinner deltek no på turneringar, både for begge kjønn og berre for kvinner. Det har aldri vore ein kvinneleg verdsmeister i sjakk, men det er først i nyare tid at kvinnelege spelarar har teke til å gjera seg gjeldande.
Judit Polgar frå Ungarn har fleire gonger vore rangert blant dei 10 beste spelarane i verda. Ho deltok som den første kvinnelege spelaren i VM-finala i sjakk, i VM-turneringa i San Luis i Argentina i 2005.



Sjakk i kulturen |


Spelet har inspirert og vore skildra i eit utal kunstverk, som musikalen Chess, laga av Tim Rice og ABBA, og balletten Checkmate, komponert av Arthur Bliss.



Bakgrunnsstoff |



  • Verdsjakkforbundet FIDE sine offisielle spelereglar for sjakk på engelsk

  • Norges Sjakkforbund sin offisielle norske versjon av FIDE sine spelereglar for sjakk

  • Chessgames.com er ei sjakkside med dei fleste sjakkpartia til dei beste spelarane i verda

  • Heimeside for Norges Sjakkforbund og Ungdommens sjakkforbund

  • Heimeside for Verdssjakkforbundet FIDE

  • Heimeside for Bergens sjakklubb - best på sjakknyhende i Noreg



Kjelder |



  • «Skak» på dansk Wikipedia

  • «Chess» på engelsk Wikipedia





Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029