Den russisk-ortodokse kyrkja

Multi tool use
Multi tool use




Moskvas og heile Russlands patriarkat (Moskvapatriarkatet), på norsk vanlegvis kalla Den russisk-ortodokse kyrkja, er i dag den største av dei ortodokse kyrkjene. På russisk Русская Православная Церковь (Russkaya Pravoslavnaya Tserkov) eller Московский Патриархат (Moskovskiy Patriarkhat). Kyrkja har meir enn 80 millionar medlemmer, utan at det er råd å oppgje noko eksakt medlemstal. Fram til 1917 var den ortodokse kyrkja statskyrkje, og ho har på ein heilt spesiell måte vore identifisert med russisk kultur og historie.


Kristendommen kom til Russland frå Bysants tidleg i mellomalderen. Kyrkja reknar si soge frå år 988, då fyrst Vladimir vart kristna. Ho hadde senteret sitt i Kiev fram til mongolarinvasjonen i 1240. Kyrkja fekk sidan ei ny blømingstid med senter i området rundt Moskva.


Kyrkja vart i praksis sjølvstendig frå Det økumeniske patriarkatet i 1448. Ho vart godkjend som eit eige patriarkat i 1589. Kyrkja vart etterkvart nært knytt til tsarveldet. Etter revolusjonen vart stat og kyrkje åtskilt. Frå 1922–23 starta sovjetstaten ein omfattande forfølging av kristne, og tusenar av prestar, munkar og nonner vart avretta eller omkom i arbeidsleirar. Kyrkja vart fråteken all eigedom. Under den andre verdskrigen fekk kyrkja igjen ein viss fridom, men på 1950-talet vart kyrkja pålagt nye restriksjonar.


Frå og med i 1980-åra har kyrkja igjen fått omfattande innverknad i det russiske samfunnet.


Patriarken har tittelen Patriark av Moskva og heile Russland. No er Kirill, tidlegare Metropolitt for Smolensk og Kaliningrad patriark i den russisk-ortodokse kyrkja. Han tok over etter Aleksej II (Aleksej Mikhajlovitsj Ridiger) som døydde 5. desember i 2008[1].




Innhaldsliste






  • 1 Den russiske ortodokse kyrkja i Noreg


    • 1.1 Kyrkjelyden Heilage Olga


    • 1.2 Kyrkjelyden Kristi åpenbaringsmenighet


    • 1.3 Kyrkjelyden Heilage Irina


    • 1.4 Kyrkjelyden Heilage Trifon




  • 2 Kjelder


  • 3 Bakgrunnsstoff





Den russiske ortodokse kyrkja i Noreg |



Etter oktoberrevolusjonen grunnla ei gruppe russiske emmigrantar ei ortodoks kyrkjelyd i Oslo, «Hellige Nikolai menighet», men denne er ikkje underlagt Moskvapatriarkatet. Kyrkjelyden har heile tida vore underlagt erkebiskopen for russiske kyrkjelydar i Vest-Europa med sentrum i Paris, som igjen er ein del av Det økumeniske patriarkatet i Konstantinopel.




Hellige Olga menighet har innreia det gamle gravkapellet på Vår frelsers gravlund i Oslo til kyrkje for kyrkjelyden, Vår Frelsers ortodokse kirke. Kyrkja har tilkomst frå Akersveien.
Foto: Chris Nyborg



«Hellige Treenighet Kirkeforening» vart danna i 2002 for å bidra til å gjere trua og tradisjonane til den russisk-ortodokse kyrkja tilgjengelege for norskspråklige. Foreininga er òg eit kontaktpunkt for norskspråklege i dei russisk-ortodokse kyrkjelydene i Noreg.


I Noreg er det tre kyrkjelydar underlagt Moskvapatriarkatet:



Kyrkjelyden Heilage Olga |


«Hellige Olga menighet» i Oslo, som er Den russisk-ortodokse kyrkja (Moskvapatriarkatet) sin fyrste kyrkjelyd i Noreg i moderne tid, skipa i 1996, har som si kyrkje Vår Frelsers ortodokse kirke, som ligg i Akersveien 33, inne på Vår Frelsers gravlund, rett attmed ein av portane til gravlunden. Presten i Oslo forrettar òg gudstenester i kapellet som er vigd til Heilage Nikolai i Tromsø bymisjon sine lokaler i Tromsø.



Kyrkjelyden Kristi åpenbaringsmenighet |


«Kristi åpenbaringsmenighet» i Bergen har sitt eget kyrkjebygg som ligg i Grimstadvegen 38 Søreidgrend, men halde til i Mariakyrkja og tidligare St. Sunniva kapell.



Kyrkjelyden Heilage Irina |


«Hellige Irina menighet» i Stavanger feirar gudstenester i den katolske St. Svithuns kirke i Stavanger.



Kyrkjelyden Heilage Trifon |


Biskopen av Murmansk og Montsjegorsk har ansvaret for den russisk-ortodokse kyrkjelyden i Kirkenes, «Hellige Trifons menighet»



Kjelder |




  1. Den russisk ortodokse kirke i Norge



Bakgrunnsstoff |


  • Nettstaden til Den russiske ortodokse kyrkja i Noreg











Autokefaliske og autonome ortodokse kyrkjer

Autokefaliske kyrkjer

Dei fire gamle patriarkata: Konstantinopel | Alexandria | Antiokia | Jerusalem
Dei fem nye patriarkata: Russland | Serbia | Romania | Bulgaria | Georgia
Autokefaliske erkebispedømme: Kypros | Hellas | Polen | Albania | Tsjekkia og Slovakia | Amerika* | Ukraina*

Autonome kyrkjer

Sinai | Finland | Estland* | Japan* | Kina*

Merket * tyder at autokefaliet eller autonomiet ikkje er akseptert i heile den ortodokse verda.




CI JiT yk0t7IryFp0eebblcWSFmm1UI,wYU5c0Yhjm
GiqfGjQjdFSrgJUQs CC,ebf,c,EnZNu3m7XG7hyBZs9vGaWOdgHrxwa04N7C

Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

Chléb Obsah Etymologie | Pojmy při krájení bochníku nebo pecnu chleba | Receptura a druhy | Typy českého chleba | Kvalita chleba v České republice | Cena chleba | Konzumace | Postup výroby | Odkazy | Navigační menuDostupné onlineKdo si mastí kapsu na chlebu? Pekaři to nejsouVývoj spotřebitelských cen – Český statistický úřadDostupné onlineJak se co dělá: Chleba4008364-08669