Kypros

MODIS satellite image of Cyprus.
Kypros (gresk Κύπρος, tyrkisk Kıbrıs) er ei øy aust i Middelhavet, 113 km sør for Tyrkia og rundt 120 km vest for kysten til Syria. Geografisk sett er Kypros ein del av Asia, men kulturelt har øya vore europeisk i tida etter om lag den fyrste verdskrigen. Sidan ein tyrkisk invasjon i 1974 har øya vore delt i ein gresk og ein tyrkisk del, Republikken Kypros og Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Nord-Kypros er ikkje internasjonalt anerkjent av andre land enn Tyrkia.
Geografi |
- For meir om dette emnet, sjå Kypriotisk geografi.
Kypros er den tredje største øya i Middelhavet (etter Sicilia og Sardinia), og ligg aust i Middelhavet sør for halvøya Anatolia (eller Lilleasia). Øya høyrer geografisk til Midtausten. Tyrkia ligg berre 75 km mot nord og andre naboland er Syria og Libanon i aust, Israel i søraust, Egypt i sør og Hellas i vest-nordvest.
Historisk, politisk og kulturelt er Kypros derimot nært knytt til Europa, dei greske kypriotane i Republikken Kypros med Hellas, og dei tyrkiske kypriotane i Nord-Kypros med Tyrkia. Historisk har Kypros vore ein krossveg mellom Europa, Vest-Asia og Nord-Afrika. Derfor vert øya hovudsakleg rekna som eit transkontinentalt land.
Landskapet på Kypros består av tre generelle område - den sentrale sletta, Mesaoría, med fjella Kyrínia og Pendadáktylos i nord og fjellkjeda Tróodos i sør og vest. Det ligg òg spreidde og små sletter på sørkysten.
Kypros har middelhavsklima med tørre somrar og våtare vintrar. Sommartemperaturane varierer frå varmt i dei høgare områda i Troodosfjella til steikande varmt i låglandet. Vinteren er mild i lågare område, men det kan verte kaldt i Troodosfjella med så pass mykje snø at det er oppretta eit skisenter her.
Bakgrunnsstoff |
