Distriktet İskele
Koordinatar:
Distriktet İskele (tyrkisk İskele ilçesi) er eit distrikt i Nord-Kypros. Distriktet ligg på den austlege delen av øya Kypros og har eit areal på 774 kvadratkilometer.[1] Distriktet vart skild ut frå distriktet Gazimağusa i 1998.[2] Fram til den tyrkiske invasjonen i 1974 var området ein del av distriktet Ammókhostos i Republikken Kypros.
Innhaldsliste
1 Folketal
2 Administrasjon
3 Kommunar
3.1 Underdistriktet İskele Merkez
3.2 Underdistriktet Mehmetçik
3.3 Underdistriktet Yeni Erenköy
4 Referansar
Folketal |
Utviklinga av folketalet i distriktet og underdistrikta:
År | Distriktet İskele | İskele Merkez | Mehmetçik | Yeni Erenköy | Kjelde |
---|---|---|---|---|---|
1996 | 19 179 | 6 917 | 4 899 | 7 363 | [3] |
2006 | 21 099 | 7 802 | 5 431 | 7 866 | [3] |
2011 | 22 492 | 7 906 | 6 610 | 7 976 | [4] |
Administrasjon |
Distriktsadministrasjonen i byen İskele (Tríkomo) representerer den nord-kypriotiske staten i distriktet. Leiar for distriktsadministrasjonen (tyrkisk kaymakam) er (i 2016) Ahmet Cenk Musaoğulları.[5]
Kommunar |
Distriktet har desse kommunane (innbyggjartal 2011 i parentes):[4]
Underdistriktet İskele Merkez |
İskele (Tríkomo) (7 906)
Underdistriktet Mehmetçik |
Mehmetçik (Galátia) (3 729)
Büyükkonuk (Kómi Kepír) (2 860)
Landsbyen Kantara (Kandára) (21) ligg utanfor kommunestrukturen.
Underdistriktet Yeni Erenköy |
Yeni Erenköy (Jaloúsa) (5 627)
Dipkarpaz (Rizokárpaso) (2 349)
Referansar |
↑ KKTC Tarım Bakanlığı İstatistik ve Planlama Şubesi (Landbruksdepartementet, avdeling for statistikk og planlegging): «Tarımsal Yapı ve Üretim» (Landbruksstruktur og produksjon), 2007, s. 15
↑ Lov 33/1998
↑ 3,03,1 Folketeljing 2006
↑ 4,04,1 Folketeljing 2011
↑ Kibriz 7/24 23.04.2016
Distrikt i Nord-Kypros | |
---|---|
Gazimağusa • Girne • Güzelyurt • İskele • Lefke • Lefkoşa |