Mark Knopfler
Mark Knopfler | |
| |
Fødd | 12. august 1949 (69 år) |
---|---|
Fødestad | Glasgow i Skottland |
Fødenamn | Mark Freuder Knopfler |
Opphav | Gosforth i England i Storbritannia |
Aktiv | 1965 til i dag |
Sjanger | Rock, rootsrock, keltisk rock, bluesrock |
Instrument | vokal, gitar, resonatorgitar |
Kjende instrument | Mark Knopfler Stratocaster, Pensa Custom MKII, Steinberger GL-2 |
Tilknytte artistar | Dire Straits, The Notting Hillbillies, Chet Atkins, Bob Dylan, Eric Clapton, Emmylou Harris, Sonny Landreth, Sting |
Plateselskap | Vertigo, Mercury, Warner Bros., Reprise |
Verka som | Musikar, plateprodusent |
Gift med | Kitty Aldridge |
Prisar | offiser av Den britiske imperieordenen, Steiger Award, Premios Ondas, Grammy Award for Best Country Instrumental Performance, Grammy Award for Best Surround Sound Album, Grammy Award for Best Country Collaboration with Vocals, Grammy Award for Best Country Instrumental Performance, Den britiske imperieordenen |
Mark Freuder Knopfler (fødd 12. august 1949 i Glasgow i Skottland) er ein verdskjend britisk låtskrivar, gitarist og vokalist, som i 1999 vart tildelt Order of the British Empire (OBE) for sin innsats med musikk. Han var gitarist, vokalist, komponist og frontfigur i den britiske rockegruppa Dire Straits, som han starta i lag med broren David Knopfler i 1977.
Etter Dire Straits vart oppløyst i 1995, spelte Knopfler inn sju soloalbum, og produserte fleire hitsongar.[1] Han har komponert og produsert filmmusikk for åtte filmar, inkludert Local Hero (1983), Cal (1984), The Princess Bride (1987) og Wag the Dog (1997).[2]
I tillegg til arbeidet sitt med Dire Straits og som soloartist, har Knopfler spelt med mange kjende musikarar, som Chet Atkins, Chris Botti, The Chieftains, Eric Clapton, Bob Dylan, Bryan Ferry, Emmylou Harris, Jools Holland, Sonny Landreth, Van Morrison, Steely Dan, Sting og James Taylor, stundom som studiomusikar. Han har produsert album for Tina Turner, Bob Dylan og Randy Newman.
Knopfler nyttar ein fingerstil når han spelar gitar og vart av magasinet Rolling Stone rangert på 27. plass på ei liste over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.[3] Knopfler og Dire Straits har seld i overkant av 120 millionar album.[4][5] Knopfler har vunne Grammy-prisen fire gonger, i tillegg til Edison Award, Steiger Award og Ivor Novello-prisen, og har tre æres doktorgrader i musikk frå universitet i Storbritannia.[6][7]
Innhaldsliste
1 Bakgrunn
2 Om artisten
3 Diskografi
4 Prisar og æresprisar
5 Kjelder
6 Bakgrunnsstoff
Bakgrunn |
Mark Knopfler vart fødd i Glasgow i Skottland. Faren var ein jødisk arkitekt med kommunistiske sympatiar, noko som førte til at han måtte rømme heimlandet Ungarn. Han kom til Storbritannia, der han gifta seg med ei engelsk kvinne og busette seg i Glasgow. Òg broren David (f. 1952), som òg er musikar, vart fødd i Glasgow. Då Mark var omkring sju år gamal flytta derimot familien til Newcastle upon Tyne. Som mange andre ungdomar på 1960-talet vart òg Mark fasinert av dåtida sine popmusikarar. Han lytta til store gitaristar som Chet Atkins, Scotty Moore, Jimi Hendrix, Django Reinhardt og James Burton, og han var med på å danne fleire lokale skuleband.
På skulen var Mark Knopfler flink i engelsk. Han studerte òg journalistikk ved Harlow Technical College i 1967, før han byrja som juniorjournalist for Yorkshire Evening Post. Etter to år i denne jobben avgjorde han derimot å fortsette å studere engelsk ved universitetet i Leeds. Samtidig med studiane tok han seg ein bijobb som førelesar ved Loughton College. Under denne tida møtte han Steve Phillips, ein lokal bluessongar og gitarist han sjølv meiner var viktig for hans musikkkarriere. Saman danna dei duoen The Duolian String Pickers. Mark gjorde si første plateinnspeling medan han framleis budde i Leeds; ein ikkje-utgjeve demo av originalen «Summer's Coming My Way». Steve Phillips spelte på 12-strengar. Sidan flytta Mark til London, der han i 1973 var medlem av den High Wycombe (omkring 4,5 mil vest-nordvest av London) baserte bluesgruppa Brewer's Droop i ei tid. Han hevdar sjølv at det var under denne tida at han fann/oppdaga si «stemme» på gitaren. På midten av 1970-talet flytta òg broren David til London. Saman med vener fra Loughton College danna dei etter kvart gruppa Café Racers.
Om artisten |
Mark Knopfler er ein av dei mest respekterte gitaristane i verda. Det populære musikkmagasinet Rolling Stone sette han på 27. plass på lista si over de «100 beste fingerspelgitaristane gjennom tidene».
Mark Knopfler vart kjend som låtskrivar, vokalist og gitarist i den suksessfulle rockegruppa Dire Straits. Karrieren byrja derimot med gruppa Café Racers i 1977. Etter eit par utskiftingar i mannskapet bytta gruppa namn til Dire Straits, som kom med sitt første album i 1978. Etter oppløysinga av Dire Straits i 1995 gjorde Mark Knopfler solokarriere, og han har sidan gjeve ut fleire album.
Mark Knopfler er òg kjend som ein aktør i countrygruppa The Notting Hillbillies, som i 1990 gav ut albumet «Missing... Presumed Having a Good Time». Det vart med det eine albumet, sjølv om denne gruppa ved fleire veldedige konsertar har kome saman igjen. Knopfler er dessutan kjend for sitt samarbeid med den kjende amerikanske gitaristen Chet Atkins (1924-2001), som han i 1990 gav ut albumet «Neck and Neck» saman med. Han har i tillegg samarbeida nært med store artistar som Bob Dylan, Bryan Ferry, Eric Clapton, Jools Holland og Steely Dan. Han har òg produsert album for Tina Turner, Randy Newman, Bob Dylan og Emmylou Harris. Sistnemnde gav han òg ut albumet «All the Roadrunning» saman med i 2006.
Diskografi |
- For meir om dette emnet, sjå diskografien til Dire Straits.
Dire Straits-album
Soloalbum
| Filmmusikkalbum
Samarbeidsalbum
Som produsent
|
Prisar og æresprisar |
- 1983 BRIT Award for beste britiske gruppe (med Dire Straits)[8]
- 1986 Grammy Award for Best Rock Vocal Group (med Dire Straits) for «Money for Nothing"[9]
- 1986 Grammy Award for Best Country Instrumental Performance (med Chet Atkins) for «Cosmic Square Dance»[9]
- 1986 Juno Award for International Album of the Year (med Dire Straits) for Brothers in Arms[10]
- 1986 BRIT Award for Best British Group (med Dire Straits)[11]
- 1987 BRIT Award for Best British Album (med Dire Straits) for Brothers in Arms[12]
- 1991 Grammy Award for Best Country Vocal Collaboration (med Chet Atkins) for «Poor Boy Blues»[13]
- 1991 Grammy Award for Best Country Instrumental Performance (med Chet Atkins) for «So Soft, Your Goodbye"[13]
- 1993 Honorary Doctor of Music from Newcastle University[14]
- 1995 Honorary Doctor of Music from the University of Leeds[15]
- 1999 OBE[16]
- 2001 Masiakasaurus knopfleri, ein dinosaurart kalla opp etter Mark Knopfler.[17]
- 2003 Edison Award for Outstanding Achievement in the Music Industry[18]
- 2007 Æresdoktor i musikk ved University of Sunderland[6]
- 2009 Music Producers Guild Award for Best Studio for Knopfler sitt British Grove Studios[19]
- 2009 ARPS Sound Fellowship[15]
- 2009 PRS Music Heritage Award[15]
- 2011 Steiger Award[20]
- 2012 Ivor Novello Lifetime Achievement Award[15]
Kjelder |
Delar av denne artikkelen bygger på «Mark Knopfler» frå Wikipedia på engelsk, den 12. januar 2015.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ Knopfler, Mark (2005–2013). «Mark Knopfler». Diskografi of studioalbums. Mark Knopfler.com. Henta 12. januar 2015.
↑ «Mark Knopfler Biography». The Biography Channel. Henta 4. mars 2008.
↑ «The 100 Greatest gitarists of All Time:Mark Knopfler». Rolling Stone. 18. september 2003. Henta 12. januar 2015.
↑ «About John Illsley». John Illsley Website. Henta 14. september 2014.
↑ «Dire Straits given plaque honour». BBC. 4. desember 2009. Henta 12. januar 2015.
↑ 6,06,1 «Sunderland honours Sultan of Swing». University of Sunderland. Henta 28. november 2013.
↑ «Third Honorary Degree». Mark Knopfler Official Website. Henta 12. januar 2015.
↑ «The BRITs 1983». BRIT Awards. Henta 12. januar 2015.
↑ 9,09,1 «Grammyprisen 1986». Awards & Shows. Henta 12. januar 2015.
↑ «Dire Straits». JUNO Awards. Henta 12. januar 2015.
↑ «The BRITs 1986». BRIT Awards. Henta 12. januar 2015.
↑ «The BRITs 1987». BRIT Awards. Henta 12. januar 2015.
↑ 13,013,1 «33rd Grammyprisen 1991». Rock on the Net. Henta 12. januar 2015.
↑ «Knopfler opens students' studios». BBC. 4. desember 2001. Henta 12. januar 2015.
↑ 15,015,115,215,3 «Mark Knopfler». Linn Records. Henta 12. januar 2015.
↑ «Order of the British Empire». BBC. 31. desember 1999. Henta 12. januar 2015.
↑ Perlman, David (3. april 2003). «Scientists find cannibal dinosaur». San Francisco Chronicle. Henta 12. januar 2015.
↑ «Mark Knopfler – What it is [Edison Music Awards −03]». YouTube. 28. mai 2008. Henta 14. september 2014.
↑ «British Grove wins Best Studio accolade». Neve. Henta 12. januar 2015.
↑ «Preisträger». Der Steiger Award. Henta 12. januar 2015.
Bakgrunnsstoff |
Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Mark Knopfler
- Offisiell nettstad
Mark Knopfler på Allmusic
IMDb om Mark Knopfler
- MKNews
- Mark Knopfler-fanside
Mark Knopfler | |
---|---|
Studioalbum | Golden Heart · Sailing to Philadelphia · The Ragpicker's Dream · Shangri-La · Kill to Get Crimson · Get Lucky · Privateering |
Filmmusikk | Local Hero · Cal · Comfort and Joy · The Princess Bride · Last Exit to Brooklyn · Wag the Dog · Metroland · A Shot at Glory |
Samarbeid | Missing...Presumed Having a Good Time (med the Notting Hillbillies) · Neck and Neck (med Chet Atkins) · All the Roadrunning (med Emmylou Harris) · Real Live Roadrunning (med Emmylou Harris) |
Samlealbum | Screenplaying · Private Investigations: The Best of Dire Straits & Mark Knopfler |
Singlar og EPar | «Darling Pretty» · «Cannibals» · «Rüdiger» · «What It Is» · «Sailing to Philadelphia» · «Silvertown Blues» · «Why Aye Man» · «Boom, Like That» · The Trawlerman's Song (EP) · One Take Radio Sessions (EP) · «True Love Will Never Fade» · «Punish the Monkey» · «Border Reiver» · «Remembrance Day» |
Videoar | A Night in London · Real Live Roadrunning (med Emmylou Harris) |
Bandpersonell | Richard Bennett · Jim Cox · Chad Cromwell · Danny Cummings · Phil Cunningham · Stuart Duncan · Guy Fletcher · Paul Franklin · Mike Henderson · John McCusker · Michael McGoldrick · Tim O'Brien · Matt Rollings · Ian Thomas · Geraint Watkins · Glenn Worf |
Tilknytte artiklar | Diskografien til Mark Knopfler · Brewers Droop · Dire Straits · The Notting Hillbillies · British Grove Studios |
Dire Straits | |
---|---|
Mark Knopfler · John Illsley · Alan Clark · Guy Fletcher · David Knopfler · Pick Withers · Hal Lindes · Terry Williams · Jack Sonni | |
Studioalbum | Dire Straits · Communiqué · Making Movies · Love over Gold · Brothers in Arms · On Every Street |
Konsertalbum | Alchemy · On the Night · Live at the BBC |
Samlealbum | Money for Nothing · Sultans of Swing: The Very Best of Dire Straits · Private Investigations: The Best of Dire Straits & Mark Knopfler |
EPar | ExtendedancEPlay · Encores |
Singlar | «Sultans of Swing» · «Water of Love» / «Down to the Waterline» · «Lady Writer» · «Romeo and Juliet» · «Skateaway» · «Tunnel of Love» · «Private Investigations» · «Industrial Disease» · «Twisting by the Pool» · «Love Over Gold» (live) · «So Far Away» · «Money for Nothing» · «Brothers in Arms» · «Walk of Life» · «Your Latest Trick» · «Calling Elvis» · «Heavy Fuel» · «On Every Street» · «The Bug» · «You and Your Friend» |
Tilknytte artiklar | Diskografi · Michael Brecker · The Notting Hillbillies · Chris White · Birmingham at Barbarella |
Kategori:Dire Straits |
|