Montserrat
























































Montserrat














Flagg


Våpen

Flagg
Våpen


Montserrat på verdskartet


Status

Britisk oversjøisk territorium

Førsteminister (Chief Minister)

Reuben Meade

Hovudstad

Plymouth (evakuert sidan 1997)

Offisielt språk

Engelsk

Areal

- % vatn


102 km²

ubetydeleg



Folketal

- totalt

- folketettleik



ca. 4490 (2005)

ca. 44/km²



Verdsdel

Sør-Amerika (Karibia)

Internet-domene
.ms

Tidssone

UTC -4

Internasjonal telefonkode
+1-664

Nasjonalsong
God Save The Queen

Montserrat er eit britisk oversjøisk territorium i Leewardøyane i Karibia.


Øya er 102 km² stor og mesteparten av øya er øydelagd og avsperra etter eit vulkanutbrot 18. juli 1995, mellom anna hovudstaden. Berre 44 km² vert i dag rekna som ei trygg sone. I 2005 hadde øya kring 9300 innbyggjarar. Hovudstaden Plymouth vart fråreist etter vulkanutbrota. Styresmaktene på øya held i dag til i Brades nordvest på øya ved Carr's Bay/Little Bay.


Montserrat er kupert og det høgaste punktet er vulkanen Soufrière på 915 moh. Vulkanen har hatt utbrot meir eller mindre samanhengande sidan 1995 og kulminerte i eit alvorleg og øydeleggjande utbrot sommaren 1997. Folkesetnaden vart då evakuert og tilbakeflyttinga byrja først i 1998. Bustadmangel førte derimot til at det var sterkt avgrensa kor mange som kunne returnere. Ein del valte då å reise til Storbritannia, der dei etter kvart fekk statsborgarskap.


Vulkanutbrota sette økonomien på øya kraftig attende, og samferdselsmessig vart øya òg isolert, då både flyplassen og hamnene måtte stengast. Gjenoppbygginga kom i gang på slutten av 1990-åra, og mange var sysselsett innan bygg og anlegg. Gjenoppbygginga vart mellom anna finansiert med bistand frå Storbritannia.



Historie |


Øya vart oppdaga av Kristoffer Columbus i 1493 og kalla opp etter fjellklosteret Santa Maria på Montserrat nær Barcelona i Spania.


Frå 1632 blei Montserrat kolonisert av irar frå St. Kitts. Ho var ein slavekoloni fram til 1838, då slavane blei frigjevne.
I 1958–1962 høyrte øya til Den vestindiske føderasjonen, før ho vart ei britisk øy med indre sjølvstyre.




Vulkanøydeleggingar på Montserrat. Foto frå 2007.


Montserrat blei hardt råka av orkanen «Hugo» i 1989. I 1995 byrja vulkanutbrotet til Soufrière som to år seinare førte til at store delar av øya måtte evakuerast.



Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell nettstad


Kjelder |




  • History, visitmontserrat.com


  • «Montserrat» i Store norske leksikon, snl.no.



















Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum