Distrikt på Kypros




Eit distrikt (gresk επαρχία, eparkhía, tyrkisk kaza) utgjer ei administrativ inndeling av Republikken Kypros. Det er seks distrikt[1] som igjen er delte inn i 39 kommunar[2] og 485 lokalstyrde busetnader.[3]




Kart som viser distrikta på Kypros



  1. Levkosía

  2. Kerýnia

  3. Ammókhostos

  4. Lárnaka

  5. Lemesós

  6. Páfos


Dei to britiske militærbasane Akrotíri og Dekélia i sør og søraust er Britiske oversjøiske territorium.[4]


Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har den nordlege delen av øya vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Det gjeld heile distriktet Kerýnia, det meste av distriktet Ammókhostos, ein stor del av distriktet Levkosía og ein liten del av distriktet Lárnaka, i alt ni kommunar og 135 lokalstyrde busetnader.[3][5]


Mellom dei områda som er kontrollerte av republikken Kypros, og dei områda som er administrerte av Nord-Kypros, er det ein buffersone som er kontrollert av FN, ofte kalla «den grøne linja».



Referansar |





  1. ↑ Unionen av kypriotiske kommunar (Union of Cyprus Municipalities), historisk bakgrunn


  2. ↑ Unionen av kypriotiske kommunar (Union of Cyprus Municipalities), kommuneoversyn


  3. ↑ 3,03,1 Regionsutvalet i EU: Faktahefte om Kypros


  4. ↑ Traktat om britiske basar på Kypros


  5. ↑ Unionen av kypriotiske kommunar (Union of Cyprus Municipalities), oversyn over kommunar administrert av Nord-Kypros











Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

Modern approach to radio buttons

A word for worn pool table felt