Chiltern Hills
Chiltern Hills nær Nettlebed
Chiltern Hills er ein kalksteinsrygg i Søraust-England. Dei vert lokalt kalla «the Chilterns». Ein stor del av åsane vart erklært Area of Outstanding Natural Beauty i 1965.
The Chilterns strekkjer seg 75 km sørvest til nordaust frå Goring-on-Thames i Oxfordshire, gjennom Buckinghamshire, via Dunstable Downs og Deacon Hill i Bedfordshire, til nær Hitchin i Hertfordshire.[1]
Grensa mellom åsane er tydeleg definert på nordvestsida av ein bratt skrent, medan åsane glir meir forsiktig over i landskapet i søraust.[2] På liknande måte markerer Themsen ei tydeleg grense i sørvest, medan dei nordaust for Luton går slakt ned mot landskapet kring.
Ryggen har skapt ein naturleg veg gjennom landskapet, og den romerske vegen Icknield Way følgjer same linje.
Innhaldsliste
1 Busetnader
1.1 Byar og landsbyar i området
2 Kjelder
3 Bakgrunnsstoff
Busetnader |
Fram til jernbanen og seinare bilvegane kom, var Chilterns hovudsakleg eit landleg område med småbyar langs hovudvegen gjennom åsane. Plasseringa til åsane, nordvest for London, har ført til at store vegar, jernbanelinjer og kanalar er ført gjennom åsane. Desse vart plasserte i høvande dalar, som High Wycombe, Hemel Hempstead, og dette førte til at folk busette seg i området.
Byar og landsbyar i området |
Aldbury, Amersham, Apsley, Ashridge
Barton-le-Clay, Beaconsfield, Bellingdon, Berkhamsted, Bledlow Ridge, Bovingdon, Bradenham, Breachwood Green, Buckland Common
Caddington, Chalfont St Giles, Chalfont St Peter, Chartridge, Chesham, Chinnor, Chiltern Green, Christmas Common, Cholesbury
Dunsmore, Dunstable
Edlesborough, Ellesborough
Fawley, Fingest, Flackwell Heath, Frieth
Gerrards Cross, Goring-On-Thames, Great Kingshill, Great Missenden, Great Hampden, Great Offley
Halton, Hambleden, Hawridge, Hemel Hempstead, Henley-on-Thames, Hexton, High Wycombe, Hitchin, Hughenden
- Ibstone
- Jordans
- Kensworth
Lane End, Ley Hill, Little Chalfont, Little Kingshill, Little Missenden, Little Gaddesden, Lilley, Luton
Markyate, Marlow, Medmenham
Naphill, Nettlebed, Nuffield, Oxfordshire
Pishill, Princes Risborough, Prestwood, Redbourn
Skirmett, Sharpenhoe, Shiplake, Southend, Speen, St Leonards, Stokenchurch, Stonor, Streatley (Beds).Studham
Thame, Tring, Turville
Walter's Ash, Watlington, Wendover, West Wycombe, Whitwell, Whipsnade, Wigginton, Woodcote
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Chiltern Hills» frå Wikipedia på engelsk, den 25. desember 2010.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ Chiltern Society, The Chilterns.
↑ L. W. Hepple and A. M. Doggett, The Chilterns, 2nd ed, Phillimore, 1994, ISBN 0-85033-833-6, page 7.
Bakgrunnsstoff |
- Chilterns Conservation Board
- Chiltern Society
- Kimpton Flood (When Chalk Streams turn bad!)
Koordinatar:
|