Dynamitt
Dynamitt er eit sprengstoff som består av nitroglyserin som aktivt stoff, som er adsorbert i kiselgur (leireaktig jord) og andre tilsatsmaterial. Dynamitt blei oppfunne av svensken Alfred Nobel i 1863 og vidareutvikla til produksjon i Krümmel (Geesthacht, Schleswig-Holstein, Tyskland) og patentert i 1867. Bruksområda er fleire, blant anna i vegbygging og store tunnelarbeid. Dynamitt kan også brukast til sprenging under vatn. Den blei normalt seld i dynamittgubbar på 2,5 cm i diameter og 20 cm lengde for å passe vanlege fjellboringshol.
Dynamitt er ulikt krut ved at stoffet detonerer. Det betyr at tenning skjer ved ei sjokkbølgje som forplantar seg fortare enn lyden si hastigheit i mediet. Sjokkbølgja komprimerer stoffet, og gir temperaturauke til tenningspunktet. Krut på den andre sida brenn ved termisk leiing under lyden si hastigheit i stoffet. Detonasjonen av dynamitt må setjast i gang med ei fenghette.
I dag blir det framstilt ei rad ulike sprengstoff. Desse er oftast ikkje dynamittar. Dette gjeld blant anna trinitrotoluen (TNT), plastiske sprengstoff og slurry som ikkje er basert på adsorbert nitroglyserin. Dette er fordi slike sprengstoff ofte er sikrare i transport og bruk og fordi dynamitt kan bli ustabilt ved lagring fordi nitroglyserin kan sveitte ut. Dynamitt er difor vidareutvikla ved adsorbsjon i nitrocellulose, også kalla cordit.