Historikar

Multi tool use
Multi tool use






Surinamske Cynthia Mc Leod (til høgre) formidlar historie både som historikar og historisk forfattar.




Historikaren Leopold Ranke er rekna som ein av grunnleggjarane for historie som vitskap.


Ein historikar eller sogegranskar er ein som studerer og formidlar historie. Ein historikar prøver å sjå samanhengar mellom hendingar og samfunn i fortida. Han skil seg gjerne frå ein krønikeskrivar, som berre samlar og skriv ned hendingar, ved at han vurderer og tolkar stoffet. I dag har ein historikar gjerne høgare utdanning i historisk metode, men ein kan også verka som amatørhistorikar.


Historikarar blei opphavleg sett på som ein slags forfattarar som gav att historier eller soger frå fortida. I gammal gresk kultur hadde dei si eiga muse, Kleio. Først på 1800-talet endra synet seg, då ein under påtrykk frå mellom anna den tyske historikaren Leopold Ranke tok til å nytta grundigare kjeldekritikk og prøvde å forstå heile samfunn og samanhengar.


I dag blir historikarar gjerne rekna som vitskapsfolk, og det blir venta at dei skal prøva å gje eit sannferdig og rimeleg objektivt bilete av fortida. Samstundes blir framstillinga gjerne farga av eit visst historiesyn, til dømes ei tru på framsteg eller Guds styrande hand, eller tolkingar inspirerte av feminisme eller historisk materialisme.


Ein historikar kan interessera seg for eitt felt, som kan vera tidsavgrensa (til dømes til mellomalderen eller nittenhundretalet), stadsavgrensa (til dømes til lokalsamfunnet eller landet hans) og/eller konsentrert om eit emne (som undertrykte grupper eller kultur), men kan også ta for seg fleire ulike felt, eller prøva å samanfatta store periodar og tidsrom, endåtil heile verdshistoria. Det er stadig eit ideal å kunna fortelja historia slik ho blir forståeleg for andre, slik at forfattardelen av yrket framleis ikkje er heilt teken vekk.




Innhaldsliste






  • 1 Kjende historikarar


    • 1.1 Antikkens Hellas


    • 1.2 Romarriket


    • 1.3 Keisarlege Kina


    • 1.4 Mellomalderen


    • 1.5 Den muslimske verda


    • 1.6 Renessansen


    • 1.7 Moderne tid




  • 2 Kjelder





Kjende historikarar |



Antikkens Hellas |



  • Herodot

  • Tukydid













Romarriket |



  • Josefus

  • Livius

  • Polybios

  • Sveton

  • Tacitus




Keisarlege Kina |



  • Ban Gu

  • Ban Zhao

  • Sima Qian

  • Sima Guang




Mellomalderen |



  • Are Frode

  • Beda

  • Eusebius av Cæsarea

  • Georgios Sphrantzes

  • Giovanni Villani

  • Jean Froissart

  • Laonicos Chalcocondyles

  • Otto av Freising

  • Paulus Diaconus

  • Sulpicius Severus

  • William av Newburgh




Den muslimske verda |



  • al-Masudi

  • at-Tabari

  • Joveyni

  • Ibn Khaldun

  • Ibn Rustah




Renessansen |



  • Andrea Alciato

  • Étienne Pasquier

  • Jan Dlugosz

  • Jean Mabillon

  • Lorenzo Valla

  • Samuel Pufendorf



Moderne tid |



  • Charles A. Beard

  • Jacob Burckhardt

  • Jacques Le Goff

  • Edward Gibbon

  • Ferdinand Lot

  • Thomas Babington Macaulay

  • Karl Marx

  • Friedrich Meinecke

  • Jules Michelet

  • Theodor Mommsen

  • Leopold von Ranke

  • Theodor von Sickel

  • Frederick Jackson Turner



Kjelder |




  • «historiography.» Encyclopædia Britannica, 2007. Encyclopædia Britannica Online. 17 Oct. 2007 <http://search.eb.com/eb/article-9108622>.

  • John Tosh: The Pursuit of History (Pearson, 2006)









6eH6TXAcrF2xuv18MM 7Z,864Co3,gH w0oyn3,6OR,A UmcPGCsPOA,uTN
kni0U aIhgMv djgmpSvZtmkL1Pnf4 OH5br5pKmv 47bOl5POqWipsz tpcn2 jE6bb6udWjIaA6SK2EW,M i oAwkJxFuyuahHd

Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

Chléb Obsah Etymologie | Pojmy při krájení bochníku nebo pecnu chleba | Receptura a druhy | Typy českého chleba | Kvalita chleba v České republice | Cena chleba | Konzumace | Postup výroby | Odkazy | Navigační menuDostupné onlineKdo si mastí kapsu na chlebu? Pekaři to nejsouVývoj spotřebitelských cen – Český statistický úřadDostupné onlineJak se co dělá: Chleba4008364-08669