Hattfjelldal kommune
| Hattfjelldal kommune | ||
kommune | ||
| ||
| Land | ||
|---|---|---|
Fylke | Nordland | |
Adm.senter | Hattfjelldal | |
| Areal | 2 684 km² | |
| - land | 2 427 km² | |
| - vatn | 257 km² | |
| Folketal | 1 411 (1. januar 2018) | |
| Folketettleik | 1 / km² | |
| Norsk målform | nøytral | |
Samisk språk | sørsamisk | |
Ordførar | Harald Lie (Sp) | |
Kommunenr. | 1826 | |
Wikimedia Commons: Hattfjelldal | ||
Nettstad: www.hattfjelldal-kommune.no | ||
Hattfjelldal (sørsamisk Aarborten tjïelte) er ein kommune på Helgeland i Nordland fylke.
Han grensar mot Hemnes i nord, Grane og Vefsn i vest, og mot Røyrvik i Nord-Trøndelag i sør. I aust ligg Sverige (kommunane Storuman og Vilhelmina i Västerbotten).
Administrasjonssentrum i kommunen er Hattfjelldal, som har 613 innbyggjarar (2012). Her ligg også Sameskolen, som gjev opplæring i sørsamisk. Skogbruk og landbruk er dei viktigaste næringsvegane i kommunen. Den største industribedrifta er sponplatefabrikken Arbor.
Kommunen har riksvegssamband til Sverige og til Trofors.
Frå 1. juli 2017 er Hattfjelldal kommune innlemma i Samisk språkforvaltingsområde, som den tredje frå sørsamisk område, og er dermed offisielt tospråkleg norsk og samisk.[1]
Geografi |
Hatten i Hattfjelldal.
Store delar av kommunen består av skog- og fjellområde. Kommunen har fått namn etter fjellet «Hatten». Størsteparten av det nest største vatnet i Noreg, Røssvatnet, ligg i kommunen. Andre innsjøar er Krutvatnet, Elsvatnet og Daningen.
- For meir om dette emnet, sjå Høgaste fjella i Hattfjelldal.
Kjelder |
- Fotnotar
↑ Kommunal- og moderniseringsdepartementet
- Denne artikkelen bygger på «Hattfjeldal» frå Wikipedia på bokmål, den 11. november 2013.
Bakgrunnsstoff |
- Hattfjelldal kommune sine heimesider
Kommunar i Nordland | ||
|---|---|---|
| Helgeland |
| |
| Salten | ||
| Ofoten | ||
| Lofoten | ||
| Vesterålen | ||
|