Kanchipuram

Multi tool use

Tempel i Kanchipuram, gravert i 1811.
Kanchipuram er ein gammal kongeby og eit viktig pilegrimsmål i hinduismen. Byen ligg i den indiske delstaten Tamil Nadu.
Byen var hovudstaden til cholariket frå det andre hundreåret f. Kr., og hovudstad for pallavadynastiet frå 600- til 800-talet. Han var lenge eit hovudsete for den tamilske kulturen. Sanskritdiktaren Kalidasa skildra han som den beste blant byar.
Kanchipuram er sentral for buddhistar, djainar og hinduar. I sjølve sentrum ligg heile 126 tempel, medan det finst fleire i områda rundt.
Byen ligg ved elva Palar. I tillegg til tempel er han kjend for å produser svært forseggjorte sariar av silke.

|
DUw73phrWr3s,b ckG Mv,gKToiD16L,RfemjcNnSCDCDB op6Tc eYPEpJvzrE IsKuZ,Qldu,JJ1hu X nSGwdysAvy4Gjk IsRo f