Jom kippúrkrigen





























Jom kippúrkrigen
Del av Midtausten-konflikten

Bridge Crossing.jpg
Egyptiske styrkar kryssar Suezanalen den 7. oktober


















Dato
6. til 26. oktober 1973
Stad

Sinaihalvøya og vestbreidda av Suezkanalen, Golanhøgdene og andre område sør i Syria

Krigsårsak
At Israel beheldt områda dei tok frå Egypt og Syria i seksdagarskrigen
Resultat
Taktisk israelsk siger[1] og ein påkravd våpenkvile frå SN, som førte til Geneve-konferansen og Sinai interim-avtalen.

  • Politisk og strategiske gevinst for Egypt og Israel.

  • Oljekrisa i 1973



Partar

Flag of Egypt (1972-1984).svg Egypt
Flag of Egypt (1972-1984).svg Syria
Arabiske ekspedisjonsstyrkar:
Flag of Iraq (1963–1991); Flag of Syria (1963–1972).svg Irak
Flag of Jordan.svg Jordan
Flag of Morocco.svg Marokko
Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Flagget til Egypt Libya
Flag of Kuwait.svg Kuwait
Flag of Algeria.svg Algerie
Flag of Sudan.svg Sudan
Andre ekspedisjonsstyrkar:
Flag of Cuba.svg Cuba
Flag of North Korea.svg Nord-Korea

Flag of Israel.svg Israel
Kommandantar

Flagget til Egypt Anwar Sadat

Flagget til Egypt Ahmad Ismail Ali
Flagget til Egypt Hosni Mubarak
Flagget til Egypt Abdel Ghani el-Gamasy
Flagget til Egypt Saad El Shazly
Flagget til Egypt Abdul Munim Wassel
Flagget til Egypt Abd-Al-Minaam Khaleel
Flagget til Egypt Mohammed Aly Fahmy
Flagget til Egypt Abu Zikry
Flagget til Syria Hafez al-Assad
Flagget til Syria Mustafa Tlass
Flagget til Syria General Shakkour
Flagget til Syria Naji Jamil
Flagget til Syria Omar Abrash  †
Flagget til Syria Ali Aslan
Flagget til Irak Ahmed Hassan al-Bakr
Flagget til Jordan Kong Hussein
Flagget til Marokko Kong Mohammed VI
Flagget til Marokko Ahmed Dlimi
Flagget til Saudi-Arabia Kong Faisal
Flagget til Libya Muammar Gaddafi
Flagget til Libya Abu Bakr Yunis Jabr
Flagget til Kuwait Jaber Al Ahmad Al Jaber Al Sabah
Flagget til Algerie Houari Boumédiène
Flagget til Sudan Gaafar Nimeiry
Flagget til Cuba Fidel Castro
Flagget til Cuba Raúl Roa García
Flagget til Cuba Raúl Castro
Flagget til Nord-Korea Kim Il-sung



Flagget til Israel Golda Meir

Flagget til Israel Moshe Dayan
Flagget til Israel David Elazar
Flagget til Israel Shmuel Gonen
Flagget til Israel Haim Bar-Lev
Flagget til Israel Israel Tal
Flagget til Israel Yitzhak Hofi
Flagget til Israel Benjamin Peled
Flagget til Israel Benjamin Telem
Flagget til Israel Rafael Eitan
Flagget til Israel Moshe Peled
Flagget til Israel Albert Mandler  †
Flagget til Israel Abraham Adan
Flagget til Israel Ariel Sharon
Flagget til Israel Kalman Magen


Styrkar

Egypt: 300 000 deployert (100 000 kryssa), 1700 tanks (1020 kryssa),[2] 2400 armerte køyretøy, 1120 artillerieiningar,[3] 400 stridsfly, 140 helikopter,[4] 104 marinefartøy, 150 bakke-til-luft-missilbatteri (62 i frontlinja)[5]
Syria: 60 000 deployert (28 000 i den førte offensiven), 1200 tanks, 800–900 armerte køyretøy, 600 artillerieiningar,[3].[6][7] 350 luftfartøy, 36 helikopter, 21 marinefartøy, 36 bakke-til-luft-missilbatteri (25 i frontlinja)[5]
Irak: 30 000 soldatar, 250–500 tanks,[8][9][10] 500 armerte køyretøy, 200 artillerieiningar,[3] 73 luftfartøy[11]

415 000 soldatar,
2300 tanks,
3000 armerte køyretøy,
945 artillerieiningar,[3]
440 stridsfly,
84 helikopter,
160 andre flytypar,
38 marinefartøy[11][12]
Tap
8000[13]–18 500[14] døde
18 000[13]-35 000[15] skadde
8372 fanga egyptarar
392 fanga syrarar
13 fanga irakarar
6 fanga marokkanarar
2300[16] tanks øydelagde eller tekne
341[13]–514[17] fly øydelagde
19 marinefartøy, inkludert 10 missilfartøy søkkte[18]

2521–2800 døde[13]
7250[19]-8800[13] skadde
293 fanga
400 tanks øydelagde[20]
600 tanks øydelagde og reparerte[20]
102 fly øydelagde[17]

Jom kippúrkrigen, Ramadankrigen eller Oktoberkrigen føregjekk frå 6. oktober til 26. oktober 1973, mellom Israel på den eine sida, og ein koalisjon av arabarstatar leia av Egypt og Syria på den andre. Krigen fekk namnet sitt fordi han tok til på den jødiske høgtidsdagen jom kippur. Krigen begynte med eit overraskande angrep frå Egypt og Syria, då dei kryssa grensa ved Sinai og Golanhøgdene for å ta attende områda som var gått tapt til Israel under seksdagarskrigen.


Den arabiske koalisjonen gjorde store framstøyt dei første par dagane av krigen, før Israel greidde å slå tilbake. Innan den andre veka av krigen hadde styrkane til Syria blitt pressa heilt ut av Golanhøgdene. Israel låg an til å vinne heile krigen då han enda med våpenkvile i regi av SN. Globalt sett fekk krigen store følgjer gjennom stans i oljeleveransen frå arabarlanda, og dette førte til mangedobling av oljeprisane og oljekrisa i 1973.




Innhaldsliste






  • 1 Bakgrunn


  • 2 Hendingar i krigen


    • 2.1 Kampen om Sinai


    • 2.2 Kampen om Golanhøgdene




  • 3 Våpenkvile


  • 4 Langtidseffektar av krigen


  • 5 Sjå òg


  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff





Bakgrunn |


Krigen var eit ledd i den pågåande midtausten-konflikten som har gått føre seg sidan staten Israel vart danna i 1948. Gjennom seksdagarskrigen i 1967 hadde Israel erobra store område av Sinaiørkenen frå Egypt, samt om lag halvparten av Golanhøgdene frå Syria. I åra etter seksdagarskrigen hadde Israel brukt store summar på eit forsvarsverk langs dei nye grensene ved Suezkanalen og Golanhøgdene.


Både Egypt og Syria ønskte å få tilbake områda som var gått tapt i seksdagarskrigen, men fredelege forhandlingar med Israel var ikkje aktuelt sidan dei ikkje ville anerkjenne Israel som ein sjølvstendig stat.


Da presidenten i Egypt, Gamal Abdel Nasser, døydde i september 1970, tok Anwar Sadat over. Sadat hevda, på oppfordring frå SN, at Egypt var villige til å inngå ein fredsavtale med Israel dersom dei godtok å trekke seg tilbake til dei opphavlege områda frå før seksdagarskrigen. Leiaren i Syria, Hafiz al-Assad, var på si side ikkje villig til fredlege forhandlingar. Han akta å gjenerobre Golanhøgdene med militærmakt, og sette i verk ei omfattande opprusting av militærstyrkane til Syria.


Sadat hadde på si side fleire grunner til å styre unna krig. Økonomien til Egypt var alt på feil kurs, og krig var dermed alt anna enn ønskeleg. På den andre sida visste han at ein siger over Israel ville gje han etterlengta popularitet hos befolkninga. Dei andre arabarstatane var i hovudsak motvillige til å støtte ein ny krig. Mange hadde nok med å handtere indre konfliktar, og frykta for ein gjentaking av seksdagarskrigen var stor. I månadene før krigen førte Sadat ein offensiv for å vinne støtte til ein ny krig. Innan hausten 1973 hevda han å ha stor støtte både i arabarstatane og frå Europa. For første gong viste Storbritannia og Frankrike støtte til arabiske styrkar mot Israel.



Hendingar i krigen |


Israelsk etterretning (Aman) hadde ansvar for å estimere sannsynet for ein ny krig. For det første var dei sikre på at Syria ikkje ville gå til krig utan at Egypt vart med. Ønsket til Egypt om å vinne attende Sinai var kjende, men dei trudde at Egypt ikkje ville handle utan støtte frå sovjetisk luftvåpen. Sidan Sovjetunionen enno ikkje hadde gjeve Egypt full støtte, konkluderte Aman med at ein ny krig ikkje var nært føreståande. Egyptiske styresmakter gjorde sitt for å underbyggje denne feiloppfatninga; misvisande rapporter om mangel på personell og mangelfullt utstyr fann vegen til israelsk etterretning. Egyptiske militærøvingar ved Suezkanalen, og syriske øvingar ved grensa, vart heller ikkje sett som ein direkte trussel.


Avgjersla om å gå til krig på ein jødisk heilagdag, Jom Kippur, var ikkje tilfeldig. På denne dagen stod Israel praktisk talt stille, noko som skulle gjere overraskinga enno større.



Kampen om Sinai |


Egypt hadde fått støtte av sovjetiske luftvernmissil som skulle kjempe mot det israelske luftforsvaret. Arabisk siger ville ikkje ha vore mogeleg utan slik støtte. Dei egyptiske styrkane var lang meir talrik enn dei israelske, og luftvernmissila gjorde luftforsvaret til Israel ubrukeleg. I løpet av knappe to døgn hadde egyptarane teke mesteparten av grenseforsvaret til Israel, og trengt seg om lag 15 kilometer inn i Sinaiørkenen.


8. oktober vart det gjeve ordre om eit israelsk motåtak. Det første motåtaket vart ein katastrofe for den israelske brigaden. Kampane minka, og begge sidene gjekk i forsvarsposisjon og venta på nye åtak. 14. oktober gav Sadat ordre om eit nytt motåtak, trass i at generalane hans råda han til å vente. Dette motåtaket viste seg å bli ein fiasko for Egypt, og markerte såleis eit vendepunkt i krigen. Dei leid store tap, og neste dag sette Israel i verk sitt motåtak, kjent som Operasjon Abiray-Lev. Israel hadde no òg lagt om strategien sin, og la stor vekt på å kjempe ned dei sovjetiske luftvernmissila ved Suezkanalen. Israelske styrkar gjekk til åtak på den egyptiske fronten på eit svakt punkt, og lukkast å trenge forbi linjene deira. Dermed nådde dei heilt til Suezkanalen, der dei greidde å nøytralisere egyptisk luftvern og panservernrakettar.


Innan 19. oktober hadde Israel sett opp fleire bruer over Suezkanalen, og kjempa seg eit godt stykke inn i landet. Ved slutten av krigen var dei israelske styrkane om lag 101 kilometer frå hovudstaden til Egypt, Kairo.



Kampen om Golanhøgdene |


På Golanhøgdene gjekk Syria til åtak med to brigader samt 11 artilleribatteri. For Israel sin del fekk denne kampen prioritet framfor kampen om Sinai, då dette var ein meir direkte trussel. Som med egyptarane hadde syrarane med seg luftvernmissil frå Sovjetunionen. Då krigen braut ut hadde syrarane langt fleire soldatar, og dei oppnådde moderat suksess den første dagen. Israelske styrkar vart pressa tilbake, men dei greidde å forsvare hovudkvarteret sitt i Nafah. Det israelske motåtaket auka likevel fortløpande etter kvart som reservestyrkar vart deployert, og innan 10. oktober hadde dei pressa dei syriske styrkane tilbake til der dei starta.


Israel stod no ovanfor ei avgjerd. Skulle dei stanse motåtaket ved grensa, eller skulle dei halde fram inn i området til Syria? Dette vart debattert att og fram, men statsminister Golda Meir argumenterte for at nye erobringar i Syria kunne kompensere for eventuelle tap i Sinai. Dermed rykte israelske styrkar over grensa, og frå 11.-14. oktober tok dei kontroll over eit større område i Syria.


Denne hendinga førte til at både Jordan og Irak sendte militær støtte for å hjelpe Syria. På den måten greidde dei å hindre Israel frå å gå vidare inn i Syria. Likevel lukkast dei ikkje å skyve dei israelske styrkane tilbake til den opphavlege grensa. Utanom Jordan og Irak er det også kjend at fleire andre arabarstatar medverka med våpen og økonomisk støtte. Omfanget av denne bistanden er likevel ukjent.



Våpenkvile |


22. oktober 1973 vedtok tryggleiksrådet i SN Resolusjon 338, som gav ordre om våpenkvile mellom partane. Vedtaket skulle gjelde frå kl. 18.52, israelsk tid. På dette tidspunktet var israelske strykar berre nokre hundre meter frå målet sitt, sambandet mellom Kairo og Suez. I løpet av natta braut egyptiske styrkar våpenkvilen ved fleire høve, då dei øydela israelske stridsvogner. Israel svara med å fullføre erobringa av vegen mellom Kairo og Suez.


24. oktober vart ein ny resolusjon vedteke, Resolusjon 339. Denne resolusjonen sørgde for at all organisert krigføring tok slutt den 26. oktober. Etter våpenkvilen viste Sadat vilje til å forhandle med Israel, og med støtte frå Henry Kissinger vart dei einige om at israelske styrkar skulle trekke seg tilbake til austsida av Suezkanalen, slik det hadde vore før krigen. Forhandlingane med Syria enda på same måte, med israelsk tilbaketrekking. Grensene til Israel vart såleis uendra etter krigen.



Langtidseffektar av krigen |


Sidan USA hadde vist støtte til Israel, avgjorde dei arabiske OPEC-medlemmane å redusere oljeproduksjonen med 5 % per månad. Då president Richard Nixon vedtok å gje Israel 2,2 milliardar dollar til gjenreising, erklærte Saudi-Arabia handelsboikott med USA. Denne boikotten spreidde seg etter kvart til fleire land, og førte til oljekrisa i 1973.



Sjå òg |


  • Oljekrisa i 1973


Kjelder |





  1. Referansar:

    • Herzog, The War of Atonement, Little, Brown and Company, 1975. Forward

    • Insight Team of the London Sunday Times, Yom Kippur War, Double Day and Company, Inc, 1974, page 450

    • Luttwak and Horowitz, The Israeli Army. Cambridge, MA, Abt Books, 1983

    • Rabinovich, The Yom Kippur War, Schocken Books, 2004. Page 498


    • Revisiting The Yom Kippur War, P.R. Kumaraswamy, pages 1–2

    • Johnson and Tierney, Failing To Win, Perception of Victory and Defeat in International Politics. Page 177

    • Charles Liebman, The Myth of Defeat: The Memory of the Yom Kippur war in Israeli Society Middle Eastern Studies, Vol 29, No. 3, July 1993. Published by Frank Cass, London. Page 411.




  2. Shazly, p. 244


  3. 3,03,13,23,3 Dette talet er artillerieiningar med kaliber 100 mm og oppover


  4. Shazly, s. 272


  5. 5,05,1 Haber & Schiff, s 30 31


  6. USMC Major Michael C. Jordan (1997). «The 1973 Arab-Israeli War: Arab Policies, Strategies, and Campaigns». GlobalSecurity.org. Henta 20. april 2009. 


  7. Major George E. Knapp (1992). «4: Antiarmor Operations on the Golan Heights». Combined Arms in battle since 1939. U.S. Army Command and General Staff College. Henta 1. juni 2009. 


  8. Hussain, Hamid (November 2002). «Opinion: The Fourth Round — A Critical Review of 1973 Arab-Israeli War A Critical Review of 1973 Arab-Israeli War». defencejournal.com. 


  9. Rabinovich, 314


  10. Shazly, s. 277


  11. 11,011,1 Krigen på sem40.ru (russisk)


  12. Haber & Schiff, s. 30, 31, 382


  13. 13,013,113,213,313,4 Garwych, s. 243


  14. Herzog, Encyclopedia Judaica, Keter Publishing House, 1974, @ s.87


  15. Rabinovich s. 497


  16. Garwych s 244


  17. 17,017,1 Herzog, War of Atonement, s 260


  18. Herzog, War of Atonement, s. 269


  19. Rabinovich s 497


  20. 20,020,1 Rabinovich, 496




Bakgrunnsstoff |



  • SNs Resolusjon 338

  • SNs Resolusjon 339

  • Jewish Virtual Library

  • Looklex Encyclpaedia

  • Israelsk side om krigen

  • The Yom Kippur War of 1973





Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029