Brenselcelle






Prinsippskisse av en hydrogencelle, fransk tekst.




Prinsippskisse, norsk tekst.





Metanol-basert brenselcelle utviklet av NASA.




Lavtrykks PEM-elektrolytt.




Skisse av William Grove sin brenselcelle fra 1839.


Ei brenselcelle er eit elektrisk element der kjemisk energi, som òg kan frigjerast som varme ved forbrenning, vert nytta til å frambringe elektrisk straum.


Drivstoffet er vanlegvis hydrogen eller naturgass, men det er òg mogleg å bruke ei rekkje andre hydrokarbon og alkoholar – til dømes propan, LPG, metanol eller biogass. Som oksidasjonsmiddel blir oftast brukt oksygen. Ei brenselcelle som brukar hydrogen som drivstoff og oksygen som oksidasjonsmiddel, blir kalla ei hydrogencelle.


Cella består av ein katode, ein anode og ein elektrolytt som er plassert mellom elektrodane. Ei brenselcelle skil seg frå eit batteri ved at den kjemiske energien hentast frå ei ekstern kjelde (drivstoffet), medan eit batteri har den kjemiske energien lagra internt (lukka system).[1]
Medan batteri må ladast, vil ei brenselcelle fortsette å verke så lenge han vert tilført brenselkjelda.




Innhaldsliste






  • 1 Virkemåte


  • 2 Fordelar og ulemper


  • 3 Brenselcelleteknologiar


  • 4 Brenselceller i Noreg


  • 5 Historikk


  • 6 Sjå òg


  • 7 Kjelder


  • 8 Bakgrunnsstoff





Virkemåte |


Ei brenselcelle konverterer kjemisk energi til elektrisk energi direkte i ein kjemisk prosess utan normal forbrenning. Ein membran som kan leie positivt ladde hydrogenatom (H+, proton) blir eksponert for hydrogen (H2) på den eine sida og oksygen (O2) eller luft på andre sida. Dei to sidene av membranen er òg kopla saman med elektriske leidningar. Protona frå hydrogenatoma vil då gå igjennom membranen og reagere med oksygen, medan elektrona vil gå i dei ytre leidningane for å fullføre reaksjonen. Dette resulterer i ein straum i den ytre krinsen som kan utnyttast som elektrisk energi. Det vert òg danna vatn (H2O). Denne prosessen er det motsette av elektrolyse. Likninga for den kjemiske reaksjonen, er:


2H2(g) + O2(g) → 2H2O(l)

Ei brenselcelle består av fleire slike celler kopla saman i serie fråskild med skiljeplater. Kvar plate i serie bidreg med 0,5 til 1,0 volt, avhengig av straumen. Storleiken på platene avgjer kor mykje straum ein kan få ut av brenselcellene. Den totale effekten (i watt) blir straum multiplisert med spenning.



Fordelar og ulemper |


Ein fordel med brenselceller er at dei gjev høg verknadsgrad, det vil seie at ein kan ta ut mykje nyttig energi i tilhøve til den totale energimengda i drivstoffet som blir forbrukt. I konvensjonelle forbrenningsmotorar i bilar er verknadsgraden særs låg (rundt 30%), fordi mykje av energien går over til varme. Verknadsgraden i brenselceller kan vere langt høgare.[2]


Brenselceller har låge klimagassutslipp: Dersom brenselet inneheld karbon vil avgassen innehalde CO2, men i langt lågare mengder enn frå tradisjonelle forbrenningsmotorar. Er drivstoffet reint hydrogen, vil sluttproduktet berre vere vatn. Men for å vurdere effektiviteten og miljøvennlegheita til ei brenselcelle, må heile verdikjeden tas med i rekninga for det aktuelle drivstoffet. I dag vert hydrogen produsert frå naturgass, noko som fører til CO2-utslepp i produksjonen. I framtida ser ein for seg hydrogen produsert frå fornybare kjelder, samt fra naturgass[treng kjelde] med CO2 kombinert med brenselceller som ein forureiningsfri energiteknologi.



Brenselcelleteknologiar |


Det finst fleire forskjellige brenselcelleteknologiar, dei mest sentrale er:




  • PEM – Polymer-elektrolyttmembran


  • SOFC – Fast oksid brenselcelle (Solid oxide fuel cell), elektrolytt O3, temp 850°C


  • MCFC – Flytande karbonat brenselcelle (Molten carbonate fuel cell), elektrolytt CO2, temp 650°C


  • DMFC – Direkte metanol brenselcelle, elektrolytt H+, temp 80°C


  • PAFC – Fosforsyrebrenselcelle (Phosporic acid fuel cell), elektrolytt H+, temp 200°C


  • PEMFC – Protonutveksklings-brenselcelle, elektrolytt H+, temp 80°C


Teknologiane har ulike fordeler og ulemper og vil ha ulike bruksområde i framtida.



Brenselceller i Noreg |


Fleire føretak og universitet i Noreg er involvert i brenselcelleutvikling. Eit nasjonalt utviklingsprosjekt for brenselceller ombord i skip, kalla FellowSHIP, administrerast sidan 2003 av Innovasjon Noreg og Noregs forskningsråd, med deltaking frå Det norske Veritas, Eidesvik AS, Wärtsila, m.fl. Målet er å utvikle skipsmotorar med ein effekt på 330 kW basert på brensel av naturgass (LNG).


I Bergen har Prototech AS eigne program for å utvikle små SOFC anlegg for kombinert elektrisitet- og varmeproduksjon for bustad og industri. Det første pilotanlegget vart i 2007 starta med testing på Kolsnes utanfor Bergen. Prototech har òg eit program for reversible PEM brenselceller som kan produsere hydrogen frå fornybare energikjelder når dei leverer overskot, for så å produsere ekstra straum når primærkjelda ikkje leverer nok.


Eidesvik AS på Bømlo har eit eige program for å utvikle brenselceller til bruk i skipsfart. Dette kan så godt som fjerne NOX-utsleppa frå den tørste NOX-kjelda på kloden.


Ved Universitetet i Agder i Grimstad finst òg god kompetanse på brenselceller. Dei har hatt eit anlegg for elektrolyse av vatn i Energiparken på Dømmesmoen.



Historikk |


Prinsippet med brenselceller vart oppdaga av den tyske vitskapsmannen Christian Friedrich Schönbein, då han arbeidde med ozon og reaksjonen mellom hydrogen og oksygen. Dette vart publisert i eit av dei vitskaplege tidsskrifta i januar 1839.[3]


Berre éin månad seinare, i februar 1839, publiserte den walisiske vitskapsmannen og advokaten sir William Robert Grove sine observasjonar av oppfinninga han kalla «gas voltaic battery» i Philosophical Magazine and Journal of Science.[4] I 1842 vart skissene publiserte i den same journalen.[5] Brenselcella han laga, brukte same materiale som dagens fosforsyrebrenselcelle.



Sjå òg |



  • Hydrogeninfrastruktur

  • Carnotprosess



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Brenselcelle» frå Wikipedia på bokmål, den 9. oktober 2012.

    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:





  1. «Batteries, Supercapacitors, and Fuel Cells: Scope». Science Reference Services. 20. august 2007. Henta 29. april 2009. 


  2. McGraw-Hill Encyclopedia of Science & Technology, 10th Edition, Volume 7, oppslagsord: Fuel cell, ISBN 0-07-144143-3 (set)


  3. George Wand. «Fuel Cells History, part 1» (pdf). Johnson Matthey plc. s. 14. Henta 30. april 2009. 


  4. Grove, William Robert, «On Voltaic Series and the Combination of Gases by Platinum», Philosophical Magazine and Journal of Science vol. XIV (1839), pp 127-130.


  5. Grove, William Robert "On a Gaseous Voltaic Battery", Philosophical Magazine and Journal of Science vol. XXI (1842), s. 417-420.







Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Brenselcelle





Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029