Preikestolvers




Preikestolvers eller høgtidsvers er eit salmevers som vert sunge på høgtidsdagar, medan presten står på preikestolen. Kyrkjelyden syng verset etter nokre innleiande ord frå predikanten, før han les evangeliet for høgtidsdagen. Kyrkjelyden plar reise seg når dei syng høgtidsverset. Dei høgtidsversa som vert mest bruka i Den norske kyrkja, er skrivne på dansk av Birgitte Cathrine Boye i 1778 og omsette til nynorsk av Elias Blix i 1902.



I salmebøkene frå dansketida |


I Kingos salmebok er det fyrste verset av «Et lidet Barn saa lysteligt» forskrive som preikestolvers frå jul til kyndelsmesse. I sjølve julehelga skulle verset syngjast tre gonger før evangeliet vart lese frå preikestolen.


Tilsvarande er fyrste verset av «Christ stod op af Døde» foreskrive som preikestolvers frå påske til Kristi himmelfartsdag. Verset skulle syngjast tre gonger fyrste, andre og tredje påskedag.


I pinsehelga skulle kyrkjelyden syngje fyrste verset av «Nu bede vi den Helligaand» tre gonger før presten las evangeliet frå preikestolen.


I Guldbergs salmebok er nær treparten av salmane skrivne av Birgitte Catrine Boye, ho som fekk tilnamnet «kvinna med høgtidsversa». Her er høgtidsverset for jula anten «Syng høyt, min Siel! vær hierteglad» eller «Os er i Dag en Frelser fød», for påska «Han er opstanden! store Bud» eller femte verset av «Hvad er dog Paaske sød og bliid», på Kristi himmelfarsdag «Det er fullbragt! Den faldne Jord» og i pinsa «O lue fra Guds Kierlighed».



I Nokre Salmar |


I femte utgåva av Elias Blix' Nokre Salmar står fire preikestolvers heilt bak i samlinga:



  • Jolevers: «I dag er fødd vaar Frelsarmann»

  • Paaskevers: «Han er uppstaden, Dyre ord»

  • Kvitsunn-Vers: «Du Loge av Guds Kjærleiks-Eld»

  • Helgetorsdags-Vers: «Det er fullenda! Fallne Jord»



I dagens norske salmebøker |


I Norsk Salmebok er det ikkje spesielt markert kva for songar som høver som høgtidsvers, men det er vanleg å bruke



  • nr 47/48 på juledagen: «I dag er fødd ein frelsar stor» (evt. nr 5 i Salmer 1997, «Eit lite barn, med frydeskrik»

  • nr 177/178 «Han er oppstaden dyre ord» på påskedagen

  • nr 215/216 «Du loge av Guds kjærleikseld» på pinsedagen (evt 206/207 «Kom, Heilag Ande, Kristi tolk»)


Desse salmane har det til felles at dei berre har eitt vers, dei går på gamle melodiar og både bokmåls- og nynorskforma er tekne med i salmeboka.







Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum