Monument
Med monument forstår ein til vanleg eit minnesmerke over ein person eller ei hending. Innan kunsthistoria blir det gjerne brukt ein breidare definisjon, der kvar ein menneskeskapt gjenstand over ein gitt storleik blir kalla eit monument. Innan arkeologi blir omgrepet brukt enda breiare, om kvar ein menneskeskapt gjenstand som er av arkeologisk interesse, frå myntar til store byggverk.
Dei viktigaste monumenta kan bli ein del av Verdsarva.
|