Undernæring






Kart over prosentvis del av folkesetnaden i verda som lid av undernæring.


Undernæring eller underernæring er ein tilstand som kjem av for lita tilførsle av energi og/eller næringsstoff over lengre tid.



Former |


Den alvorlegaste forma for undernæring skuldast svolt, som kjem av for lite mat, og mangel på både energi og fleire næringsstoff, t.d. protein og vitamin, som er essensielle for at born skal kunne veksa, og for å halde helsa hjå vaksne ved like. Alvorleg skort på både energi og protein gjev sjukdommen marasme, som gjev ekstrem avmagring. Små born som treng protein i høve kroppsvekta og mengd mat dei kan eta, kan bli råka av kwashiorkor, ein sjukdom som kjem av alvorleg proteinmangel trass i nok energitilførsle.


Undernæring kan òg koma av manko på eitt eller fleire andre næringsstoff, som vitamin og mineralstoff, sjølv om tilførsla på energi er tilstrekkeleg. Dersom undernæringa kjem av mangel på eitt spesielt stoff kan det opptre typiske sjukdomsbilete, som avitaminosar eller jarnmangelanemi, men til vanleg opptrer det fleire symptom på same tid, og pasienten er vanlegvis mager og har symptom frå hud og slimhinner.



Undernæring i verda |


Det er ikkje lett å slå fast kor mange menneske på Jorda som er undernærte, men SN reknar med at eit tal mellom ½–1 milliard menneske lid dagleg av undernæring. Verda som heile har stort sett nok mat. Undernæring kjem difor ikkje av manko på mat i verda, men av at matvareressursane blir misbyta.


I Noreg og andre velståande land kan undernæring oppstå hjå utsette grupper, som pasientar på helseinstitusjonar. Dei har ofte av ymse grunnar lågare inntak av mat enn vanleg, samtidig som dei kan trenga energi og næringsstoff i større grad enn før. Undernæring hjå pasientar medfører auka risiko for komplikasjon, lengre liggetid og større risiko for død. Det difor viktig å fylgja ernæringsstatusen til pasientane slik at ein kan unngå undernæring.



Kjelder |



  • «Underernæring» i Store Norske Leksikon




Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum