Hebridane







Indre og Ytre Hebridane.




Hebridane sett frå lufta


Hebridane (skotsk-gælisk Innse Gall, norrønt Suðreyjar, truleg av gresk Hyperborea [1], «nord for nordavinden») er ei stor øygruppe utanfor vestkysten av Skottland. Ho har to øygrupper, Indre og Ytre Hebridane. Desse øyane har ei lang historie som går attende til mellomsteinalderen og kulturen til innbyggjarane har etter tur vorte påverka av keltiske, norrøne og engelsktalande folk, som syner seg att i namna på øyane.[2]




Innhaldsliste






  • 1 Geologi og geografi


  • 2 Språk


  • 3 Etymologi


  • 4 Historie


    • 4.1 Førhistorie


    • 4.2 Den keltiske perioden


    • 4.3 Norsk kontroll


    • 4.4 Skotsk kontroll




  • 5 Kunst


  • 6 Sjå òg


  • 7 Kjelder


  • 8 Bakgrunnsstoff





Geologi og geografi |


Hebridane har ein variert geologi. Her finn ein berglag frå prekambrium som er av dei eldste i Europa, til vulkanske bergartar frå tertiærtida.[3][4]


Hebridane kan delast inn i to hovudgrupper og mellom desse ligg The Minch i nord og Hebridesjøen i sør. Indre Hebridane ligg nærast det skotske fastlandet med øyar som Islay, Jura, Skye, Mull, Raasay, Staffa og Small Isles. Det er 36 busette øyar i gruppa. Ytre Hebridane er ei gruppe på meir enn 100 øyar og små skjer som ligg kring 70 km vest for det skotske fastlandet. Det er 15 busette øyar i øygruppa. Dei største er Barra, Benbecula, Berneray, Harris, Lewis, North Uist, South Uist, og St Kilda.


Det finst fleire skildringar av kva øyar som høyrer til Hebridane. Collins Encyclopedia of Scotland skildrar Indre Hebridane som øyane aust for The Minch, som alle øyane innover i fjordane. Det ligg mange øyar i fjordane, som Eilean Bàn og Eilean Donan, og desse vert vanlegvis ikkje vert rekna med i Hebridane.[5][6]


Tidlegare vart Ytre Hebridane ofte kalla the Long Isle (skotsk-gælisk An t-Eilean Fada). I dag vert dei òg kalla Dei vestlege øyane, men dette vert òg nytta om heile Hebridane generelt.[7]


Øyane i Firth of Clyde, særleg Arran, vert stundom feilaktig rekna som ein del av Hebridane.



Språk |


Hebridane har den største konsentrasjonen av skotsk-gælisk-talande i Skottland. Dette gjeld særleg for Ytre Hebridane der dei fleste innbyggjarane snakkar språket.[8]. Det skotsk-gæliske colleget Sabhal Mòr Ostaig ligg på Skye og Islay.



Etymologi |


Den første skriftlege kjelda som omtalar eit namn som liknar Hebridane er frå 55 f.Kr. Den greske historikaren Diodorus Siculus skreiv då om øya Hyperborea (som tyder «langt mot nord»).
Klaudios Ptolemaois (90-168 e.Kr.) kalla øyane Αἱβοῦδαι = Haiboudai på gammalgresk. Seinare tekstar på klassisk latin, av forfattarar som Solinus, nytta formene Hebudes og Hæbudes.[9]


Det gamle norrøne namnet, frå då vikingane okkuperte øyane, var Suðreyjar eller Suderøyane,[10], som tyder «Sørøyane». Namnet heng saman med Norðreyjar, eller «Dei nordlege øyane», som var namnet på Orknøyane og Shetlandsøyane.


Ironisk nok, sidan Hebridane er det siste store gàidhlig-talande området i Skottland, tyder det gæliske namnet på øyane - Innse Gall - som tyder «øyane til utlendingane». Dette går attende til tida då nordmennene heldt til på øya.



Historie |



Førhistorie |




Steinsirkelen Callanish


Hebridane vart busette i mellomsteinalderen rundt 6500 f.kr., etter at dei klimatiske tilhøva vart gode nok til at menneske kunne bu her.[11] Det er mange døme på strukturar frå den yngre steinalderen, og det finaste dømet er dei ståande steinane ved Callanish, som er frå 2000-talet f.Kr.[12]Cladh Hallan er ein busetnad frå bronsealderen på South Uist og den einaste staden i Storbritannia der ein har funne førhistoriske mumiar.[13][14]



Den keltiske perioden |


Diodorus Siculus skreiv i 55 f.Kr om øya Hyperborea, med eit rundt tempel der ein kunne sjå månen like over horisonten kvart 19. år. Han kan ha meint steinsirkelen ved Callanish.[15]Pomponius Mela, ein romersk-spansk geograf frå det fyrste hundreåret e.Kr. omtaler ei gruppe på sju øyar som Haemodae. Plinius den eldre skriv i Naturalis Historia frå 77 e.Kr. om Hebudes.[16] Andre forfattarar frå antikken, som den egyptiske astronomen Ptolemaios, nemner òg Hebridane, noko som syner at dei hadde kontakt med Romarriket. Den reisande Demetrius av Tarsus knytt til Plutark fortel historia om ein ekspedisjon til vestkysten av Skottland rundt år 83 e.Kr. Han fortel om ei dyster reise mellom øyde øyar, men at han vitja ei der heilage menn heldt til. Han nemnde korkje druidane eller namnet på øya.[17]


Det er lite som er kjent om folka på Hebridane før 500-talet. Dei fyrste detaljerte kjeldene om øyane kom då St. Columba kom til Iona på 500-talet. Dette var den irsk-skotske helgenen som førte kristendomen til øyane på 500-talet og som bygde fleire kyrkjer.



Norsk kontroll |





Kongedømet Man og øyane om lag år 1100.


Hebridane kom under norsk kontroll og busetnad alt før 800-talet. Det norske styret over Hebridane vart formalisert i 1098 då Edgar av Skottland respekterte kravet til Magnus III av Noreg. Dette skjedde etter at den norske kongen hadde hærteke Orknøyane, Hebridane og Isle of Man i eit snøgt felttog same året. Dette var retta mot dei norske hovdingane på dei ulike øyane. Ved å ta øyane fekk Magnus ein meir direkte kontroll over landområda, som landsmennene hans hadde teke nokre hundreår tidlegare.


Den norske kontrollen over både Indre og Ytre Hebridane var prega av nesten konstant krigføring fram til øyane vart delte i 1156. Ytre Hebridane vart verande ein del av kongedømet Man og øyane, medan Indre Hebridane braut ut under Somerled, ein norsk-gælisk slektning av både kongehuset Lulach og Manx.


Etter sigeren sin i 1156 tok Somerled så kontroll over Isle of Man to år seinare og vart den siste kongen av Man og øyane som styrte over alle øyane som kongedømet ein gong hadde vore sett saman av. Etter at Somerled døydde i 1164 hadde ikkje herskarane av Man lenger kontroll over Indre Hebridane.



Skotsk kontroll |


I 1262 var det eit skotsk lynåtak på Skye og dette fekk Håkon IV av Noreg til å reisa til Skottland for å avgjera striden. Seint i 1263 sette Håkon av stad til Skottland med ein stor invasjonsstyrke på 200 skip og 15 000 mann. Uvêr rundt skotskekysten sleit nordmennene ut, og dei måtte mellom anna dra førti skip over land til Loch Lomond. Mot slutten oppstod det småtreffingar i slaget ved Largs der nordmennene og deira allierte frå Man under Magnus III av Isle of Man ikkje oppnådde anna enn ein mindre taktisk siger mot skottane under Aleksander III, konge av Skottland. Etter slaget førte dårleg vêr til at den norsk-manske flåten måtte sigla attende til Orknøyane. Då dei kom fram til Kirkwall, valde Håkon å overvintra i Bishop's Palace og planla å halda fram felttoget sumaren etter. Kongen vart derimot sjuk og døydde i palasset i desember same året. Dette overlét trona til sonen hans, Magnus Lagabøte, som såg det som viktigare å slutta fred med skottane enn å halda på dei norske områda vest for Skottland og i Irskesjøen. Perth-traktaten frå 1266 overlét Hebridane og Isle of Man til Skottland for 4000 mark og ei årleg betaling på 100 mark. Denne avtala stadfeste òg norsk suverenitet over Shetland og Orknøyane. Det skotske styret over Isle of Man vart derimot fyrst endeleg då den siste norske kongen der, Gudrød VI Magnuson vart slegen i det avgjerande slaget ved Ronaldsway av skottane i 1275.



Kunst |




Inngangen til Fingal's Cave på Staffa


The Hebrides, eller Fingal's Cave, er ein kjend overture skriven av Felix Mendelssohn då han budde på desse øyane, medan Granville Bantock skreiv Hebridean Symphony. Nyare musikarar knytte til øyane er Ian Anderson, Donovan og Runrig. Diktaren Sorley MacLean vart fødd på Raasay, som var setting for det mest kjende diktet hans, Hallaig.[18]Iain Crichton Smith voks opp på Lewis og Derick Thomson vart fødd der. Handlinga i The Solitary Reaper av William Wordsworth gjekk føre seg på Hebridane.


Romanforfattaren Compton Mackenzie budde på Barra og George Orwell skreiv 1984 medan han budde på Jura. J.M. Barrie sin Marie Rose har referansar til Harris inspirert av ein tur til Amhuinnsuidhe Castle og han skreiv manuset til 1924-utgåva av Peter Pan medan han var på Eilean Shona.[19][20]


Diktaren Henry Wadsworth Longfellow nemner Hebridane i diktet Seaweed.


Diktaren Edgar Allan Poe nemner Hebridane i diktetThe Valley of Unrest.


Enya-songen «Ebudæ» frå Shepherd Moons er kalla opp etter Indre Hebridane (Ebudae på latinsk).


Romanen til Virginia Woolf To the Lighthouse er ei soge om ein familien som ferierer på Hebridane.



Sjå òg |




  • Ytre Hebridane
    • Øyar i Ytre Hebridane



  • Indre Hebridane
    • Øyar i Indre Hebridane


  • Øyar i Skottland

  • Somerled

  • Kongedømet Man og øyane

  • Skotsk-gælisk

  • Ny-Hebridane



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 10. februar 2010.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


    • "Occasional Paper No 10: Statistics for Inhabited Islands" (28 november 2003) General Register Office for Scotland. Edinburgh. ** Haswell-Smith, Hamish. (2004) The Scottish Islands. Edinburgh. Canongate. ISBN 1-84195-454-3

    • Keay, J. & Keay, J. (1994) Collins Encyclopaedia of Scotland. London. HarperCollins.

    • Mac an Tàilleir, Iain (2003) Placenames/Ainmean-àite le buidheachas (pdf). Pàrlamaid na h-Alba.


    • Ordnance Survey (2009) "Get-a-map".

    • Ross, David (2005) Scotland - History of a Nation

    • Murray, W.H. (1973) The Islands of Western Scotland. London. Eyre Methuen. ISBN 0-413-30380-2






  1. http://en.wikipedia.org/wiki/Hyperborea


  2. Haswell-Smith, Hamish. (2004) The Scottish Islands. Edinburgh. Canongate. ISBN 1-84195-454-3


  3. Rollinson, Hugh (September 1997) " Britain's oldest rocks" Geology Today. 13 no.5 s. 185-190.


  4. Gillen, Con (2003) Geology and landscapes of Scotland. Harpenden. Terra Publishing. s. 44 og 142.


  5. Keay & Keay (1994) s. 507.


  6. Encyclopædia Britannica (1978) skriv: «Hebridane - ei øygruppe på vestkysten av Skottland i ein boge frå 55.35 og 58.30 N og 5.26 og 8.40 W.» Dette omfattar Gigha, St Kilda og alt opp til Cape Wrath – men ikkje North Rona.


  7. Murray (1973) s. 32.


  8. Mac an Tàilleir, Iain (2004) 1901-2001 Gaelic in the Census (PowerPoint ) Linguae Celticae.


  9. Louis DEROY & Marianne MULON, 1992, Dictionnaire de noms de lieux, Paris: Le Robert, artikkel «Hébrides»


  10. Anderson, Joseph (Ed.) (1893) Orkneyinga Saga. Omsett av Jón A. Hjaltalin & Gilbert Goudie. Edinburgh. James Thin og Mercat Press (1990). ISBN 0-901824-25-9


  11. Busetnad på Rùm er datert til å vere 8590+/-95 år gamle. Edwards, Kevin J. og Mithen, Steven (Feb., 1995) [1] World Archaeology. 26. No. 3. s. 348..


  12. Li, Martin (2005) Adventure Guide to Scotland. Hunter Publishing. s. 509.


  13. "Mummification in Bronze Age Britain" BBC History.


  14. "The Prehistoric Village at Cladh Hallan". University of Sheffield.


  15. Sjå til dømes Haycock, David Boyd. "Much Greater, Than Commonly Imagined." The Newton Project.


  16. [2] Scottish Gazetteer from the University of Edinburgh's Department of Geography.


  17. Moffat, Alistair (2005) Before Scotland: The Story of Scotland Before History. London. Thames & Hudson. s. 239-40.


  18. Tekstne til diktet på gælisk, med Sorley Maclean si eiga omsetjing til engelsk.


  19. "Famous Visitors to the Islands - Luchd-tadhail Ainmeil" Culture Hebrides.


  20. Birkin, Andrew, The Lost Boys. Yale University Press.






Bakgrunnsstoff |


  • Guide til Hebridane


























































Koordinatar: 57°00′N 7°00′W





Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029