Eidsvoll




















































Eidsvoll/Sundet

tettstad
Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Akershus

Kommune

Eidsvoll

Areal
3,84 km²

Folketal
5 017 (2017)
Folketettleik

1 307 / km²



Postnummer
2080 EIDSVOLL

Innbyggjarnamn
eidsvolling
Preposisjon

Eidsvoll/Sundet


Wikimedia Commons: Eidsvoll (village)


Eidsvoll i Eidsvoll kommune på Romerike i Akershus er eit geografisk namn som er sett saman av ordet eid, som her opphavleg galdt ein ferdsleveg langs Sundfossen i elva Vorma sør for tettstaden Sundet, og ordet voll i tydinga eng.


Namnet Eidsvoll vert nytta om kommunen, og dessutan ofte om tettstaden Sundet, eller òg det området i kommunen på båe sider av Vorma som femner om tettstaden Sundet, jarnbanestasjonen og kyrkja. Området som lokalt har namnet Eidsvoll Verk, staden der Eidsvollsbygningen ligg og grunnlova vart vedteken i 1914, vert i nasjonal samanheng òg omtalt som Eidsvoll; «grunnlova vart vedteken på Eidsvoll».




Dampbåtar på Vorma framfor Eidsvoll jarnbanestasjon i 1866.


Tettstaden Sundet, eller Eidsvoll sentrum, er administrasjonssenteret i kommunen med 5 017 innbyggjarar per 1. januar 2017. Tettstaden ligg på austsida av elva Vorma, nord for Sundfossen, på den andre sida av elva i høve til Eidsvoll kyrkje og den no nedlagde Eidsvoll jarnbanestasjon på Hovedbanen og den nye Eidsvoll stasjon på Gardermobanen, om lag 3 km frå stasjonen.


Sundet var opphavleg namnet på ein tidlegare gard attmed Vorma, rydda i gamalnorsk tid. Denne garden, med matrikkelnummer 16, vart skilt ut frå garden Vilberg då Sundet vart fast ferjestad for trafikk over Vorma, før den gamle Sundbrua over elva vart bygd. No er det bygd ei ny vegbru i betong nokre hundre meter lenger sør, om lag der Andelva frå Hurdalsjøen renn ut i Vorma. Den gamle brua, som er i stål, er teken vare på som bru for fotgjengarar og syklistar.



Sjå òg |



  • Eidsvoll kommune

  • Tettstader i Akershus



Kjelder |


Mellom anna:



  • «Eidsvoll – tettstedet» i Store norske leksikon, snl.no.

    Spire Denne geografiartikkelen som har med Akershus å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum