Clermont-Ferrand











































Clermont-Ferrand

Clermont vu de Montjuzet.JPG






Byvåpenet til Clermont-Ferrand

Byvåpenet til Clermont-Ferrand

Styresmakter
Land
Region
Departement

Frankrike
Auvergne
Puy-de-Dôme
Geografi
Flatevidd
 - By


42,67 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik


137 140
  3 214/km²
Koordinatar

45°46′50″N 3°05′15″EKoordinatar: 45°46′50″N 3°05′15″E
Høgd over havet
358 m
Tidssone
CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer
63113/ 63000

Heimeside: Offisiell heimeside
Plassering

Clermont-ferrand carte situation.png


Clermont-Ferrand (auvergnat Clarmont-Ferrand/Clarmont d'Auvèrnhe) er ein by i Frankrike og hovudstad i regionen Auvergne med eit folketal på om lag 140 000. Byen er òg prefecture (hovudstad) i departementet Puy-de-Dôme.


Clermont-Ferrand ligg på sletta Limagne i Massif Central og er omringa av eit stort industrielt område. Byen er kjend for ei rekkje vulkanar som ligg rundt byen, Chaîne des Puys. Puy-de-Dôme, 13 km frå byen, er den høgaste av desse, og er kjend for TV-antenna som står på toppen og som er synleg frå stor avstand.


Den største i Clermont-Ferrand er place de Jaude, der det står ein stor statue av Vercingetorix sittande på ein hest med eit sverd i handa. På inskripsjonen står det: J'ai pris les armes pour la liberté de tous (Eg tok til våpen for fridom for alle). Statuen vart laga av Frédéric Bartholdi, som òg laga Fridomsgudinna.



Historie |


Clermont er ein av dei eldste byane i Frankrike. Han vart først nemnd av den greske geografen Strabo. Byen vart på den tida kalla Nemessos— eit gallisk ord for ein heilag skog. Han var åstad for det vidkjende Slaget ved Gergovia, som gallarane vann, leia av Vercingetorix, over romarane, leia av Julius Cæsar, i 52 fvt. Etter den romerske erobringa vart byen kalla Augustonemetum, eit namn som kombinerte det opphavlege galliske namnet med keisar Augustus sitt. Folketalet er estimert til å ha vore mellom 15 000 og 30 000 på 100-talet, og må derfor ha vore ein av dei største byane i Det romerske Gallia. Seint på 400-talet vart Auvergne målet for vestgotisk ekspansjon, og byen vart omleira av Euric. Sjølv om byen vart forsvart av Sidonius Apollinaris, vart han ein del av det vestgotiske kongedømet i 475. Ein generasjon seinare, vart han ein del av kongeriket til frankarane.


I 848 vart byen omdøypt til Clairmont, etter borga Clarus Mons. I denne perioden vart det ein episkopal by styrt av biskopen, og vart utgangspunktet for Det første krosstoget av dei kristne for å erobra Jerusalem frå muslimane. Pave Urban II tala til krosstoget der i 1095 under Rådet i Clermont. I 1120, for å stå imot makta til prestestanden, grunnla hertugane av Auvergne byen Montferrand etter modell frå dei nye byane i Sør-Frankrike (Midi). I 1551 vart Clermont ein kongeleg by, og i 1610 vart byen ein uatskilleleg eigedom for kongemakta.


15. april 1630 førte Den første kunngjeringa av Troyes til at dei to byane Clermont og Montferrand vart slått saman under tvang. Denne unionen vart stadfesta i 1731 av Louis XV under Den andre kunngjeringa av Troyes. På denne tida var ikkje Montferrand meir enn ein drabantby til Clermont, noko han var fram til byrjinga av 1900-talet. Byen prøvde fleire gongar å få tilbake sjølvstende sitt, i 1789, 1848 og 1863.


På 1900-talet vart det oppretta Michelin-fabrikkar og byhagar, som forma den moderne Clermont-Ferrand, og som definitivt førte Clermont og Montferrand saman. Sjølv om dei to byane i dag er smelta saman, har hei to forskjellige bysentrum, og Montferrand har framleis sin eigen karakter.


Det var her leiare av Den raëliske rørsla, Raël, fekk bodskapen som forma grunnlaget for rørsla hans.




Typisk utsyn over byen frå «La pierre Carrée», med den svarte katedralen til venstre.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Clermont-Ferrand



  • Uoffisiell nettside om Clermont-Ferrand

  • Jeanne d'Arc sitt brev til Clermont-Ferrand





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum