Skogbrann






Skogbrann i ein nasjonalpark i Montana i USA i august 2000


Ein skogbrann er ein ukontrollert brann i naturen. Slike brannar kan, i tillegg til å forstyrre gongen til naturen, truge hus og jordbruksområde. Det er ein mobil brann, som vil seie at han forflyttar seg og utgjer ei annleis utfordring for sløkkemannskap enn andre brannar. Årsaker til slike brannar kan vere lynnedslag, vulkansk aktivitet, uforsiktige menneske og eldspåsetjing.


El Niño, heitebølgjer og tørke bidreg til at det blir fleire og større skogbrannar. Likevel kjem 90% av alle skogbrannar av menneskeleg aktivitet.[1] Dette kan vere eldpåsetting, uforsiktig omgang med eld ved f. eks grilling, gnistar frå jarnbane eller annan næringsverksemd.




Innhaldsliste






  • 1 Bakgrunn


  • 2 Oppførsel


  • 3 Førebygging


    • 3.1 Skogbrannovervaking


    • 3.2 Skogbrannkanal




  • 4 Slokking


  • 5 Etter brannen


  • 6 Skogbrannar i verda


    • 6.1 Noreg




  • 7 Sjå òg


  • 8 Kjelder





Bakgrunn |




Skogbrann i fjellet i Jackson, Wyoming


Så godt som alle skogbrannar kjem av ei eller anna form for menneskeleg aktivitet. På grunn av dette blir det ekstra stor brannrisiko i varme og tørre område. I einskilde tilfelle står òg pyromanar bak.


Aukande bruk av tekniske hjelpemiddel og maskiner utgjer òg ein brannfare. Det same gjer aukande krav til produktivitet. I dei seinare åra har togbremsar starta fleire skogbrannar. Òg elektriske leidningar som fell ned er eit problem.


Lengre tørkeperiodar blir ofte avslutta med eit torevêr. Torevêr oppstår ofte samstundes med kraftig nedbør. Av og til oppstår det likevel «tørre torevêr». Det vil seie at nedbøren uteblir. I slikt vêr er risikoen stor for påtenning, ofte på fleire stader på same tid. Dei blir vanskelege å sløkke.


Skogbrannar finst mange stader i verda, spesielt der klimaet er fuktig nok til å gje grunnlag for vegetasjon, men har lange tørkeperiodar om sommaren og hausten. I tørkeperiodar blir lauv og greiner som har falle på bakken ekstra brennbare, og sjansane for skogbrann aukar. Dagar med sterk vind aukar òg faren for skogbrann.


Sjølv om skogbrannar kan virke destruktive er dei òg ein naturleg del av økosystemet. Nokre planter har utvikla seg slik at dei overlever brannar ved hjelp av ulike strategiar. Dei kan ha reserveskot som sprett ut etter brann, andre har flammemotstandige frø. Nokre plantar, som eukalyptusplanta, har til og med brennbare oljer i blada. For desse plantene er skogbrannar ein måte å eliminere konkurransen frå mindre flammemotstandige planter. I 2004 oppdaga forskarar at røyken frå brennande planter faktisk fremja spiringa hos andre typar planter. Dei fleste dyra er òg flinke til å overleve brannar.




Forkola landskap etter ein skogbrann


Ved fleire tilfelle har skogbrannar årsaka store skadar på private og offentlege bygg, samt dødsfall, spesielt når dei nærmar seg utkanten av urbaniserte område.


Etterverknadene av ein skogbrann kan òg vere katastrofale. Ein stor skogbrann brenn ned planter og tre som hindrar erosjon. Viss det regnar kraftig etter ein slik brann kan det kome jordras eller flaumar. Då kan område òg utanfor brannsonen råkast, både ved at hus og eigedommar vert øydelagde, og ved at vasskvaliteten på elvar og bekkar ringast.


Dei tidlegaste skogbrannane vi har klart å datere går så langt tilbake i tid som til devontida (om lag 365 millionar år sidan)[2].


I Noreg har mengda skogbrannar gått ned dei siste 25 åra. Årsaker til dette kan vere eit fuktigare klima, betre sløkkeutstyr og betre vegnett slik at tilløp til brann kan sløkkast mykje tidlegare.



Oppførsel |


Fordampninga av vatn frå planter blir balansert av vatn som vert absorbert av jordoverflata. I tørkeperiodar blir denne balansen forstyrra, og idet planter tørkar inn og døyr gjev dei frå seg etylengass. Konsekvensen av dette er at lufta inneheld brennbare gassar samstundes som den uttørka vegetasjonen er uhyre brennbar.


Spreiinga av skogbrann har tre mekanismar:



  • «Krypande» brann: brannen spreier seg gjennom dei lågare vegetasjonslaga (til dømes lyng og buskar).

  • «Kronebrann»: brannen spreier seg til toppen av vegetasjonen (trekronene). Ein slik brann kan spreie seg utruleg raskt, særleg i periodar med vind.

  • «Hoppande brann»: Brennande kvister og lauv blir bore av vinden og startar ein ny brann ein annan stad. På denne måten kan brannen spreie seg over vegar, elver og branngater.


Sør i California bidreg Santa Ana-vinden til at skogbrannar spreier seg med valdsam fart. Ein brann kan røre seg opp til 60 kilometer på ein dag, og han kan fortære opp mot 4 km² med vegetasjon i timen. Glør og brennande vegetasjon spreier seg utan pause og hoppar over branngater utan problem. Dette gjer desse brannane svært vanskelege å nedkjempe. I tillegg kan oppdrifta som brannen skapar trekkje til seg luft frå dei omkringliggande områda og dermed skapar skogbrannen sin eigen vind som er med på å forsterke brannen ytterlegare. Slike vindar blir gjerne kalla eldstormar.


Franske skogbrannmodellar seier at ei brannfrontlinje vil ha form som ei pære, men hovudsakleg på linje med vindretninga. Det blir estimert at brannar i Frankrike vil spreie seg med ein fart på 3% til 8% av vindhastigheita, avhengig av vegetasjonstype og -tettleik og terreng. Andre modellar seier at forma vil vere elliptisk når terrenget er flatt og vegetasjonen er homogen.


Skogbrann i kupert terreng vil spreie seg langt fortare i oppoverbakke enn nedoverbakke. Difor kan det vere aktuelt å lage branngater der brannen må spreie seg i nedoverbakke. Elver, vatn og myrar vil ofte danne hindringar for flammene som kan nyttast i brannsløkkinga.


Ein annan type skogbrann er ulmebrann, der overflatematerial forbrenn utan å skape flammar. Glørne spreier seg sakte, men sikkert, og kan halde det gåande i dagar og veker etter at flammene har gjeve seg. Slike brannar kan gje stor luftforureining, samstundes som det varmar opp bakken og påverkar røter og frø under bakken.



Førebygging |




Skilt som viser farenivå for skogbrann i New Mexico. Når nivået er på raudt blir det raude flagget hengt på.


I Noreg er det lovfesta at alle skogbrannar skal sløkkast, og i mange tiår var det òg vanleg politikk i USA at alle skogbrannar skulle nedkjempast. På 1960-talet vart det sådd tvil om dette var rett av denne tankegangen. Det viste seg då at ingen nye mammuttre hadde vakse opp i California, fordi brann var ein viktig del av livssyklusen til treet. Dei gjekk i staden inn for kontrollerte brannar for å redusere vegetasjonen i feltsjiktet og busksjiktet i skogen. Dette gjorde skogane meir framkommeleg for jegerar og turgåarar, samstundes som det reduserte mengda av brennbart material til nye brannar. Fordelen med kontrollerte brannar er at ein kan tenne dei når vêret er eigna slik at ein ikkje mistar kontrollen.


Menneske som bur i utsette område set i verk ulike tiltak for å avgrense skadeomfanget i tilfelle skogbrann. Val av material for husbygging, rydding av området rundt husa (både fjerning av brennbart material og rydding av branngater) og diverse former for brannsløkkingsutstyr er viktig for desse menneska.



Skogbrannovervaking |


Røyk frå bål og små skogbrannar er mogeleg å sjå på mange mils avstand frå småfly i klårt og stille vêr.


I Noreg er skogbrannovervakinga organisert i eit samarbeid mellom kommunane i kvart fylke og NAKs Flytjeneste. Vanlegvis har skogbrannflyet kontakt med ein brannvaktsentral i ein av dei største kommunane til fylket.


Cessna 172 er flytypen som er mest brukt i skogbrannovervakinga i Noreg.


Skogbrannovervakinga har to ulike typar utrykkingar for flyklubbane. Når det er tørt vert det flydd ei fastsett rute, gjerne i stor høgd, for å sjå etter røyk. Dersom det er ekstremt tørt kan det vere aktuelt å fly ruta fleire gonger dagleg. Desse rutene er lagt inn i datasystemet som blir nytta av flygeleiaren for det aktuelle området. Ved observasjon av røyk eller eld, vert brannstaden lokalisert med kartreferanse, og meldinga vert gjeven til brannvakta. Det er viktig å skildre beste framkome til området og rettleie brannbilane rett veg. Moglege vasskjelder vert skildra.


Den andre typen utrykking er når det er observert røyk på avstand som er meldt til brannvesenet. Då blir småfly sendt opp for å lokalisere og assistere som skildra ovanfor. Dersom brannvesenet rykker ut på grunnlag av bakkeobservasjonar, har det skjedd at dei har hamna langt unna brannen og har brukt lang tid på å kome seg til rett stad.


Frå midten av 90-talet har òg ein finsk satellitt brannovervaka Sør-Noreg og andre nordiske land.



Skogbrannkanal |


Ein eigen radiokanal på VHF bandet vert nytta av skogbrannflya, brannmannskapa, skogbrannhelikoptera, brannvakta, ambulansar og politiet. Kanalen er òg lagt inn som standard på helseradioar.


Kanalen er ein ein-frekvens kanal som òg gjev forstyrring mellom to skogbrannfly.
Ein to-frekvens skogbrannkanal med basestasjons-gjennomsnakk i flyet kunne gjeve alle handapparat på brannstaden same rekkjevidd som flyradioen, og det ville fjerne forstyrringar mellom skogbrannfly ved kvar skogbrannen.


Når det digitale nye naudnettet basert på Tetra radiostandard vert innført, vil desse problema forsvinne, sidan apparata automatisk kan fungere som link for andre apparat utan radiodekning til samarbeidande radioar og til basestasjon. Tetrastandarden gjev høve for å definere gruppa med radioar som skal ha kontakt.



Slokking |




Ein C-130 Hercules slepp flammehemmande kjemikaliar over ein skogbrann i California


Sløkking av av skogbrannar representerer heilt spesielle utfordringar for brannmannskap. Framkomme og omfang gjer arbeidet ekstra vanskeleg. Likevel har dei fleste utsette område no spesielle avdelingar som trenar på skogbrannar og som er utstyrt med det utstyret som trengst for å nedkjempe ein skogbrann. Mannskapet blir gjerne delt opp i ulike avdelingar, der ei avdeling flyr inn til vanskeleg tilgjengelege område for å sløkke småbrannar og rydde branngater med motorsag og anna lett utstyr. Desse blir gjerne kalla eit rask åtaksavdeling, fordi dei kan reagere kjapt og er særs effektive for å hindre spreiing. Ein anna avdeling køyrer inn i retning brannen med tyngre utstyr for å rydde større branngater slik at ikkje brannen skal spreie seg vidare når han kjem dit.




Eit helikopter fyller vassbøtta si i eit symjebasseng før det flyr inn for å sleppe vatnet over ein skogbrann utanfor Napoli i Italia.


Dei raske åtaksavdelingane blir ofte rekna som elitestyrken innan brannsløkking, sidan dei nokre gonger må bruke ukonvensjonelle metodar. Viss brannen er i spesielt bratt terreng eller eit område med tett skog må dei rappellere ned frå helikopter. Dersom brannen er i eit avsidesliggande område kan det òg vere aktuelt å nytte fallskjerm for å kome fram.


I tillegg til bakkemannskap disponerer brannvesenet ofte helikopter og vassbombefly som er spesialutstyrt for sløkking av skogbrannar. Desse kan nå område som er utilgjengelege for bakkemannskap og kan sleppe store mengder vatn eller flammehemmande kjemikaliar over eit større område.



Etter brannen |


I åra etter ein skogbrann skjer ein nedbryting av daudt material, der forkola tre nyttar frå 10 til 25 år på å forsvinne. I tidlegare tider har ein ofte satsa på å fjerne slikt og plante ny skog.


Mange stader har ein i dag late brunne skog stå som studiefelt for ulike forskingsprosjekt. Ein del stader langs norske vegar vil ein på rasteplassar nær desse felta finne informasjonstavler som fortel om desse prosjekta.



Skogbrannar i verda |




Skogbrannar på Balkan seint i juli 2007 (NASA-bilete)


Statistikk over årlege skogbrannar i verda

Kvart år brenn det ned:




  • Frankrike: 211 km², 0,04 % av territoriet


  • Portugal:

    • 1991 : 1820 km², 2 % av landet

    • 2003 : 4249 km², 4,6 % av landet; 20 døydde;

    • 2004 : 1205 km², 1,3 % av landet

    • 2005 : 2864 km², 3,1 % av landet; 17 døydde;

    • 2006 : 724 km², 0,8 % av landet; 10 døydde;




  • USA: 17 400 km², 0,18 % av landet

  • Indonesia. Kjelder: før 1997 frå Indonesian Environmental Impact Management Agency (BAPEDAL) og Canadian International Development Agency (CIDA) - Collaborative Environmental Project in Indonesia (CEPI). 1997/1998 frå Asian Development Bank (ADB). Frå 1999: Indonesisk skogsdepartement.


    • 1982 og 1983: 36 000 km²


    • 1987: 492 km²


    • 1991: 1 189 km²


    • 1994: 1 618 km²


    • 1997 og 1998: 97 550 km²


    • 1999: 440,90 km²


    • 2000: 82,55 km²


    • 2001: 143,51 km²


    • 2002: 366,91 km²


    • 2003: 37,45 km²


    • 2004: 139,91 km²


    • 2005: 133,28 km²





Noreg |


«[D]en største brannen i Norge siden[3] andre verdenskrig» var skogbrannen i Froland i 2008, da «nærmere 30.000 mål» brant, skreiv VG i 2018.[4]



Sjå òg |



  • Peshtigo-brannen

  • Eld

  • Eldstorm

  • Pyrocumulus



Kjelder |





  1. www.skogbrand.no (pdf)


  2. GeoScience World


  3. https://www.dagbladet.no/nyheter/ti-ar-siden-storbrannen-pa-froland---ser-fortsatt-ut-som-et-manelandskap/69874706



  4. Amund Bakke Foss (03.06.2018). «Lever på fem kvadratmeter for å beskytte Østlandet mot skogbrann». VG. 




  • Denne artikkelen bygger på «Skogbrann» frå Wikipedia på bokmål, den 23. september 2010.

    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:










Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029