Falmouth
Falmouth | ||
---|---|---|
kornisk | Aberfal | |
Hamna i Falmouth | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Cornwall | |
Distrikt | Cornwall | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) | 21 635 | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | TR11 | |
Telefon-retningsnummer | 01326 | |
Nettstad: www.falmouth.co.uk | ||
Commons har multimedia som gjeld: Falmouth |
Falmouth (kornisk: Aberfal) er ein hamneby på sørkysten av Cornwall i England. Han heitte opphavleg Peny-cwm-cuic, som vart forvanska til Pennycomequick. Det noverande namnet kjem av at han ligg ved munningen til elva Fal.
Hamna til byen utgjer saman med Carrick Roads den tredje største naturlege hamna i verda. Hamna er kjent for å ha vore utgangspunktet for fleire kjende jordomseglingar, mellom anna sir Francis Chichester og dam Ellen McArthur sine rekordferder.
I nyare tid har byen vorte mindre viktig som maritimt senter, og den viktigaste næringsvegen er no turisme. National Maritime Museet Cornwall vart opna i byen i februar 2003.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Falmouth» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juli 2011.
|