London Borough of Newham
Newham er ein bydel i det austlege London. Det blei oppretta i 1965 ved at krinsane East Ham og West blei slått saman. Green Street markerer grensa mellom dei to delane. North Woolwich blei også ein del av distriktet; dette området blei flytta over frå Woolwich. Distriktet blir leia av ein direktevalt borgarmeister, men er også underlagt Stor-London.
Newham grensar mot bydelane Barking and Dagenham i aust, Greenwich i sør, Hackney og Tower Hamlets i vest og Redbridge i nord. Tre av grensene blir markert av elvar: Roding (aust), Themsen (sør) og Lee (vest).
Bydelen høyrer til det ytre London, ettersom det ikkje låg i det gamle grevskapet London. Samstundes slit den med dei same problema som bydelane i indre London, utan å få dei økonomiske overføringane som desse bydelane får. Bydelsrådet arbeider derfor for å få omdefinert grensa slik at Newham blir rekna med i indre London, eller i det minste at det blir gitt same støtteordningar.
Etter konstruksjonen av Docklands Light Railway (DLR) og utvidinga av Jubilee-linja har kollektivtilbodet i Newham blitt svært mykje betre enn det var tidlegare. Channel Tunnel Rail Link skal få stoppestad i Stratford, og Crossrail er meint å skulle tene området. London City Airport ligg i Newham.
Newham er ein av fem bydelar som skal vere vertskap for Sommar-OL 2012.
Stader i Newham |
- Beckton
Canning Town, Custom House
- East Ham
- Forest Gate
- Little Ilford
- Manor Park
- North Woolwich
- Plaistow
Silvertown, Stratford
- Upton Park
- West Ham
Bydelane i London | |
---|---|
Barking and Dagenham · Barnet · Bexley · Brent · Bromley · Camden · City of London* · Croydon · Ealing · Enfield · Greenwich · Hackney · Hammersmith and Fulham · Haringey · Harrow · Havering · Hillingdon · Hounslow · Islington · Kensington and Chelsea · Kingston upon Thames · Lambeth · Lewisham · Merton · Newham · Redbridge · Richmond upon Thames · Southwark · Sutton · Tower Hamlets · Waltham Forest · Wandsworth · Westminster |
|