Ludvig Harboe




















Ludvig Harboe

Ludvig Harboe.jpg

Fødd
16. august 1709
Broager
Død

15. juni 1783
København


Yrke
prest, teolog

Ludvig Harboe (16. august 1709–15. juni 1783) var ein dansk historikar og geistleg, biskop i Trondheim stift 1746–48, frå 1757–83 i Sjælland stift.


Foreldra hans var prost Johannes Harboe og Marie, fødd Petersen.



Utdanning og arbeid |


18 år gammal var han send til gymnaset i Hamburg. Sidan studerte han ved universiteta i Rostock, Wittenberg og Jena før han vende heim til Broager for å fullføre dei teologiske studia, før han i 1735 reiste til København.


Frå 1738 gav han i lag med Jacob Langebek ut Dänische Bibliotek oder Sammlung von alten und neuen gelehrten Sachen aus Dännemark. I 1738 vart han prest, først som tysk kapellan ved Garnisonskirken i København.


Frå 1741 til 1745 var han visitator på Island. Formålet var å skaffe pålitelege opplysningar om dei kyrkjelege tilhøva på Island, å innføre konfirmasjonen og å ta i bruk Pontoppidans forklaring til Luthers katekisme.



Biskop |


I 1743, medan Harboe var på Island, vart han utnemnd til biskop i Trondheim. Etter å ha blitt vigsla til biskop kom han til Trondheim i 1746. I breva til
Kyrkjekollegiet påtalte han mange usømmelege folkeskikkar, og som han aktivt stridde mot. I løpet av dei to åra som biskop, visiterte han det meste av stiftet, heilt opp til Vardøhus.


I 1748 reiste han attende til København og gifta seg der med bispedottera Frederikke Louise Hersleb (1720–1780). Han vart biskopens assistent, og då denne døydde i 1757, vart han utnemnd til ny biskop.


I 1777 fekk Harboe og Ove Høegh-Guldberg i oppdrag å leie arbeidet med å utforme ei ny salmebok. Denne Guldbergs salmebok vart særprega ved at ein tredel av salmane var skrivne av Birgitte Cathrine Boye.



Kjelder |



  • Biografi Dansk biografisk leksikon, tillige omfattende Norge for tidsrummet 1537-1814, Udgivet af C. F. Bricka, 19 bd, Gyldendal, 1887–1905




Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum