Middelhavet




Mediterranean Relief.jpg

Middelhavet (tidlegare også kalla Mellomhavet og Midhavet) er eit innhav mellom Europa og Afrika, med Vest-Asia i aust og Atlanterhavet i vest. Landa som ligg rundt Middelhavet har hatt mykje å gjera med kvarandre gjennom historia, og me kallar dei gjerne middelhavslanda.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Klima


  • 3 Namngjeving


  • 4 Middelhavsland


  • 5 Øyar i Middelhavet





Geografi |


Havet er knytt til Atlanterhavet gjennom Gibraltarsundet, til Svartehavet gjennom Bosporos, og til Raudehavet gjennom Suezkanalen. Fordi det har svært tronge sambindingar med dei store verdshava er det små tidevassforskjellar i Middelhavet, og havet er relativt roleg.


Middelhavet har ei flatevidd på 2.965.000 km² og ei gjennomsnittleg djupne på 1.430 meter. Den største djupna er 5.267 (36°34' N, 21°08' O) meter. Delar av havet har fått namna Adriahavet, Det tyrrenske havet og Egearhavet.






«Naar ein fer Sjovegen sud-etter so langt som til
Sudsida av Spania, so kjem ein til ein ovlege stor
Fjord, som gjeng umkring som 500 Mil inn i Landet
og som er kallad Midelhavet (elder Midlandshavet).
Denne Sjoen er som eit Skilmerke fyre tri store
Deilder av Fastlandet; dei Landi, som liggja nordanfyre,
hava fenget Namnet Europa; Landi paa Sudsida
heita Afrika, og den store Landmuga austanfyre desse
tvo Deilderna heiter Asia elder Austerland.»



Ivar Aasen
Heimsyn, s. 223




Klima |


Sjå òg Middelhavsklima

Områda rundt heile havet har våte vintrar og varme, tørre somrar. Særskilde avlingar ein kan dyrka i heile middelhavsregionen er oliven, druer, appelsiner og andre sitrusfrukter, og kork.



Namngjeving |


Middelhavet har fått namnet sitt fordi det ligg midt mellom to land. På andre språk er dette endå tydelegare; fransk Mediterranée tyder sjøen mellom landa. Av romarane blei han gjerne kalla Mare nostrum, havet vårt.



Middelhavsland |



  • I nord: Spania, Frankrike, Monaco, Italia, Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina, Montenegro, Albania, Hellas og Tyrkia

  • I aust: Syria, Libanon og Israel

  • I sør: Egypt, Libya, Tunisia, Algerie og Marokko



Øyar i Middelhavet |




  • Kypros, Kreta, Évvia, Kos, Náxos og Ródos i aust


  • Sardinia, Korsika, Sicilia og Malta sentralt i havet


  • Ibiza, Mallorca og Menorca i vest





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum