Egersund

















































Egersund
stad

Egersund panorama small.jpg

Egersund, utsikt frå Varberg.
Foto: Jon Magne Bøe


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Rogaland

Kommune

Eigersund

Areal
6,62 km²

Folketal
11 519 (2017)
Folketettleik

1 740 / km²



Postnummer
4370 EGERSUND

Preposisjon

i Egersund


Wikimedia Commons: Egersund


Egersund er ein by på det norske Sørvestlandet, i Rogaland fylke, med 11 519 innbyggjarar per 1. januar 2017. Egersund vart ladestad 1798, og frå 1965 er han sentralstad i Eigersund kommune.


Byen var før kjend for fajansefabrikken Egersunds Fayancefabrik, som vart etablert i 1847 og lagd ned 1979. Byen ligg ved sjøen og har mykje verksemd knytt til hamna, mellom anna fiskeri, og dei siste tiåra har verksemd knytt til oljeutvinninga i Nordsjøen vorte ein viktig del av næringslivet.


Egersund har ein jarnvegsstasjon, slik er byen knytt til Jærbanen og Sørlandsbanen.




Innhaldsliste






  • 1 «Okka by»


  • 2 Namna Egersund og Eigersund


  • 3 Egersund i Dalane


  • 4 Sjå òg


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





«Okka by» |


På folkemunne vert Egersund kalla «Okka by». Nemninga kjem av at det lokale talemålet merkjer seg ut med at ein seier «okka» i staden for «vår». «Okka by» tyder altså «vår by». Kommunen brukar nokre gonger slagordet «Okka by e dokka by».



Namna Egersund og Eigersund |


Namna «Eigersund» og «Egersund» har utgangspunkt i det norrøne/gamalnorske namnet «Eikundarsund».
«Eikund» tyder «øya som er rik på eik», altså Eigerøy. Endinga «sund» syner til skipsleia mellom fastlandet og øya. Området har hatt mykje eikeskog, og eit eikeblad har og vorte vald som kommunevåpen.



Egersund i Dalane |


Egersund ligg i Dalane-regionen sør i Rogaland, sør for Jæren. På mange vis er Egersund by ein slags «hovudstad» i Dalane. Dalane omfattar kommunane Bjerkreim, Eigersund, Lund og Sokndal.
Avisa Dalane Tidende har hovudkontoret sitt i Egersund. Dalane folkemuseum har to avdelingar i Egersund. Ei avdeling er Egersund Fayancemuseum, medan hovudutstillinga er eit folkemuseum.



Sjå òg |


  • Tettstader i Rogaland


Kjelder |



  • SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Rogaland»



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Egersund





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum