Armensk
Armensk (Հայերեն Hayeren) | ||
Klassifisering: | Indoeuropeisk Armensk | |
Talarar: | armenarar | |
Bruk | ||
Tala i: | Armenia Aserbajdsjan Georgia Iran Nagorno-Karabakh Russland Tyrkia og i den armenske diasporaen | |
Armensktalande i alt: | 3 400 000 i Armenia, 6 700 000 til saman alle land[1] | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | hy | |
ISO 639-3: | hye | |
Wikipedia på armensk |
Armensk er eit språk i den indoeuropeiske språkfamilien. Det blir tala av armenarar i fleire land, og er offisielt språk i Armenia. Det blir talt av rundt 3,5 millionar menneske i Armenia og i spreidde koloniar i Kaukasia og Midtausten.
Armensk utgjer ei eiga grein av den indoeuropeiske språkfamilien. Moderne armensk fell i to hovuddialekter: austarmensk i Armenia og vestarmensk i Tyrkia, der det for det meste er vorte utrydda, og i emigrantkoloniar i Midtausten.
Armensk har sitt eige skriftspråk som blei utvikla på 400-talet. Det armenske alfabetet inneheld 8 vokalteikn og 30 konsonantteikn. Alfabetet blei ifølgje tradisjonen skapt på grunnlag av det greske alfabetet av biskop Mesrop (d. 440), som òg skal ha skapt det georgiske og alfabetet til dei kaukasiske albanarane.
Kjelder |
«armensk» i Store norske leksikon, snl.no.- Denne artikkelen bygger på «Armensk» frå Wikipedia på bokmål, den 18. november 2010.
Fotnotar
↑ Tal frå Ethnologue
Bakgrunnsstoff |
Commons har multimedia som gjeld: Armensk
Indoeuropeiske språk | |
---|---|
albansk · anatolisk · indoiranske · greske · italiske · keltiske · germanske · armensk · tokariske · slaviske · baltiske |
|